onsdag 4. mars 2015

Winterreise


«Fremd bin ich eingezogen,
Fremd zieh`ich wieder aus.
Der Mai war mir gewogen
Mit manchem Blumenstrauß,
Das Mädchen sprach von Liebe,
Die Mutter gar von Eh`, -
Nun ist die Welt so trübe,
Der Weg gehüllt in Schnee.»

(«Som ein framand kom eg
som ein framand drog eg
Mai var mild mot meg
med mang ein blomebukett,
Jenta tala om kjærleik,
mora til og med om ekteskap,
No er verda så trist,
Vegen fyllt med snø.»)

Slik lyder første verset på Franz Schuberts kanskje mest kjende songsyklus «Winterreise». Teksten er av den relativt ukjente poeten Wilhelm Müller,og kanskje ikkje spesielt orginal,men inspirerte likevel Schubert til heilt mot slutten av sitt korte liv å komponera dette meisterverket, som snart to hundreår seinare gjer like stort inntrykk som då det var nytt i 1827.
Både tekst og musikk er skapt i romatikkens melankolske uttrykksform, tapt kjærleik, sorg, einsemd og død. Hovudpersonen dreg ut i eit kaldt og draumeaktig vinterlandskap etter å ha tapt sin store kjærleik. Det er kulde, snø, tårer, kaldt vatn, lengt etter våren, einsemd, ei siste von og så vonbrotet,verthuset som eigentleg er ein gravplass.I siste verset møter denne vintervandraren lirekassemannen(Der Leiermann) utanfor landsbyen som med stivfrosne fingrar spelar så godt han kan.Ingen bryr seg om han, ingen ser på han der han spelar og let verda passera forbi. Kanskje er det eit bilete på døden som  ventar og til sist spør deg om å bli med ?

«Wunderlicher Alter,
Soll ich mit dir geh`n ?
Willst zu meinen Liedern
Deine Leier drehn ?»

(«Merkelege gamle mann,
skal eg følgja med deg ?
Vil du spela på lirekassen din
til mine songar ?»)


Forfattaren Ragnar Hovland gav i 2001 ut sin versjon av «Winterreise» med same tittel. I romanen føl vi to parallelle historiar, den eine er djupt personleg, ei slags dagbok over forfattarens kamp mot ein potensielt dødelege kreftsjukdom. Den andre minner meir om Schuberts og Müllers  vinterreise, men no lagt til eit vestlandsk vinerlandskap. Hovudpersonen Lindemann leitar etter sin store tapte kjærleik Johanna. Navnet til hovudpersonen er  her kanskje heller ikkje tilfeldig, i vers fem i «Winterreise», kanskje det vakraste i heile syklusen, drøymer vandraren i skuggen av lindetreet ved ei kjelde. Han drøymer søte draumar og skjer kjærleiksfulle ord inn i stamma før vintervinden igjen bles iskald mot andletet hans. Lindetreet – Der Lindebaum- er eit kjent litterært symbol, vi finn det hos både Homer, Thomas Mann og Marcel Proust. Eit bilete både på kjærleik, død og minne ?

Når ein fordjupar seg i vinterreisa er det kanskje denne søte, vedmodsfylte og livsfjerne melankolien som fyller sinnet.Ja,men ikkje bare den,kanskje også ei djupare forståing av dette korte og uforståelege livet. Er det ikkje det som er kjenneteiknet på all stor kunst ?
                                 
   
 Lenke til "Der Lindenbaum" vers fem i syklusen.
 
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar