mandag 3. august 2015

Eidsborg stavkyrkje

Eidsborg stavkyrkje ligg i Tokke kommune mellom Dalen og Høydalsmo. Det er sannsynligvis ein av dei siste stavkyrkjene som vart reist her i landet, ein trur kyrkja er bygd omkring 1250. Lik dei fleste andre stavkyrkjene er ho reist av diger malmfuru frå distriktet. Kyrkja har gjennomgått mange ombygningar, men er no forsøkt ført tilbake til opprinneleg utsjånad så langt det let seg gjera. Spesielt er det at ikkje berre taket men heile kyrkja er dekka av spon.
Eidsborg kyrkje var som ein av få kyrkjer i Norge vigd til St.Nikolaus eller St.Nikuls som dei sa lokalt, kyrkja vart gjerne kalla Nikulskyrkja. St.Nikolaus  var biskop i Myra i Vesle-Asia, men dei jordiske levingane hans ligg i Bari i Italia. Minnedagen er 6.desember som frå gammalt vart kalla Nilsmesse, men det var ikkje denne dagen han vart feira i Eidsborg,  derimot  jonsokafta. Kyrkja innheldt ei trestatue av St.Nikolaus (no i oldsaksamlinga men ein kopi står i kyrkja), denne vart jonsoknatta bore ned til Eidsborgtjønni som ligg eit par hundre meter frå kyrkja, Her vart statua dyppa i vatnet og vaska, deretter bore i prosesjon tre gonger rundt tjønni. Dette skulle gje forlating for syndene, men nok og lækjedom frå kroppslege sjukdomar.
Det er ei kjensle av høgtid og undring ein møter dei norske stavkyrkjene, ingen stad er ein nærare det katolske mellomalder-Norge !

Linke til video av moderne rekonstruksjon av Nikolaus kulten i Eidsborg:
http://www.norrec.no/artikkel.php?gruppe_id=2&artikkel_id=19


                                                       Statue av St.Nikolaus som no er i oldsaksamlinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar