mandag 18. mai 2015

Alt det kyrkja har å gje oss

Innlegg i Vårt Land i dag 18. mai.


Morten Erik Stensberg skriv i Vårt Land 09.mai at Den katolske kyrkja handtering av saka omkring medlemsregistrering har ført han inn i ei eksistensiell truskrise. Som konvertitt med litt lengre fartstid forstår eg hans frustrasjon, men eg føl han likevel berre eit stykke på veg.

Han skriv innleiingsvis at han før konversjonen kjente til kyrkjas mangefasetterte historie, alle synder og fall opp igjennom historia. Trass i det synest han å verta svært overraska over norske katolikkars feilskjer og manglar ! Kyrkja er eit byggverk av ufullkomne steinar som slett ikkje alltid passar saman, som sklir ut og rasar saman. Alle er syndarar som kjem til kort og som sviktar gong etter gong slik Peter gjorde det. Men kyrkja er noko meir, kyrkja er og eit byggverk som er grunnlagt på Kristi ord til Peter. ” Du er Peter, og på det fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.” ( Matt 16)

Dei kristne har opp igjennom historia gjort det dei kunne for å øydeleggja kyrkja innanfrå, men dei har ikkje lukkast med det. At kyrkja likevel har klart seg er det klaraste provet på at Kristi lovnad til Peter ikkje var tomme ord. Det er etter mi meining det sterkaste Guds beviset (kanskje det einaste som held). Mor Teresa seier det slik:” Det som skjer på overflata i kyrkja vil gå over. For i Kristus er kyrkja den same i dag, i går og i morgon.”

Naturlegvis vert eg og oppgjeven og vonbroten over overgrepsskandalar og økonomisk rot, men det rokkar ikkje ved det grunnleggjande, trua er basert på Kristi lovnad ikkje på kva menneska finn på til ei kvar tid. Sjå ikkje på syndene våre men på kyrkjas tru vert det sagt i messa kvar dag.

Mange konvertittar går igjennom ein prosess som har sin parallell i menneskeleg kjærleik. Først ei forelsking som er mest basert på kjensler, næra av alt det kyrkja har å by på kan dette veksa til ein varig kjærleiksrelasjon. Det er kanskje det som har overraska meg mest, ikkje alle som fell og kjem til kort, men alt det kyrkja har å by på som næring til trua. Mysteriet i messa og sakramenta som ein opplever i den lokale kyrkjelyden, men og overalt i verda når ein er ute og reiser. Alle kyrkjas helgenar, alle bøker og skrifter, tidebønene, klostera, alle kunst, musikk og litteratur. Det dukkar heile tida opp noko nytt å gleda seg over. Akkurat no gler eg meg til 17.mai. nasjonaldagen ja, men og fordi kyrkja får ein ny helgen. Pave Frans vil helgenkåra vesle Mariam Baouardy OCD også kjent som Palestinas lilje. Ho var ei fattig og foreldrelaus kvinne frå Palestina - som vart karmelittsøster og levde eit kort og lidingsfylt liv på midten av 1800- talet. Det er ein viktig  dag for alle i Karmelittordenen. men og avdi vi kan sjå henne som eit symbol for alle forfølgde kristne i Midt-Austen i dag.
Eg vonar at Morten Stenberg kjem ut av si truskrise og igjen får auge for alt det kyrkja har gje oss.

Frode Thorup OCDS
konvertitt og sekulærkarmelitt

Melkittisk kyrkje i Ibellin der Den heilage Mariam vart fødd i 1846. Kyrkja er frå 2006.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar