fredag 12. mai 2023

Relikviar

 Innlegg i ordskifte om relikviar i Vårt Land. Vart ikkje trykt.


I ordskiftet om relikviar er det eit viktig poeng som ikkje har kome heilt klårt fram. I den antikke verda var det dominerande synet dualistisk, materien og dermed kroppen var mindreverdig og heilt skild frå det andelege. Når Gud går inn i materien og blir menneske bryt det fundamentalt med dette synet. Gjennom  inkarnasjonen, innstiftinga av nattverden, krossfestinga og Kristi oppstode får vi ei heilt ny verdsetjing av materien generelt og den menneskelege lekamen spesielt. Det har gjennom heile kyrkehistoria vore ein fare for å havna i ei andeleggjort vranglære (gnostisisme) der det kroppslege kjem i bakgrunnen. Relikviar har hatt ein plass i gudsdyrkinga like frå aposteltida ( Apostelgj. 19.12), og i urkyrkja slik det er referert om biskop Polycarp av Smyrna. Han lei martyrdøden på bålet i år 155, i etterkant samla dei truande opp oska. Relikviar er kroppsrestar av heilage kvinner og menn, og sjølv om vi  finn relikviedyrking i andre religionar, er det nærliggjande å sjå den kristne vørdnaden for relikviar som ein følgje av den frelseshistoriske oppgraderinga av kroppen. Relikviar er ikkje magiske amulettar som vi kan tilbe, men teikn som vi viser ære og dermed hjelper oss i  den hårfine balansen mellom det andelege og det kroppslege, for  slik  ikkje å enda  opp i ein gnostisk prega  kristendom!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar