tirsdag 19. august 2014

Dei forfølgde i Irak og Syria

          Sjølv om dei forfølgde i Irak og Syria  forsvinn ut av medias søkelys må vi aldri halda opp
          å  minna på dei lidingar dei vert utsett for  i desse dagar. Dei bibelske salmane er 
          skrevne for fleire tusen år sidan, men går likevel rett inn i dagens situasjon. Særleg salme
          74 set ord på det som skjer i Irak og Syria ! " Dei brende alle Guds samlingsstader i landet."
          "Dei sette eld på din heilagdom"

         Salme 74


       
          Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?
          Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?
         
   
       Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid,
          din eigen stamme som du fria ut,
          Sion-fjellet der du slo deg ned.
         
   
       Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid!
          I heilagdomen har fienden øydelagt alt.
         
   
       Motstandarane brølte der du samlar ditt folk.
          Sine eigne hærmerke sette dei opp.
         
   
       Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.
         
   
       Slik slo dei sund alt det utskorne
          med øks og med brekkstong.
         
   
       Dei sette eld på din heilagdom,
          dei vanhelga og reiv ned
          staden der namnet ditt bur.
          
   
       Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!»
          Dei brende alle Guds samlingsstader i landet.
         
   
       Vi ser ikkje våre eigne merke.
          Profetar finst ikkje lenger.
          Ingen hos oss veit
          kor lenge dette skal vara.
         
        
 Kor lenge, Gud, skal fienden spotta?
          Skal motstandaren forakta ditt namn for alltid?
         
   
       Kvifor held du høgre handa tilbake?
          Lyft handa frå fanget
          og gjer slutt på dette!
         
   
       Men Gud, min konge frå gammal tid,
          du som gjer frelsesverk på jorda,
         
   
       du kløyvde havet med di makt
          og krasa hovuda til uhyra i vatnet.
         
        
 Du slo sund hovuda til Leviatan
          og gav han til føde for folket i ørkenen.
         
   
       Du braut veg for kjelder og bekker,
          du tørka ut mektige elvar.
         
   
       Din er dagen, og di er natta,
          du sette himmellysa og sola på plass.
         
        
 Du fastsette alle grenser på jorda,
          sommar og vinter er det du som har skapt.
         
         
Hugs dette: Fienden spottar Herren,
          eit folk av dårar foraktar ditt namn.
         
         
Gjev ikkje turteldua di til villdyr,
          gløym aldri dine armingars liv!
         
   
       Vend blikket mot di pakt!
          Landet er fullt av mørke stader
          der valden bur.
         
        
 Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam,
          lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!
         
   
       Reis deg, Gud, og før di sak!
          Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.
         
        
 Gløym ikkje ropet frå dine fiendar,
          larmen som alltid stig
          frå dei som står deg imot.

 
 Islamistane merkar dei kristne som nazistane merka jødane. Alle totalitære ideologiar, same om dei kallar seg islamistar, nazistar, kommunistar eller fascistar spring ut av den same grunnleggjande vondskap.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar