fredag 4. november 2022

Forfattarar frå Kvinnherad

 Innlegg i Dag og Tid 28.oktober.

Tre favorittar: Forfattarar frå Kvinnherad

1.Jens Tvedt ( 1857 – 1935)  var fødd  og vaks opp i Omvikdalen i Kvinnherad. Han gjekk på lærarseminaret på Stord, her var han med å stifta mållag, og vart seinare ein ihuga nynorskmann. Han debuterte i 1885 med ei novellesamlinga, seinare skreiv han vel 25 bøker ved sida av arbeidet som lærar og  bibliotekar i Stavanger. Bøkene hans er for det meste realistiske skildringar av livet i vestlandsbygdene. Arne Garborg skal ha sagt at berre to menn kan skriva norsk; Ivar Aasen og Jens Tvedt.

 

2. Ragnvald Vaage ( 1889 – 1966), nyleg omtala i Dag og Tid, var gardbrukar frå Sunde i Kvinnherad. Han var inspirert av ungdomslagsrørsla og grundtvigianismen. Vaage debuterte i 1912 som lyrikar, og gav ut totalt 20 bøker fram til året før han døydde. Det var diktsamlingar og romanar, men han er kanskje mest kjent som barnebokforfattar. «Gutane på Tedneholmen» frå 1923 er ein klassikar. Barnebarnet komponisten Knut Vaage har tonesatt ein del av bestefarens lyrikk.

 

3. Lars Amund Vaage (f. 1952) tok opp arven frå bestefaren Ragnvald  og debuterte som forfattar  i 1979. Faren hadde då alt  bidrege til kulturarven med bygdebøker for Kvinnherad. Seinare har han vist seg som ein svært produktiv forfattar i ulike sjangrar, både romanar, diktsamlingar, dramatikk og barnebøker. Best kjent er romanen «Syngja» basert på erfaringar med  å ha eit barn med  autisme. Han har motteke ei rekkje prisar for  bøkene sine, og er ein høgt verdsett samtidsforfattar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar