mandag 28. november 2022

Krigen i Ukraina - Folkemord ?

 Russlands angrepskrig mot Ukraina har stått på i ni månadar og det er ikkje usikter til fred med det første.  Pave Frans har fleire gonger gått ut og bedt om fred og slutt på krigen, men han har vore relativt forsiktig når det gjeld å fordømma Russland eksplisitt. I sin audiens forige onsdag var han klart skarpare i sine ord då han samanlikna krigen med den hungersnauden som ukrainarane vart utsett for i 1932 -33, altså for nitti år sidan i desse dagar. Ukrainarane reknar denne sveltkatastrofen som folkemord påført dei av Stalin og det kommunistiske regimet. Svelkatastrogen har fått navnet Holodomor og det er formelt sytten land som omtalar dette som folkemord. Sovjetstyret nekta sjølvsagt for at dette var ein påført sveltkatastrofe der mellom tre og fire millionar ukrainarar omkom. Russland nektar framleis for at dette var folkemord. Ukraina var eit rikt jordbruksland som det også er i dag, men tvangskollektiviseringa på 1920 -30 talet  førte til ein drastisk nedgong  i matproduksjonen. Stalin brukte medvite svelt som våpen mot dei sjølveigande bøndene, dei såkalla kulakkane. Dei vart oppfatta som kontrarevolusjonære og mange vart og direkte henretta av dei raude.

Folkemord er eit omdiskutert omgrep, og det er vel kanskje bare holocaust som det er semje om var eit folkemord. Men Vatikanet gjekk alt i 2004 ut med ein doktrine som inkluderte både jødar, armenarar og ukrainarar som offer for folkemord. Russland opptrapping av krigen med åtak på sivile mål har nok medverka til at paven no er klart skarpare i sin kritikk av landet. At det vert samanlikna med Holodomor har ein nok merka seg i Russland. Samstundes er dette ein vanskeleg balansegang der Vatikanet nok ikkje har gjeve opp vona om å kunna arbeids i kulissane for fred. Men akkurat no ser det mørkt ut.


Den utsvelta ukrainske jenta. Holodomor minnesmerket i Kyiv.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar