søndag 8. mars 2015

Poetica:Eg og du/du og eg

,

" Eg og du", eit fundamentalt omgrep  filosofisk og språkleg, forsøkt analysert av filosofar som til dømes Martin Buber og Emanuel Levinas. "Eg og du" er ikkje synonymt med "vi" som er meir generelt, meir utflytande mindre intenst. "Eg og du" er den fundamentale relasjonen både i verda her og no, og i eit metafysisk perspektiv. Møtet med andletet til den andre(du) er ifølge Levinas den fundamentale erfaringa i tilværet, noko som ligg før både ontologien og etikken. Ei erfaring som det ikkje er lett å språkleggjera, å setja fornuftige ord på. For mange år sidan reflekterte eg litt omkring dette i eit kort tekst som eg sette tittelen "Vi" på, men kanskje skulle det heller heita "Du og eg" ?

"Det blir sagt
at cherokee språket
har mange ord for vi
eg og du
eg og dei andre
eg, du og dei andre.
Eg veit ikkje om språket
med det blir rikare
eller om vi blir større
meir innsiktsfulle
likevel har eg alltid sakna
ordet for du og eg."


                                "Ikke deg har jeg mistet, bare verden" (Ingeborg Bachmann )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar