søndag 17. august 2014

Father Stephen om materalistisk livssyn

"Glory to God for All Things" er bloggen til den ortodokse presten Father Stephen. Her skriv han om religiøse og kulturelle tema ut frå ein ortodoks synsstad. Det meste kan ein ta til seg sjølv om ein ikkje tilhøyrer ein av dei ortodokse kyrkjene.
Nyleg skreiv han ein lesverdig artikkel "Orthodoxy Versus Christian Materialism", der han tek for seg ulike område der mange kristne har ei oppfatning prega av sekulær materialisme.
Han reknar opp fem punkt der eit ortodoks syn, eit klassisk kristent syn for den saks skuld, skil seg frå eit sekulært materialistisk syn. For det første vil materialisten hevda at ting eksisterar i seg sjølv, dei er ikkje avhegngig av noko utanforståande for å eksistera, for det andre vil han hevda at relasjonar bare dreier seg om psykologi. Punkt tre dreier seg om meining i større forstand, det er berre ein tanke hos mennesket, det fjerde punktet dreier seg om tid og årsak-verknad, det siste er moralfilosofisk og slår fast at godt og vondt bare er uttrykk for ulike handlingsmønster.

Det meste interessante punktet er det som dreier seg om relasjonar. Frå ein materalistisk synsstad er relasjonar mellom menneske, eller mellom Gud og menneske, basert på kva ein  føler til ei kvar tid, eller kanskje at ein har ein  felles genetisk basis eller medlemskap i den same organisasjonen. Dermed blir relasjonar tidsbundne og skjøre,( " out of mind, out of existence - "Now you are just somebody that I used to know") Tilsvarande psykologisk relasjonar har vi relasjonar basert på gjensidig kontrakt.
Father Stephen tek "modern marriages" eller samboarskap som døme. Det heile er basert på kjensler og psykologi og kan brytast opp når vi finn det for godt/ikkje har dei same kjenslene lenger.
Han hevdar at dette ofte og pregar gudsforholdet til mange kristne, det blir lett prega av psykologi og kjensler, og sårleis skjørt og lett kullkasta av det sekulære samfunnet vi lever i-

I motsetning til dette set han eit ortodoks eller klassisk kristent syn. Relasjonar er ontologiske, dei har sin basis i vår "væren" og eksistens ( actual being and existence ie. ontology). Relasjonen til Gud er grunn og årsak til heile vår eksistens. Det er rettare å sei at noko er ein relasjon enn at det har ein relasjon. Vi eksisterar ikkje i og av oss sjølve.
Father Stephen tek så for seg Treeininga som døme på kva relasjonar går ut på. Faderen kan ikkje vera "Fader" utan som "Fader til". "Sonen" er eit relasjonelt ord - det står ikkje åleine. Det same er tilfellet med Anden. Faderen gjev opphav til , Sonen har sitt opphav i og Anden utgår.
"In the very core of our understanding of the revealed God we find relationship. There is no "God" behind thje Father, Son and Holy Spirit. We know no other God."
Å reflektera over at Treeininga er den grunnleggjande relasjonen set og eigne relasjonar til medmenneska i eit heilt nytt lys. Det er noko som står grunnleggjande fast, heilt uavhengig av kjensler og tidsand !

Når vi ser utover fjorden denne kveldsstunda må vi ikkje gløyma  forbøn for dei forfølgde i Irak og Syria.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar