lørdag 5. november 2022

Allesjelers dag

Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv eller dyre steinar, med tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong visa seg kva slag arbeid kvar einskild har gjort. Herrens dag skal gjera det klårt, for den dagen blir openberra med eld, og elden skal prøva det kvar einskild har gjort. 14 Om det byggverket nokon har reist, blir ståande, skal han få si løn; 15 om det brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han bli frelst, men berre som gjennom eld. " ( 1. Kor 3;12-15

Slik skriv Paulus i 1. Korinterbrev, teksten for Allesjelers dag 2. november,, dagen etter Allehelgensdag. Wilfrid Stinissen har ei fin preike for denne dagen der han forklarar læra om Skjærselden. Mellomalder kyrkjene hadde gjerne eit våpenhus som ein kom inni før sjølve kyrkjeromet, her kunne ein setja frå seg dei våpen folk bar med seg i desse ofte valdelege tider. Broder Wilfrid samanliknar Skjærselden med dette våpenhuset. Det er logisk at vi må avvepnas før vi får tilgong til Himmelen. At det må finnast ein Skjærseld, ein stad å bli rensa for dei som enno har ein del våpen på seg, dvs. motstand mot Gud, det har alltid vore Kyrkjas lære. At vi kan be for dei døde var omtala alt i jødedomen(Makkabearbøkene), og dei første kristne samla seg på martyrgravene for å be. Ved å be for dei kan vi letta denne rensande overgangen. Synda dei ber på er å ikkje bry seg om Gud, å ikkje sleppa han fullstendig inn i sine liv.

Omgrepet Skjærseld får oss til å tenka  på eit hav av eld, ein straffedom som dei arme syndarane må sona. Men slik er det ikkje, eg siterar broder Wilfrid:" Den eld som själarna "skäras", dvs. renas i är ju Guds kärleks eld. Skärselden  är Gud själv som innvaderar människan och bryter ned all motstånd. Det som Gud inte helt lyckades med så länge människan levde på jorden, det förmår han nu."

I kvar messe ber Kyrkja for dei avlidne, dei som har sovna inn i vona om oppstoda. Det er ein slags solidaritet mellom døde og levande. Kyrkja veit at våre bøner kan framskynda deira rensing, og vår kjærleik kan utfylla det som enno manglar i deira kjærleik. Kanskje kan dette synast paradoksalt, men heng saman med Kyrkjas lære om at vi alle er del av ein stor lekam, Kristi lekam.

"Om vi tycker att det är besynnerligt att vår kärlek kan ta bort en annan människas egoism, är det nog för att vi inte riktigt fattat hur innerligt förenade vi är med varandra. Vi bildar tilsammans en stor organism, en enda kropp. I en sund kropp verkar alla organ och alla celler för kroppens bästa."




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar