tirsdag 7. juli 2020

Paul Claudel: Dagen vender

"Adjø! Jeg har sett deg for siste gang!
på hvilken lange og møysommelige veier
skal vi nå, langt fra hverandre og likevel
tungt hvilende på den annen,
føre våre sjeler frem gjennom lutringskvaler ?
Husk, husk tegnet !
Og mitt, det er ikke forgjengelig hår i stormen og et lite lommetørkle 
som vifter et stakket øyeblikk,
men keh selv, med alle slør revet tilside,
Jeg, den kraftfulle, luende flamme, mannen opphøyet i Guds
ære og herlighet,
Mennesket i augustsolens stråleglans, den altbesirende ånd i
middagstimens forklarelse!"

Slik er dei dramatiske sluttorda som Mesa uttaler like før han og elskerinna Yse går i døden i Paul Claudels storslått dram "Dagen vender" (Partage de Midi- Middagsskille)
Eg går frå Sigrid Undset til Paul Claudel (1868 - 1955), det er mange forskjellar mellom desse to store forfattarane frå 1900 talet, men det mest sentrale har dei felles: eit katolsk grunnsyn på alt i tilveret og som er basis i såvel livet som i kunsten.

Eg har skreve om Paul Caludel fleire gonger før, ikkje minst har eg vore fascinert av hans plutselege omvending til katolisismen som 18 åring juledag 1886 i Notre Dame katedralen.
Eg sluttar meg til Anders Wyllers ord i hans bok om Paul Claudels dikting frå 1935:
"Der gis megen og forskjellig kristen diktning. Claudels sang lyder høiere, mere fri og mer befriende enn næsten alle individuelle røster som slår op om Kristi kors. Og det øker dens fylde at han begynte så dypt nede og så forpint."
Kva legg han i dei siste orda? Ein annan stad i boka reflekterar han kort over det faktum at Claudel ikkje ønskte at "Dagen vender" skulle framførast før den kom i ein revidert og blodfattig versjon på slutten av 1940 talet. Likesom Hallvart Rieber Mohn skriv i si bok om Claudel nevner han at forfattaren gjennomgjekk ei krise i forkant av at han skreiv dette mesterverket , men dei nevner ikkje i detalj kva denne krisa gjekk utpå. Kanskje avdi dei ikkje visste, eller kanskje av diskresjon ?

I 2017 kom så boka "Lettres a Yse" på Gallimard, etterkvart også i ein sceneversjon. Det er Paul Claudels brev til Rosalie Vetch, ei gift kvinne som han møtte på veg til Kina i 1900 og som var elskerinna hans i fire år. Dei fekk dattera Louise saman, som Paul Claudel først fekk treffa mange år seinare. Rosalie skilte seg frå sin første mann og reiste tilbake til Europa, etterkvart vart ho gift på nytt. Paul Claudel var som besatt av Rosalie og gløymte henne aldri.Han leita febrilsk etter henne og gjekk inn i ei djup krise, ei krise som førte til såvel poesi som "Dagen vender" og "Silkeskoen".
Rosalie tek så kontakt i 1917 og dei treffest etterkvart,Claudel får også møta dattera Louise. Paul Claudel er då ein gift mann med fem barn, og ingen ny relasjon oppstår. Men dei skriv brev til kvarandre like fram til Rosalie døyr i 1951. Hennar brev er stort sett borte, men Claudels er teke vare på av dattera, og no gjeve ut.
På gravsteinen hennar en inngravert eit dikt av Claudel:

" Seule la rose
est assez fragile
pour exprimer I`Eternite"

( Bare rosa
er skjør nok
til å yttrykka evigheten)

Når eg les "Dagen vender" på nytt er det med kjennskap til Claudel dramatiske personlege opplevingar,
Yse og Mesa "er" Rosalie og Paul, difor blir naturleg nok tittelen på brevsamlinga "Brev til Yse".
For dei som ikkje lever i eit katolsk univers der ekteskapet er eit sakrament,er alt dette naturleg nok heilt uforståeleg. Kvifor kunne ho ikkje bare skilja seg og gifta seg med Claudel som på dette tidspunktet var fri og frank? Dei kunne blitt lukkelege reste av livet, men som vi veit er det ulukkeleg kjærleik som gjev inspirasjon til stor kunst !
Kan vi dra noko meir ut av dette enn at eros er ei ekstrem sterk kraft og som Sigrid Undset skriv." Elskoven skaper ingen lover, den bryter alle." Kanskje ikkje, men det gjer diktaren meir menneskeleg, underlagt den samme "la condition humaine" som alle oss andre. Claudel levde og døydde som truande katolikk, syndar ja, men ingen helgen! Hans ulukkelege kjærleik er med på å utfylla bilete av denne store forfattaren.
Hans udødelege verk er det uansett ingen som kan ta frå oss, og når Notre Dame på ny opnar ein gong i framtida skal eg igjen gå fram til staden der han stod juledag 1886 då trua traff han med slik overveldande kraft og som ingenting seinare kunne rokka ved!Der skal eg sitera Magnificat!



September 2019: Eg går langs Seinen og ser på ei brannskadd Notre Dame som betydde så mykje for Paul Claudel men også for meg !
                              ,




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar