tirsdag 7. juni 2022

I fotspora til Den heilage Faustina

 Den heilage Faustina var fødd Helena Kowalska og kom frå landsbyen Glogowiec i Polen. Ho var den tredje av ti barn i ein fattig bondefamilie, og kom til verda 25.august 1905. Ho fekk navnet Faustina som ho seinare er kjent under då ho i 1924 gjekk inn i ordenen « Søstre av den salige Jomfru Maria av Barmhjertigheten.»  Faustina var ein visjonær mystiker med djup andeleg innsikt. Mest kjent er hennar Kristus visjon 22.februar 1931, Jesus Kristus skal då ha vist seg for henne og bedt om at det måtte innførast ein spesiell feiring av «Den guddommelige barmhjertighet» på søndag etter påske, og at dette bodskapet skulle spreiast over heile verda. I denne visjonen såg ho Kristus i kvitt og  med kvite og raude stråler som gjekk ut frå hjerteregionen. «Mal eit bilete som viser det du ser med signaturen: « Jezu, ufam Tobie» ( Jesus, eg stoler på deg)». Faustina kunne ikkje sjølv måla bilete, men då ho seinare kom til eit kloster i Vilnius fekk ho via skriftefaren Den salige Mikael Sopocko kontakt med kunstnaren  Eugen Kazimierowski , som måla bilete etter søster Faustinas anvisning. Bilete som er kjent som « Den guddommelige barmhjertighet» vart plassert i kapellet for Ostra Brama ( Morgengryets port) i Vilnius. Seinare vart det flytta rundt omkring inntil det i 2005 fekk sin plass i det vesle kapellet vigd til « Den guddomelige barmhjertighet» sentralt i Vilnius. Kapellet er døgnåpent og her er alltid truande som ber. Bilete er seinare blitt kjent i kopiar over heile verda, og har vorte utgangspunkt for andakt retta til « Den guddommelige barmhjertighet». Første søndag etter påske - Miskunnssøndag- blir dette markert spesielt.

Søster Faustina vart ikkje gammal, ho døydde i 1938 berre 33 år. Ho skreiv heile livet dagbok  med skildringar og refleksjonar over sin visjonar og andelege erfaringar. I 1993 vart ho saligkåra og i år 2000 heilagkåra, begge deler av pave Johannes Paul II som tidleg hadde vorte merksam på henne og nok var ein pådrivar for at saligkåringsprosessen kom i gong. Det er seinare og teke initativ for å utnevna henne til den fjerde kvinnelege kyrkjelærar.

Søster Faustina døydde og vart gravlagt i Krakow, men i Vilnius finn vi og mange spor etter henne. Ho oppheldt seg her i 1929 og frå 1933 - 36, og det var her maleriet av Kristus vart fullført.  Ein kan følgja i fotspora hennar som ei pilegrimsvandring og det er gjeve ut eit lite hefte med kart, bøner og utdrag frå dagboka. « The way of Mercy. In the footsteps of St. Faustina, blessed M.Sopocko and St.Jon Paul II in Vilnius» Pilegrimsvandringa starter ved Ostra Brama og ender i Peter og Paulus kyrkja. På vegen er ein innom kapellet der bilete heng over alteret og dessutan den einaste bygning som står at i klosteret der ho oppheldt seg. Det gjer inntrykk å stå i rommet som var klostercella hennar. Ein kan avslutta vandringa med KGB museet og sjå det martyrium det litauiske folket har opplevd!  Vi har lokalkjent guide som leiar oss i St.Faustinas fotspor og gjev innsikt i hennar andelege veg.


Klosteret der Faustina oppheldt seg 1933-36


Pilegrimsvandringa

Kapellet med det orginale bilete






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar