onsdag 30. november 2011

Poetica:Vinternatt

                                   Vinternatt

Vinternatt stjernepryda og kald
utspent mellom skumring og morgongry               
mellom mismots gru og håpets mysterium

Inn i denne natta er det du ber ditt ja
gøymd så lenge i einsemd og tru
bore fram av nåde og lydnad

I denne natta vert svaret gjeve deg
ikkje som bilete av noko på den andre sida av havet
ikkje som ord om verda bak horisonten

Men som det livgjevande lyset
som eit nyfødd barn hjelpelaust og nake
la det skje meg som du har sagt.

(Advent 2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar