tirsdag 24. mars 2015

Nada te turbe

"Nada te turbe
nada te espante,
todo se pasa,
Dios no se muda.
La paciencia todo lo alcanza;
quien a Dios tiene
nada la falta:
Solo Dios basta."

(Lat intet uroe deg
la intet forskrekke deg.
Alt forgår,
Gud forandres ei.
Tålmodigheten oppnår alt;
den som har Gud
savner intet:
Gud alene er nok.)

(Let nothing trouble you
let nothing disturb you
all things pass away.
God never changes
patience obtains all things
the one who has God
lacks nothing
God alone suffices)



Teresa var ei gudvendt kvinne men og svært jordnær og praktisk. I bøkene sine nyttar ho bilete frå dagleglivet for å illustrera det andelege livet. Det kanskje mest kjente bilete er dei fire måtane å vatna ein hage på som ho skriv om i kapittel 11 i "Libro de la vida" -sjølvbiografien. Ho hadde nokså sikkert full oversikt over korleis vasspumper og kverner fungerte på same måte som ho kjente til korleis ein bygning skulle settast opp. Ho skriv og at pumpesystem  har ho prøvd ut mange gonger. Ein kan sjå henne for seg når ho når ho organiserar arbeidarane som byggjer vatningsanlegg eller  set opp murane til ei nytt kloster i Granada, Sevilla eller Burgos !
" For å forstå kva vi må gjera, lat oss først sjå på kva måtar vatninga kan føregå. Kor mykje arbeid det vil kosta oss, om det står i forhald til gevinsten, og kor lang tid det vil ta. Slik eg ser det kan vatninga skje på fire måtar:
Enten ved at vi hentar vatn frå ein brønn, noko som er svært slitsamt.
Eller vi nyttar oss av pumper og hevertsystem dreven av kverner, dette har eg prøvd fleire gonger (!).
Med denne metoden blir arbeidet mindre , og den opphenta vassmengda større,
Eller så kan vatninga føregå ved hjelp av ei elv eller ein bekk. Det er ei betre løysning av di vatnet trenger djupare ned i jorda slik at gartnaren ikkje treng vatna så ofte og dermed får det mindre slitsamt.
Eller så kan det skje ved at det regnar rikeleg, dermed vatnar Vår Herre sjølv hagen utan det minste slit frå vår side, og dette er utan tvil betre enn alt eg har tala om tidlegare."



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar