søndag 16. august 2015

Den salige biskop Melki

29. august på hundreårsdagen for hans martyrium blir den syrisk-katolske biskopen Flavian Mikael Melki (1858 - 1915) saligkåra i Harissa like utanfor Beirut i Libanon. Biskopen vart i 1915 ein av mange kristne martyrar som følgje av det ottomanske styret sitt folkemord på armenske, syriske og kaldeiske kristne. Den syrisk-katolske patriarken Yousef III Antiokia vil feira saligkåringsmessa saman med kardinal Angelo Amato frå Vatikanet. Det er venta at tusenvis av kristne flyktningar frå Syria og Irak vil delta. Dette er ei svært viktig markering for dei forfølgde kristne i Midt-Austen som i dag på tragisk vis opplever noko av det same som for hundre år sidan.
Flavian Mikael Melki vart fødd i byen Kaalat Mara som no ligg i Tyrkia. Han vaks opp i ein syrisk-ortodoks familie , men gjekk seinare over til den syrisk-katolske kyrkja (som har same ritus men er knytta til Vatikanet) og vart prestevia der. Under forfølgjingane i 1895 vart mange i  sognet hans drept mellom dei mora hans. I 1913 overtok han som biskop i bispedømet Gazireh, det eksisterar i dag som den tyrkiske byen Cizre der det ikkje lenger bur kristne.

Biskop Melki var ein from mann som levde i fattigdom og ofra seg heilt for dei han var hyrde for.
Då han vart råda til å forlata Gazireh i 1915 både av kristne og muslimske vener, skal han ha sagt. "Dra bort ? Under ingen omstende. Eg vil gje mitt blod for mine får." Det skulle han koma til å gjera kort tid etter. Han og den kaldeiske biskopen vart arrestert og avretta av dei ottomanske styrkane. Han skal ha fått valget  mellom å konvertera til islam eller bli halshogd. Biskop Melki
svarte då: "Eg forsvarar mi tru på Kristus heilt til mitt blod."  Ein parallell til Den heilage Mariams svar då ho vart stilt overfor det same valget, og no nyleg dei koptiske martyrane i Libya.( sjå tidlegare blogginnlegg om begge desse vitnemåla)
Biskop Melki sitt martyrium er eit sterkt vitnesbyrd til styrke og oppmuntring for dagens forfølgde kristne i Midt-Austen !


"Salige martyr Mikael, be for oss og vern dei kristne i Austen og i heile verda i dess vanskelege og smertefulle dagane."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar