torsdag 14. august 2014

Appell mot vald og forfølging i Irak

Det pavelige råd for interreligiøs dialog kom 12.august med ei skarp fordømming av terrorgruppa ISIL, og ber religiøse leiarar, spesielt muslimske leiarar, koma med "tydelege og modige standpunkter" mot organisasjonen. ISILs terrorvelde er "barbarisk" og  ein "skam for menneskeheten". Å støtta terrorgruppa økonomisk eller militært er forkasteleg, understrekar  Vatikanet  i ei erklæring signert av kardinal Jean-Louis Tauran.
Hjelpeorganisasjonen Caritas og katolske biskopar i Norge føl opp med ein appell om solidaritet med ofra for vald og forfølging i Irak." Kristne, yezidiar og andre minoriteter blir utsett for grove overgrep og trenger vår støtte.Minst 200.000 irakere har måttet flykte bare den siste uken. I Erbil har minst 180.000 søkt tilflukt. Vi fordømmer forfølgelsen av både enkeltindivider og religiøse grupper".
I VG har forfattar og journalist Lars Akerhaug ein kronikk med tittelen:"Stille natt i Midtøsten" der han tek eit oppgjer med norske myndigheters manglande engasjement i det som i dag skjer i Irak.
"Kristne og andre minoriteter er i ferd med å fordrives fra Midtøsten. Det skjer uten noe synlig norsk engasjement", skriv han innleiingsvis. Utenriksdepartementet har hatt ei oppfatning av at ei open støtte til minoritetar bare gjer desse meir sårbare for overgrep. Børge Brende snakkar om politiske løysingar, dette gjev liten meining når islamske terroristar henrettar barn på grunn av deira tru skriv Akerhaug vidare.
"Tiden for "stor diskresjon" bør ugjenkallelig være forbi. Verdensamfunnet må umiddelbart gripe inn for å stanse folkemordet på etniske minoriteter."

Dette er ein av dei viktigaste sakene i verda akkurat no og heldigvis byrjar både politikarar og vanlege folk rundt i verda å få augene opp for det som skjer. Humanitær hjelp er viktig men, som andre verdskrig lærte oss, av og til er det viktig og rett å møta  det vonde med våpenmakt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar