mandag 20. juni 2022

Kirsebærhaven

 Eg vender med jamne mellomrom tilbake til den store russiske forfattaren Anton Tsjekhov, hans dramatikk og hans noveller, begge deler ein viktig del av verdslitteraturen. Eg har tidlegare sett alle hans fire viktige dramatiske verk, Måken, Onkel Vanja, Tre søstre og Kirsebærhaven. Vi hadde no gleda av på ny å sjå Kirsebærhaven, fin forestilling i Kilden med den unge franske regissøren Laurent Chetouane.

Det har vore ein tendens til at klassiske drama blir omarbeidde for å gjera dei meir dagsaktuelle, for Chetouane skal teksten ikkje forkortast, omformas eller kontekstualiseras om ein vil. Teksten har frå forfattarens side ei spesiell meining  som vi ikkje har tilgong til før den gjenoppstår i møte mellom skodespelarane og publikum! Tsjekhovs drama er nok ofte forsøkt omforma til ein meir dagsaktuell versjon, Chetouane er tru mot den opprinnelege utforminga. Eg opplever teksten som tidlaus og absolutt dagsaktuell slik den står frå Tsjekhovs side, sjølv om han skreiv stykket lik etter forige hundreårsskifte. Det hadde premiere 17. januar 1904, og det vart forfattarens siste verk, han døydde vel eit halvt år seinare, berre 44 år gammal.

Er Kirsebærhaven tragedie elle komedie, eller begge deler? For Tsjekhov var det nok meint som ein komedie, men Stanislavskij som første sette det opp ved Kunstnerteateret i Moskva la vekt på det tragiske elementet i stykket, noko forfattaren var klart misfornøgd med! Eg opplever det som ein djupt alvorleg komedie. Det er blitt sagt at det er tre element som utgjer grunntonen i Tsjekhovs verk, for det første ein kvardagsrealisme med dagligdags tale, så ein meir lyrisk og melodiøs form med filosofiske innslag, desse elementa kan så bli avbrotne av reint absurde eller groteske innslag som når Lopakhin dukkar opp i døra og bare rauter som ei ku « Mø-ø».

Handlinga i Kirsebærhaven foregår på eit gods på landet og handlinga strekk seg over fire akter der det tidsmessig er eit par månadar imellom. Som i Tsjekhovs øvrige verk kan personane delast i to grupper, dei fastbuande og dei som kjem på vitjing, handlinga oppstår i spenninga mellom desse personane. Godseierinne Ljubov Ranevskaja kjem saman med dattera tilbake til familiegodset etter å ha budd fem år i Paris, ho reiste i sorg og fortviling etter at den vesle sonen drukna i elva. Broren og adoptivdattera har styrt godset i mellomtida, men økonomien er elendig og dei er forespegla snarleg tvangsauksjon. Lopakhin, ypperleg spelt av Henrik Rafaelsen, er son av ein bonde men har arbeidd seg opp og blitt ein velståande mann.Han foreslår at den store kirsebærhagen blir delt i mindre tomter som kan selgast som sommerhus. Dei adelege eigarane synest tafatte og handlingslamma,  og det ender med at Lopakhin kjøper godset når det går på tvangsauksjon. Sånn sett er stykket eit drama om dei som sit fast i det gamle, i dette tilfellet den russiske adelen som kort tid etter dette var ein saga blott, og dei som veit å omstilla seg og dra personleg fordel av dei ny tider. Om forandring alltid er til det betre er meir usikkert! Stykket sluttar med at godset blir stengt for vinteren, dei gamle eigarane reiser til utlandet fylt med nostalgiske kjensler over det som er over, den nye eigaren dreg til Kharkiv( Ukraina) for å arbeida. Berre den gamle lakeien Firs er att, dei har gløymt han, og etter kort tid døyr han. Eit bilete på at det gamle er over for godt? Dette er hovudtrekket i stykket, men som i all stor kunst utfordrar Tsjekhov oss  med ulike tema og spørsmål. Det er mellom anna formulert av «evighetsstudenten» Trofimov, kva er lukke, kva er kjærleik, korleis lever vi liva vore og korleis burde vi leva? Tsjekhov moraliserar ikkje og han gjev eintydige svar, men vi går likevel klokare heim i junikvelden etter å ha sett dette stykket,






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar