mandag 11. mai 2015

1913

Det er hundre og to år sidan, året før den første store katastrofen som heimsøkte forige hundreår. Den unge tyske forfattaren Florian Illies har skildra dette merkeleg året månad for månad i boka "1913 Århundrets sommar" som har vorte ein internasjonal bestselgar. I bok føl vi ei rekkje kunstnarar og kultur personlegdomar månad for månad, men og statsleiarar som keiser Wilhelm og keiser Franz Josef, dessutan dei to som skal etterlata seg meir blod enn nokon andre, Hitler og Stalin.
Få tenkte på at året etter skulle krigen bryta ut, ein katastrofe som skulle koma til å prega resten av hundreåret heilt fram til vår tid. I 1911 kom til dømes Normann Angell med boka "The Great Illusion" som vart ein bestselgar. Her skriv han: " Den store krigen i Europa, som støtt truer i horisonten, vil aldri komme. Bankene kommer ikkje til å skaffe penger til en slik krig, industrien vil ikke holde den i gang, og statsmennene er ikke istand til det. Det kommer ikke til å bli noen storkrig." Psykoanalytikaren Carl Gustav Jung er kanskje meir framsynt, han har mareritt og er angstfylt,om dagen foreles han om schizofreni, om natta er han redd for å bli ramma av galskap. I eit av mareritta ser han for seg Europa drukna i ei gigantisk flodbølgje, det er mord lik og øydeleggjingar over alt. Men kanskje er det bare sin læremeister og no erkefiende Sigmund Freud han fryktar. Begge gruer seg til å møtast på psykoanalytiker kongressen til hausten, Freud støttar seg til dattera Anna, Jung til elskerinna Toni Wolf. Ja det er i heile mange elskerinner og erotiske konfliktar i denne boka, det står ikkje tilbake for dagens såpeoperaer, men den forskjell at dette er ekte levd liv. Målaren Oskar Kokoschka er så forelska i enka etter komponisten Gustav Mahler, Alma, at då ho forlet han til fordel for ein anna let han laga ein figur som er nøyaktig lik henne. Forfattaren Franz Kafka klarer aldri å avgjera om han skal satsa på sin kjære Felice, til slutt er toget gått. Thomas Mann skriv "Døden i Venedig" og kjempar med sine homofile impulsar, poeten Rainer Marie Rilke reiser frå den eine rike veninna til den andre, han er så hyperfølsam at ha aldri kan slå seg ned på ein plass lenge av gongen. Forfattaren Georg Trakl slit med sine indre demonar, det same gjer kunstnaren Camille Claudel(søstera til Paul) som aldri kjem over tapet av Rodin og endar på mentalsjukehus.
Og midt i dette finne vi keisarane i Tyskland og Østerike-Ungarn, dei dreg på jakt og skyt eit absurd antall rådyr, villsvin og fasaner. Tronarvingen Franz Ferdinand som året etter blir drept i Sarajevo saman med sin Sophie er frose ut av det gode selskap, han har gjort den dødssynda å gifta seg under sin stand.
Slik går dette merkeleg året, Robert Musil slit med sin nevrasteni(ME?) og  gjev ut det som skal bli ein klassikar "Mannen utan egenskaper", det same gjer Marcel Proust med "På sporet av den tapte tid" og James Joyce med "Ulysses. Edvard Munch målar "Sjalusi", Stravinskij får framført "Vårofferet", Adolf Hitler bur på ein liten hybel og målar akvarellar av Stefansdomen, det er nok til å halda seg i liv, han går tur i parken, det same gjer Josef Stalin, kanskje passerar dei kvarandre ein kald vinterdag i Wien, dei helsar neppe på kvarandre.
Og så står ragnarokk for døra, ingen tenkjer lenger på året 1913.



Forfattaren Rainer Marie Rilke er ein sentral person i Florian Illies bok om året 1913.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar