lørdag 11. januar 2014

Efesos

Efesos i Anatolia i det noverande Tyrkia var ein av dei viktigaste byane i den antikke gresk-romerske verda, både kulturelt, religiøst og økonomisk. Byen hadde eit stort havneanlegg, Silkevegen starta her, Homer og Heraklit hadde tilknytning til byen, og her fann vi det storslåtte tempelet til gudinna Artemis som var eit viktig pilegrimsmål.  Kristendomen kom tidleg til Efesos med apostelen Paulus, og iflg. Apostelgjerningane kapittel 19. oppheldt han seg her i to år. Apostelen Johannes skal etter tradisjonen ha kome til Efesos og levde her den siste delen av livet sitt. Over grava hans vart det bygd ein storslått basilika.
Ein solfylt novemberdag står vi  i restane etter det som ein gong var den navngjetne Maria-basilikaen like utanfor hovedgata i Efesos. Basilikaen vart bygd tidleg på 400 talet, kanskje med tanke på konsilet som skulle haldast her seinare. På 500 talet vart basilikaen utvida og fekk monumentale dimensjonar. Etter kvart forfall Efesos og byen gjekk i gløymeboka inntil ein engelsk arkeolog oppdaga byen på nytt i 1877. I 1904 vart Maria-basilikaen utgravd.
Her samlast altså alle dei viktigaste kyrkjeleiarane til det tredje økumeniske konsilet sommaren 431.
Keisar Theodosius II kall inn til dette konsilet med tanke på å stadfesta dokumenta frå Nikea, men og for å koma til semje i spørsmålet om Kristi menneskeleg og guddomeleg natur. Konsilet kom på ingen måte til å bli eit harmonisk og samlande møte, tvert imot skulle ein i etterkant oppleva det første store skismaet i kyrkjehistoria i det dei austlege kyrkjene følgde den kjettarerklærte Nestorius og dermed braut med resten av kyrkja.

Her er rolegare og mindre turistar enn i hovedgata og Amfiteateret i Efesos, og fantasien kan vandra og førestilla seg kva som hende desse sikkert gloheite sommardagane i 431. Opptoga med biskopar og munkar frå havna og opp til byen, folkemengda utanfor basilikaen som med stort engasjement følgjer dei teologisk dikusjonane, dei egyptiske munkane som dreiv gatelangs og oppvigla borgarane med ropet "Theotokos!", fakkeltoget gjennom byen 22. juni etter at patriark Nestorios var erklært som kjettar av konsilfedrene med Kyrillos frå Alexandria i spissen. Kyrillos hadde då sett i gong konsilmøta før delegasjonen frå Antiokia med patriark Johannes i spissen hadde kome til byen. Då dei kom fire dagar seinare vart dei mektig forarga og sette i gong sitt eige motkonsil. Den omstridte Nestorios var i byen under vern av keisarens garde, han forskansa seg i sin residens og nekta å møta opp. Dette var altså menneske av kjøtt og blod, skrøpeleg og lunefulle akkurat som oss. Dei rei sine kjepphestar, her var intrigar og maktkamp, sannsynlegvis også fysiske konfrontasjonar. Slik har det nok vore i store delar av kristendomens historie, men heldigvis er Kyrkja bygd på eit meir solid fundament enn skrøpelege einskild menneske!
Konsilet i Efesos vert ikkje rekna mellom dei viktigaste, ingen nye dogmatiske definisjonar vart formulert. Men det er viktig å konstantera at frå og med Efesos vart dokumenta frå Nikea rekna som Kyrkjas klippefaste autoritet. Men diverre var det splid og strid som mest kom til å prega konsilet.
Nestorios som heldt på at Maria var "Christotokos" (Kristus føderske) i motsetning til "Theotokos"
(Gudsføderske) som resten av kyrkja heldt fast på, vart erklært som kjettar og utstøytt. Dette førte som sagt til av dei austlege kyrkjene etter kvart vart "nestorianske" og skilde frå dei vestlege. I dag er det bare små restar att av desse kyrkjesamfunna i Syria, Irak og Iran. Striden mellom Antiokia og Alexandria representert ved Johannes og Kyrillos prega og konsilet så vel som tida etterpå fram mot neste konsil som vart halde i Kalkedon i 451.
Etter å ha gått rundt i ruinane av Maria basilikaen ei stund kjennest alt dette likevel ikkje så fjernt.
Dette var menneske som oss, dei fatta avgjersler som fekk innverknad på ettertida like fram til i dag.
Mykje var kanskje og mest omgrepsmessige skilnadar heller enn teologisk? Og det er det aldri for seint å retta opp , sjølv etter 1600 år !
I 1994 vart det forfatta ein kristologisk felleserklæring mellom den Katolske kyrkja og Den Assyriske austleg kyrkja. Der vart det uttrykt ei felles fortståing av Kristi menneskeleg og guddomelege natur. Det er ikkje nokon motsetning mellom den assyriske formuleringa "Mor til Kristus, vår Gud og Frelsar" og den katolske "Guds mor og Kristi mor."


                                           
                                         Minneplate for pave Paul VI vitjing i Efesos 1967
                                           Dåpsbassenget

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar