søndag 5. januar 2014

Det første minnet

"Eg høyrer heimsens
sogemeister skriv
mitt minne i si
ævebok, og skodar
um der er fleire
hende i mitt liv
som han maa berge
yve gløymslebaar-ar
naar tidsens djupe
dulheimshav fær spinne
sitt gløymslegann
kring mine kvardagsminne."

Slik skriv lyrikaren Olav Nygaard (1884-1924) i diktet "Minnevigsle". Nygaard gjer minna til noko nærast heilagt, og kanskje er dei og det, iallfall dei aller første minna. Kor tidleg kan vi minnast noko som helst ? Absolutt ikkje dei første to åra, til det er hjernen for umogen. Kanskje i 2-3 års alderen, men dei fleste har likevel ikkje konkrete minne før 4-5 års alderen. Men dei som har det eig noko verdifullt. Ei anna sak er at det er vanskeleg å tidsetja minna, hende dette då eg var 3-4 år eller var det mykje seinare ? Til det treng ein konkrete referansar, brua på biletet under er eit slikt ytre konkretisering av eit "hende i mitt liv."
Brua kryssar ein liten bekk ved enden av ein alle med lauvtre som strekk seg frå staden eg vaks opp og eit par hundre meter mot nord. Bekken fortset mot sjøen og føl vestsida av hagen vår, ei kjelde til leik og glede både sommar og vinter. Brua er kanskje ikkje så spesiell i seg sjølv, men det som er interessant for meg er årstalet då brua vart bygd og som er rissa inn på eine sida: 1960 !

Mi eit år yngre søster og eg går tur med bestemor gjennom alleen og opp til den vesle brua. Men det er ikkje brua frå 1960 som ligg der no, det er ei enkel trebru som held på å falla saman. Eg vågar meg utpå brua, men bestemor dreg meg attende og eg føl med motviljug. Så snur vi og går heim under dei store og lauvtunge trea.
Eit i Olav Nygaards språk "kvardagsminne", men likevel noko meir. Det er eit minne som årstalet hjelper meg til å tidfesta til 2-3 års alder, og såleis det første eg minnest etter at kom inn i verda frå det store ukjente. Difor vert det og så dyrebart, ein liten edelstein, nærast heilagt fordi det ligg så nær det mysteriet det er å verta fødd inn i verda. Det skal følgja meg vidare heilt fram til det siste minnet
når kvelden lukkar seg og eg vender tilbake til det store ukjente. Og heller ikkje då skal eg vera åleine.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar