tirsdag 17. mars 2015

Patriark Gregorios III: forbøn og faste for Syria

15. mars var det 4 år sidan konflikten i Syria tok til. Det starta med fredelege demonstrasjonar mot president Bashar al-Assad sitt styre, men utvikla seg etter kort tid til ein ekstremt brutal og blodig borgarkrig. Til no er meir enn 220.000 drepne  i konflikten, mange av dei er sivile. I tillegg er ca 3,8 millionar flykta til nabolanda, og 8 millionar er internt fordrevne.
Den gresk-katolske patriarken av Antiotika Gregorios III har lenge vore ei uredd stemme for fred og forsoning i Syria. På 4 årsdagen for starten av konflikten kom han med ein appell om ein verdsdag med faste og bøn for fred i Syria.
Han seier følgjande: " Frå djupet av lidinga og smertene i Syria ropar vi ut med vårt lidande folk som går på den blodige krossvegen ein appell til heile verda: Det er nok ! Det er nok !. Nok av krig i Syria."

Han avsluttar med dette sterke utsagnet: " Vi trur på krafta i bøn og faste no i fastetida, og vi ber om ein solidaritetsdag for Syria.  Ein dag med faste og bøn med von om fred i Syria ! "

Borgarkrigen i Syria har stått på så lenge  og vi synest etterkvart å vera metta av dårlege nyhende frå dette området. Det går bare det galne vegen, det er inga von om løysing.
I dette mørket er det viktig med stemmer som Gregorios III, stemmer som ikkje gjer opp, som veit at det finst sterkare krefter enn dei som ondskapen representerar !


                                Den melkittiske gresk-katolske patriarken av Antiokia Gregorios III er fødd i
                                1933 og vart valgt til patriark i 2000.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar