mandag 27. juli 2020

Poetica:lyttande


Lyttande


Julikveld
trø mjukt på sommargrønt
lyttande til rislinga frå bekken
løynd bak dette levande forhenget
siv, villbringebær og brennenesler
under det heile eit uregjerleg teppe
med skvalderkål
eit himmelrike for pinnsvinet
men det  bryr seg meir om brunsneglar
enn songen frå bekken
men eg let tone og harmoni
fylla kvelden
det levande, ikkje nedskreve
likevel det same som i løynde
barndomsstunder
og dei som rørte seg i andre tider
lyttande med denne såre undringa
over songen som held fram
lenge etter at vi har  sovna
inn i den tidlause natta.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar