søndag 19. juni 2022

Corpus Christi

 Vi feirar i dag Corpus Christi eller på norsk Kristi Lekamsfest. Feiringa skriv seg tilbake til 1200 talet, og skal ha sin bakgrunn i den salige Juliana av Mont Cornillon som skal ha hatt ein visjon der ho såg ein fullmåne der det var brekt av eit stykke. Ho fekk i ein ny visjon der ho såg at tydinga var at det mangla ein festdag for Kristi lekam i kyrkjeåret. Frå Liege spreidde denne feiringa seg utover i heile kyrkja, og frå slutten av 1200 talet vart det vanleg med sakramentsprosesjonar gjennom gatene. Ved reformasjonen vart det slutt på dette i Norge, men dei siste året har skikken teke seg opp igjen i mange norske byar. I dag fekk vi endeleg gå i prosesjon igjen etter to års opphald under pandemien. I St.Ansgar vart dagen markert med høgtideleg latinsk høgmesse og så prosesjon med sang på ulike språk frå den verdensvide kyrkja. Undervegs stopp på tre utendørsalter med tilbeding, skriftlesing og bøner. Mange hundre deltok i denne sermonien som primært er ei tilbeding av at Kristus er reellt tilstades i det konsekrerte brødet og vinen,










Thomas Aquinas skriv: «Intet annet sakrament er mer frelsesbringende enn dette.Her vaskes syndene bort, dydene styrkes og sinnet mettes med en overflod av alle slags åndelige nådegaver. Det bæres frem i Kirken både for levende og døde,slik at det som ble innstiftet til alles frelse, kan tjene til alles beste.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar