onsdag 22. juni 2022

Kva Paulus sa og gjorde.

 

Underordning, kva sa og gjorde Paulus ?

Sofie Brauts ytring om underordning i ekteskapet utløyste eit skred av kommentarar inkludert ein politikar som Abid Raja. Eg sit att med to inntrykk, for det første er det i dag vanskeleg  å bli teken på alvor dersom ein hevdar eit konservativt kristent synspunkt, for det andre støttar Paulus ein «underordningstankegang» og sånn sett er han kvinneundertrykkande, men kan  bli gjenstand for «sannferdig nytolking». Det første er eit ikkje overraskande faktum, når det gjeld det andre er det kanskje  meir fruktbart å sjå på Paulus handlingar enn enkelt setningar i skriftene hans ?

Den antikke kulturen der kristendomen  oppstod var eit paternalistisk samfunn der kvinner hadde lite og ingenting dei skulle ha sagt. Det gjaldt særleg den greske kulturen, i litt mindre grad den romerske og jødiske. Jesus braut fundamentalt med dette på den måten han møtte både kvinner og menn. Les ein Apostelgjerningane og Paulus brev litt nøye ser ein at han har same respekt for dei kvinnene  han møter som sin Herre og Meister. Eg har bete meg merke i to skriftstadar som støttar dette.  I Apostelgjerningane 16. les vi om Paulus og Timoteus som kjem til Filippi, dei går utanom bymuren og ned til elva,  dei set seg ned med kvinnene som oppheld seg der og talar med dei. Dei vert kjent med Lydia som bed dei heim til seg, og seinare vert både ho og huslyden døypt. I slutten av Romarbrevet er det ein liten detalj som understrekar det same. Paulus helsar «Føbe, syster vår», ho er diakon og har vore til stor hjelp for mange inkludert Paulus. Vi ser at Paulus samarbeider tett med kvinner i kyrkjekydane, han møter dei med respekt og lyttar til dei. Dette synest å bryta  fundamentalt med datidas syn på kvinnas stilling.

Det er eit historisk faktum at kvinner var i stort fleirtal blant dei første kristne. Det er fleire grunnar til det men, professor Rodney Stark peikar på eit viktig poeng når han skriv: « Kvinner vart i særleg sterk grad trekt mot kristendomen fordi dei der fekk tilbod om eit liv som var så overlegent betre enn det dei elles ville ha levd».(The Triumph of Christianity).

Dette blir eit apropos til debatten om underordning i ekteskapet, men det er eit aspekt eg har savna både i denne debatten og tidlegare ordskifte om Kristendomen som kvinneundertrykkande. Det reiser fleire spørsmål eg kunne  tenkt meg å få teologiske refleksjonar over. Bør vi ikkje slutta å fokusera på setningar som at kvinner skal tia i forsamlinga og heller fokusera på kva Paulus gjorde i praksis? Det blir då nærliggjande åspørja om Paulus var ein av dei store kvinnefrigjerarane i historia ?  Det fører logisk til eit enno større men og meir sensitivt spørsmål: Kan vi i det heile sjå dagens kvinnefrigjering og likestilling uavhengig av ein jødisk-kristen kontekst ?

Frode Thorup,

Kardiolog med interesse for teologi

 (lengre versjon av innlegg i Vårt Land 23.juni)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar