mandag 27. juli 2020

Den salige Titus Brandsma

I dag  27. juli feirar vi minnedagen for den salige Titus Brandsma, karmelitt, filosof og martyr.
Han vaks opp i ein from frisisk familie, som hadde halde fast ved den katolske trua gjennom hundreåra, trass i vanskar og trakassering. Fleire av hans søsken vart nonner og prestar. Titus gjekk inn i den skodde karmelittordenen som 17 åring, han vart prestevia som 24 åring. Han studerte ved Gregoriana universitetet i Roma, og tok doktorgrad i filosofi. Han vart oppteken av Karmels mystikk og oversetta Teresa av Avilas skrifter til nederlandsk, i 1928 stifta han "Institutt for nederlandsk mystikk". Han skreiv ei mengde artiklar og heldt foredrag også i utlandet. Titus Brandsma hadde som mange karemlittar ein sterk kjærleik til Maria - Spes omnium Carmelitarum - alle karmelittars von - som han kalla henne.

I 1935 utnemnde erkebiskopen i Utrecht Titus til andeleg rådgjevar for katolske journalistar. Dette skulle indirekte føra til martyrdøden, for då nazistane invaderte Nederland fem år seinare var Titus klar i sin tale mot  denne destruktive ideologien. Han tok sterkt til orde mot dei anti-jødiske lovene. Nazistane hadde merka seg denne uredde karmelittbroderen og 19. januar 1942 vart han arrestert av Gestapo. 26. juli døyr han i Dachau etter lengre tids tortur og mishandling. Den 6. august ber erkebiskopen fram sine kondolansar til familien:" Han var ein heilag ordensmann.... han gav sitt liv for Kyrkja."
Innan kort tid blir ryktet spreidd om at han er ein heilag mann. 3. novbember 1985 blir han saligkåra av pave Johannes Paul.




"Etterföljelsen av Maria - hon som är den mest upphöjda av alle skapade varelser och som Gud själv ställte fram som en förebild inför våra ögon - viser oss henne som mönster för alla dygder. Hon är den spregel, där vi ständigt skall se oss själva, den moder, som barnen skal likna allt mer och mer."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar