onsdag 5. august 2015

Gresk blod- et nærbillede av Hellas

Alexander Zlatanos Ibsen : "Gresk blod. Et nærbillede av Hellas." Dreyer forlag 2014.

Kva er det med Hellas ? Landet er nesten dagleg  i media, og stort sette er det negative reportasjar. Krise på krise, økonomisk, sosialt og politisk , dessutan den aukande flyktningestraumen frå aust som Hellas meir eller mindre har gjeve opp å handtera. Landet er i praksis bankerott, er det udugelige politikarar eller eit folk som ikkje let seg styra slik enkelte har hevda ?  Samstundes har vi eit anna og heilt motsatt bilete av Hellas og grekarane, det solfylte og vennlege landet som  vi møter på feriereiser, eit rikt kulturland som hadde filosofar, forfattarar og vitskapsmenn på ei tid då vi levde i grotter og jordholer. Gresk språk har vore med å forma heile vår vestlege kultur, ein kan berre trekkja fram at våre viktigaste heilage skrifter er forfatta på dette språket. Så har vi den greske musikken ikkje minst forlkemusikken som mange set stor pris på. Dei fleste kjenner kjente greske artistar som Mikis Theodorakis, Nana Mouskouri og Maria Callas.

Dette motsetnadsfylte landet er det Alexander Zlatanos Ibsen prøver å gje oss eit lite innblikk i gjennom
boka"Gresk blod. Et nærbillede av Hellas" som kom på Dreyer forlag i fjor.Forfattaren er utdanna sosiolog med ei doktograd frå USA, har er politisk rådgjevar for Høgre si stortingsgruppe. Med gresk mor og norsk far har han dei beste føresetnadar for å gje oss bakgrunnstoff om gresk historie, politikk og kultur. Når han skriv om den politiske situasjonen i landet  knyter han trådar bakover i Hellas turbulente historie for betre å forstå dagens situasjon. Dagens Hellas er forma av ei to -tre tusen årig historie frå antikken, via Romerriket, Det bysantiske kerisadømet, det ottomanske styret fram til frigjeringa på 1800 talet og til slutt 1900 talets dramatiske historie. 1900 talet starta med krigane på Balkan som kulminert med med den gresk-tyrkiske krigen på byrjinga av 1920 talet og den store folkeutvekslinga i 1923 der nesten alle grekarar i Tyrkia vart utveksla med muslimar i Hellas. Heile den fleire tusenårige gresk kulturen i Vesle-Asia vart dermed rykt opp med rota. I Mellomkrigsåra fekk ein Metaxas fasciststyre, og så følgde den tyske okkupasjonen som vart svært brutal . Dei komunistiske partisanane leia motstandskampen og hadde stor oppslutning, etter krigen fekk vi difor ein brutal borgarkrig der regjeringshæren med støtte frå vestmaktene til slutt slo partisanane. I nyare tid fekk vi juntastyret på slutten av sekstitalet, frå 1973 igjen demokrati der PASOK partiet med Andreas Papandreou vart førande for den politiske utviklinga. Alt dette har prega såvel den vanlege grekarar som systemet. Grekarane  er stolt over landet og kulturen sin ,men nærar ein innbitt mistru til politikarar og styresmakter. Det blir også sagt at grekarar har to tidsperspektiv, eit på fleire tusen år og eit på ein til to år, mellomperspektivet på 5-10 år som er nødvendig for ein konstruktiv samfunnsplanleggeing manglar dei heilt ! Alexander Zlatanos Ibsen gjer oss eit spennande innblikk i dette dels som essay om gresk politikk og historie, dels som små intervju og biografiar over kjente og ukjente grekarar. Det gjer at stoffet blir nært og levande.

Eg grip meg merke i omgrepet charmolipi som ein av intervjuovjekta nyttar om gresk folkemusikk, det er sett saman av charma (glede) og lipi (sorg). " Våre sanger er triste men også fylt med glede.Det er begge deler samtidig" seier ein gresk folkemusikarar. Omgrepet kan også ha ein vidare mystisk-teologisk tydnad med referanse til Johannesevangeliet som er sentralt i gresk-ortodoks tankegang.
Interessant er det og at den gresk folkemusikken er så nær knyta til den liturgisk songen og dei kyrkjeleg høgtidsfestane, panegiria. Alle dei mest populære greske artistane har starta sin karriere med å synga ved panegiria. Kanskje blir dette eit bilete på ison, den liturgiske pedaltonen som gjennomstrøymer alt og gjev eksistensiell forankring og stabilitet ? Den ortodokse kyrkja har framleis svært stor oppslutnad i Hellas, også blant dei unge. Det er ein samlande faktor som gjev kontinuitet i eit politisk og sosialt kaos. Kvar Hellas går politisk er det vanskeleg å spå om, men grekarane vil overleva slik dei har gjort gjennom så mange krigar og kriser gjennom historia. Dei vil gå vidare og støtta seg på kulturen, språket, musikken og ortodoksien!
Alexander Zlatanos Ibsen gjev oss ikkje svar på alle spøsrmål, men han gjev oss kunnskap til å forstå eit Hellas som også i åra som kjem nok vil prega mediabilete !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar