torsdag 1. desember 2022

Lasteskipet Donau 26.november

 26.november  var det åtti år sidan lasteskipet Donau la ut frå Oslo med kurs for Stettin i Polen der skipet la til kai 30.november.Om bord var 529 norske jødar som var arrestert av norsk politi dagane før, og kjørt av norske drosjar til kaien der dei av brutale tyske vakter vart jaga inn i lasteskipet! Frå Stettin vart jødane transportert med kuvogner til Auschwitz, der vart alle med unntak av yngre og arbeidsføre menn vart sendt rett i gasskammeret. Bare ni  kom tilbake til Norge i livet, og desse få opplevde at alt dei hadde eigd var borte, ofte kjøpt billeg eller overteke av "gode nordmenn". Det tok svært lang tid før jødane fekk tilbake det som rettmessig var deira.

Det har utan tvil blitt auka fokus på den tragiske lagnaden til dei norske jødane dei siste åra. NRK sin serie“Last jøder” som nyleg er sendt er eit uttrykk for dette. Her fekk vi grundig dokumentasjon og intervju med involverte som den gongen berre var barn. Det er blitt føreslege å gjera 26.november til ein offisiell minnedag, noko eg støttar fullt ut!

Det er lite bilet dokumentasjon frå denn hendinga for åtti år sidan. Fotografen Georg Fossum tok tre bilete som først vart kjent i 1994, det mest kjente viser Donau med ei gruppe menneske i forgrunnen, ein av dei er kanskje lyrikaren Gunvor Hofmo som ser etter si jødiske veninne Ruth Maier som vart arrestert tidleg på morgonen, og sannsynlegvis gassa i hel like etter at ho kom til Auschwitz.Hennar lagnad vart kjent då dagbøkene som Gunvor Hofmo hadde teke vare på, vart utgjeve og etter kvart oversett til ei rekkje språk. Dette var utan tvil takka vera forfattaren Jan Erik Vold. Ein slik enkelt lagnad gjer at denne denne tragiske hendingane kjem nærare inn på oss i all sin gru. Dette var vanlege memmeske som levde  eit liv som alle andre før krigen, og så brått var mishandla og etterkvart drept berre fordi dei tilhøyrte ei særskilt gruppe menneske!


                     26. november

               

  Tidleg november morgon

   nattemørkret er der enno

   og denne fuktige kulden over alt

   dagen ein ikkje vågar å trø inn i

   no når trikken passerar

   Dalsbergstien

   og tida er desse utrevne minutta

   sekstifem år tidlegare

   når du blir rykt ut av

   svevnens rolege mørkre

   og inn i ei mykje djupare natt

   drosjen som ventar på gatehjørnet

   stille gråt

   dei skuldige hendene som grip deg

   tida som ikkje stoppar

   som om dette er ingenting

   som om alle kan leva som før.

                  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar