torsdag 3. oktober 2013

Babylonsk harpe

Angelus.

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave !

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogleg no


Slik innleiar den nyleg utgjevne diktsamlinga "Babylonsk harpe" av avdøydde pater Arnfinn Haram. Angelus
-Mariabøna som føl oss gjennom dagen og som samlar oss i eit punkt, samlar oss om det viktigaste er   ein vakker start på boka og  er er nok heller  ikkje tilfeldig vald.
Det var eit stort tap då Arnfinn Haram døydde brått i fjor sommar, eit tap for Dominikanarordenen, for Den katolske kyrkja i Noreg, men og for alle andre som han klarte å nå ut til. For Arnfinn Haram var eit på alle måtar engasjert menneske som nådde lengre utover kyrkjemurane enn dei aller fleste. Han var ein skatta foredragshaldar i ulike samanhengar, og ein klart talande samfunnsdebattant. Han hadde så mykje å gje til så mange, difor kjentest tomromet desto større. Men Arnfinn Haram hadde meir på lager, brått dukkar det opp ei diktsamling. Han var ikkje berre prest, munk, skribent og samfunnsdebattant, men også poet. Han let etter seg ei rekkje dikt som  Eskil Skjeldal og Ronny Spans har redigert, og som er gjeve ut på Efrem forlag i haust. Kulturredaktør i Aftenposten Knut Olav Åmås har skreve etterord. Eg opnar boka med forventning og vert ikkje skuffa, her er fine djuptloddande tekstar å ta med seg vidare. Tittelen på boka spelar på salme 137: "Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi tenkte på Sion. Vi hengde lyrene opp i piletrea." Treet sørgjepil har navn etter denne bibelske referansen - " salix babylonica pendula".
Det ligg ei djup lengting og sorgkjensle under dette, som jødane i eksil kan vi lengta heim, lengta etter ein djupare fred. Men kanskje kan vi og erfara litt av denne freden her og no ? Arnfinn Haram skriv:

Fred
kvar kom du frå ?

du kom
ikkje som sum
av mine tankar
ikkje som nei
til mine lengsler
ikkje som ja
til mine rop
ikkje som trøyst
til mi fortviling
eller som eit ljos
i mørkret
du berre kom

som ein stor fugleveng
og dekte meg
bar meg
inn i eit høgare rom
inn i noko anna
som ingen kan nå
eller skiple

er det
Du?

Arnfinn Haram skriv i eit enkelt og lettforståeleg språk. Han skriv om venskap, kjærleik, språk, natur, om Maria , Frans  og sankt Mikael. Angelus opnar boka og eg opplever at dette er ei diktsamling inneslutta og bore fram av dei liturgiske bønene, tidebønene, officiet ( eit dikt har han og kalla Officium ved havet). Kva er då meir naturleg enn å avslutta med  Vesper, kveldsbøna. Det er kanskje og det vakraste diktet i denne samlinga.

Å kveld
som gøymer alt
i di djupblå kappe
gøym meg også er du snill

kvifor skal åsane
trea og markene
få krypa under dyna di
og ikkje denne vesle kroppen
av angst
og lengsler ?

også eg vil gå i eitt
med himlen
slik som du
gli inn i ei blå æve
av fred.

                                          Salix babylonica pendula - syrgjepil ved elvebreidda.

1 kommentar:

  1. Arnfinn Haram kom frå min del av landet, eg var så heldig å høyre han ved nokre anledningar. Han var klar, tydeleg, undrande, utfordrande i sin tale. Han rørte og berørte. Bloggen hans, som står som eit monument, er vel verdt å ta djupdykk i.Hans poetiske åre vises der også, mellom gode innlegg.
    Diktboka har kome i hus her også, vakker. Innlegget ditt her er finfint.

    VENTE

    Eg vil vente
    sitje her
    på min hammar
    speide
    lengte
    sjå

    rope stundom
    springe rasande fram
    mot kanten
    mot brådjupet

    kjenne vinden
    i andlete
    saltet i håret
    stire ut
    over tomme horisontar

    der er Du
    sakte
    kjem du siglande mot meg

    (Arnfinn Haram)

    God helg!
    Marieklem

    SvarSlett