lørdag 22. august 2015

Semper Vadentes

Semper Vadentes frå 1905 er eit av kunstnaren Frida Hansen sin hovudverk. Det er for tida utstilt i Stavanger kunstmuseum saman med ei rekkje andre av hennar  monumentale verk, Frida Hansen var fødd i Stavanger i 1855 og døydde i Oslo i 1931. Ho er lite kjent idag, men var i si samtid ein kunstnar som var kjent langt utover vårt lands grenser. I ei tid då få kvinner hadde høve til å gjera karriere etablerte ho seg som ein nyskapande tekstilkunstnar  som deltok  på store utenlandske utstillingar, og vart kjøpt inn til museum og samlingar. Karakteristisk nok starta  karrieren hennar etter at mannen hadde gått konkurs og familien i bokstaveleg forstand stod på bar bakke. Frida Hansen fornya tekstilkunsten med utgongspunkt i gamle handverkstradisjonar, men var og inspirert av nye retningar  som art nouveau, symbolisme og "art and crafts" rørsla. Ho reiste rundt på Jæren og Ryfylke og sette seg inn i gamle plantefargingstradisjonar som ho tok i bruk og vidareførte i kunsten sin.
Frida Hansens verk er hovudsakleg biletvev, men og såkalla transparents  som var ein teknikk ho utvikla og perfeksjonerte. Teknikken vekslar mellom å ha vevde og uvevde parti i bileta.
"Semper Vadentes.Semper Agentes. Semper e natu in vitam ad aeternum. Domine."
(Alltid ildende. Aldrig hvilende. Bort fra vuggen, ud i livet, ind i evigheten.O Herre.)

Fire kvinner går framover berande på kvar sin gjenstand; ei pengeveske, eit lys, eit smykke, ein bukett med blomar. Bilete har blitt tolka sjølvbiografisk, men og som eit eksistensielt uttrykk for dei verdivalg vi alle gjer i livet. Sjølv skriv ho i Morgenbladet i 1907:" Menneskets rastløse Vandring ud mot Evighedens store Hav, som blinker i det Fjerne."

"Melkeveien" fra 1898 er eit anna av Frida Hansen sine hovudverk, Bilete har ein undertekst på hebraisk frå 1.Mosebok 1.15: "Og det skal være til lys på himmelhvelvingen, til å lyse over jorden. Og det blev så."

2 kommentarer:

  1. Etter utstillingen ved Stavanger kunstmuseum i sommar, er "Semper Vadentes", eit av Frida Hansen`s hovudverk, kjøpt inn av museet.

    SvarSlett
  2. Så bra! Det var ei fantastisk flott utstilling. Eg må vedgå at eg var ukjent med kunsten hennar frå før.

    SvarSlett