søndag 27. oktober 2013

Jødehat i Europa

Det er blitt sagt at jødehat er ein sjuk som rammar ikkje-jødar men som jødar døyr av. Dessverre er det ein stadig aktuell problemstilling. EU-byrået Fundamental Rights Agency i Wien har nyleg gjennomført ei spørjeundersøking blant 5100 jødar i ni europeiske land. Resultatet er skremmande, tre av fire jødar opplever at antisemittismen er blitt verre dei siste fem åra. 22 prosent oppgjev at dei unngår å oppsøkja jødiske plasser eller bera jødiske symbol av frykt for å bli trakassert. I land som Ungarn og Frankrike opplever ni av ti at jødehat er aukande. Situasjonen i Ungarn er ekstra ille, der oppgjev 30 prosent at dei sjølv har opplevd antisemittisme det siste året. Interessant er det at overgriparane fordeler seg omlagt likt på islamistar og politiske ekstremistar på så vel høgre som venstre sida. Det støttar opp om det som mellom anna Bernt Hagtvedt har hevda, ekstremistar er samme ulla og møtest i eit felles hat mot minoritetar generelt og jødar spesielt.
Det er 75 år sidan Krystallnatta som innleia den organiserte jødeforføljinga under nazismen, mange tenkte nok at vi hadde tatt lærdom av det som skjedde då. Dessverre ser det ikkje slik ut. Norske jødar er ikkje med i den aktuelle undersøkjinga, men også i vårt land oppgjev jødar at dei har opplevd trakassering. Det har kome trugsmål mot synagogen i Oslo og for eit par år sidan vart det skote mot bygningen. Få jødar vågar å anmelda utslag av antisemittisme, milde domar, mellom anna mot Arfan Bhatti som skaut mot synagogen, har svekka tilliten til rettsapparatet.
Omskjeringa av gutebarn er ein mange tusen år gammal praksis i jødisk religion. Nyleg har det frå fleire hald blitt tatt til orde for eit forbod mot dette. Europarådet parlamentariker forsamling vedtok nyleg ein resolusjon der det blei oppfordra til å setja ei nedre aldersgrense for omskjering, nordiske barneombod har teke til orde for det same. Intensjonen er naturlegvis  tankar om kva som er best for barnet og ikkje antijødiske eller antimuslimske haldningar, men frå jødisk hald blir dette klart oppfatta som ei nedvurdering av deira religion og tradisjon. Tidspunktet for å ta opp denne problemstillinga er dårleg, jødar over heile Europa vil oppfatta dette som eit ledd i det aukande hatet mot den jødiske minoriteten. I USA er situasjonen ein heilt annan, der er det får som stiller spørsmål ved omskjering heller ikkje frå ein medisinsk synsstad.
Korleis møter vi dette i tida framover ? Har vi ikkje lært av antisemittismens blodige historie eller kjenner vi ikkje denne ? Mangel på kunnskap vil alltid byggja opp om fordomar, og viktigare enn nokon gong er det at vi stadig blir minna på kva det jødiske folket har gått igjennom tidlegare. Null toleranse for trakassering av ikkje bare jødar men og andre minoritetar som romfolket må vera noko vi heile tida har som mål. Eit rettsapparat som tek dette på alvor er og med på å styrka desse haldningane.

Politiet utanfor synagogen i Oslo i samband med trugsmål frå islamistar i 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar