torsdag 2. juli 2020

De druknede og de bergede

"De druknede og de bergede" (I sommersi e i salvati ) er blitt karakterisert som den italeinske forfattaren Primo Levi sitt etiske testamente. Boka kom nyleg ut i norsk omsetjing ved Margareth Hagen som også har skrebve etterord og ei kort biografisk skisse over Primo Levi som kanskje ikkje så mange i Norge har detaljert kjennskap til. Dreyer forlag gjev også ut hans øvirge hovudverk "Hvis dette er et menneske" og "Det periodiske system".  Alt Primo Levi har skreve spring ut av hans eigne dramatiske livserfaringar frå krigstida som fange i Auschwitz. Han er blitt karakterisert som det viktigaste tidsvitnet ved sida av nobelprisvinnaren Elie Wiesel !

Primo Levi (1919-87) vart fødd i Torino i ein sekularisert jødisk familie, han utdanna seg til kjemiker og arbeidde som det mesteparten av livet. Under krigen var han ein kort periode partisan og vart teke til fange og enda etterkvart opp i Auschwitz frå februar 1944.Han overlevde kanskje hadde han flaks som han sjølv skriv, men det som utan tvil hjelpte han var kjennskap til tysk språk og hans kjemiske kompetanse. Etter krigen skildra han opphaldet i fangeleiren i boka "Hvis dette er et menneske" som i første omgang berre kom i mindre opplag. Ei ny utgåve som var retta spesielt mot ungdom kom i 1958 og stadig nye opplag måtte trykkast, boka vart omsett til mange språk. Han fekk etterkvart ein posisjon som tidsvitne og etisk referansepunkt ikkje bare i etterkrigstidas Italia men også internasjonalt.
Hans utgongspunkt  var naturvitskapen og hans stil var nøktern, realistisk og lite kjenslelada , dette i motsetning til Elie Wiesel.

Sjølv ønkste ikkje Primo Levi  å bli lest berre som tidsvitne, han omtala seg som ein kentaur, han er på ein måte delt i to, det er ein dobbelhet i alt han uttrykkjer. Italienar og jøde, multispråkleg, kjemiker og forfattar, ein fot i den ntaurvitskapelege verda, ein i den humanistiske kulturen. Dette var nok inga ulempe når det gjeld å nå vidt ut med det han hadde på hjerta!

"De druknede og de bergede" kom ut i 1986 året før han døydde. De er ei samling essay  der han anlyserar og reflekterar over alt det som gjorde til at Holocaust kunne gjennomførast så rasjonelt og velorganisert. Samstundes sår han tvil om kva vtitnebyrd dei overlevande kan koma med, for det er berre dei som gjekk til grunne som verkeleg har erfart djupet og kjernen i den ondskapen som gjennomsyra fangeleirsystemet! Her kjem han også inn på og anlayserar den pardoksale skamkjensla som mange av dei overlevande sleit med etter frigjeringa. Eit anna kjenslelada tema er dei av fangane som meir eller friviljug vart hjelparar for tyskarane og enda i ein "gråsone" som også er tittelen på dette kapittelet i boka. Andre tema er minnet og korleis det blir forvrengt, kommunikasjon og språkleg forvirring, stereotypiar og brev frå tyskarar som respons på hans bøker.
Interessant og tankevekkande er kapittelet "Den intellektuelle i Auschwitz". I utgangspunktet klarte dei som berre hadde teke i bøker og papir, og knapt sett ein spade seg dårleg som tvangsarbeidarar, men det viste seg at dei som hadde noko å tru på enten det var Gud eller Stalin klart seg bedre enn dei som ikkje hadde eit livssyn. Han reflekterar også over at dei intellektuell også lett let seg forføra av systemet: "Den intelleketuelle har av natur en tendens til å gå i ledtog med makten, og følgelig å godkjenne den." Det kjenner vi igjen så vel frå nazismens som kommunismens historie!

"De druknede og de bergede" er full av litterære referansar, tittelen er til dømes henta frå Dantes Inferno, og viser at Primo Levi ikkje bare har ein naturvitskapeleg bakgrunn , han har også ein sterk litterær og humanistisk ballast.Dette boble perspektivet gjer det spennande og utfordrande å lesa Primo Levi og hans sentrale bodskap vert aldri uaktuelt. Det er difor naturleg å avslutta med  eit par linjer i etterordet til " Hvis dette er et menneske":

"Dersom det er umulig å forstå det, er det nødvendig å erkjenne det, for det som har vært kan komme tilbake, og menneskenes sinn kan igjen bli forført og formørket, også våre."


                                       Ein kald,våt og viktig dag i Auschwitz-Birkenau 2017

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar