søndag 6. oktober 2013

Den andre mannen

Det er mange som har hatt  stort utbytte av å fordjupa seg i lyrikaren Olav H. Hauges ( 1908-1994) diktsamlingar. Fleire av dikta har vorte klassikarar som vert siterte i ulike samanhengar. Då han døydde  var det nok få som tenkte ein skulle få enno fleire verk av denne særmerkte diktaren. Men så kjem dagbøkene hans i fleire omfangsrike bind, og for eit par år sidan også samling med brev. Olav H. Hauge førte dagbøker frå han var femten år og til like før han døydde våren 1994. Dagbøkene er dels skildring av daglegdagse aktivitetar, dels djuptfløyande kommentarer og analysar av litteratur. Men her er og djupt personlege tekstar, ord og setningar som framstår nakne og sårbare. Det heng   saman med forfattarens livslange psykiske plager som medførte ei rekkje kortare og lengre opphald på Valen psykiatriske sjukehus i Sunnhordland. Sjukdomen byrja i 20 års alderen, etter siste sjukehusopphaldet på byrjinga av 1960 talet klarte han å takla plagene slik at han unngjekk nye sjukehusopphald. Sjukdomen prega så vel livet som diktinga hans, han talar om "den andre mannen" inne i seg. 27.mai 1961 har han eit lengre innlegg i dagboka der han går nærare inn på sjukdomsåra  og analyserar "den andre mannen". Olav H.Hauge skriv: " I diktet "Skriket" har Uppdal sagt noko om den andre mannen i oss. Eg kjenner godt den andre mannen, men eg har ikkje late han tala. For det er gut som kan tala det. Han trivlar ikkje etter ordi. Alt er absolutt og avgjort, for han veit, som Dante visste. Uppdal let honom sleppa til stundom, ja ofte, og det er gut som har syner og dikt. Eg har vore altfor redd." 
"Den andre mannen" er utgongspunktet for, og dessutan tittelen på teaterstykket som går på Nationalteateret. Det har tidlegare vorte framført i ein radioteaterversjon. Stykket er samansett av utdrag frå Olav H. Hauges dagbøker og eit par av dikta hans. Henrik Mestad er "den andre mannen", han formidlar desse sterke tekstane på ein framifrå måte. Han er åleine på scenen berre akkompangert av saksofonisten Trygve Seim . Musikken undertrekar det nakne og sårbare i teksten. " Nakent, nært og nådeløst" skrive Aftenposten og eg kan slutta meg til det.
Olav H.Hauge er ein diktar eg aldri vert ferdig med, eg kan stadig venda tilbake til han og finna noko nytt. Teaterstykket "Den andre mannen" understreka dette, sjølv om orda vart kjente fekk Henrik Mestad oss til å oppleva dei på ein heilt ny måte.
Diktsamlinga "Ørnetuva" kom kom ut på den tida "Den andre mannen" konsentrerar seg mest om (1961), eg vil avslutta med eit velkjent dikt frå denne samlinga."Kom ikkje med heile sanningi."

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med ein glimt, ei dogg, et fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.

Frå førestillinga "Den andre mannen" med Henrik Mestad og Trygve Seim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar