fredag 25. november 2011

Niels Steensen

I dag 25. november er minnedagen for den salige Niels Steensen(1638-1686)


Frå hans innleiingsforelesning i anatomi ,København 1673: "Skjønt er det vi ser, skjønnere er det vi erkjenner, men skjønnest er det vi ikke fatter. La oss defor ikke bli stående ved sansenes vitnesbyrd, men løfte vårt indre blikk gjennom våre legemlige øyne, som om de var vinduer i et herlig palass, omgitt av de vakreste landskap. La oss se hvilke omgivelser, hvilke blomster, hvilke bestanddeler og underverk som der finnes. . . . .

Anatomien kan derfor ikke ta æren hverken for oppdagelser eller bevis. Forskeren er bare Guds verktøy. Gud nøyer seg ikke med å betrakte sitt verk, det er han selv som utfører verket."

23.oktober  1988 vart Niels Steensen  eller Nicolaus Stenonis som han kalla seg, saligkåra av pave Johannes Paul som den første skandinav etter reformasjonen.Så vel krater på månen og Mars som det danske senteret for diabetes forskning er oppkalla etter han . Kven var så denne mannen som gjorde seg gjeldande på så mange område  og som kyrkja minnes i dag på dødsdagen hans 25. november ?
Niels Steensen vart fødd i København i 1638 som son av ein protestantisk gullsmed. Han viste seg tidleg svært evnerik, studerte medisin og tileigna seg dessutan mange språk flytande. Det siste kom ikkje minst til nytte i hans omflakkande liv mellom 1600 talets sentrale, europeiske  lærestadar. Niels Steensen vart ein av si tids store vitskapsmenn med banebrytande oppdagingar ikkje berre innan anatomi og medisinen, men også i geologi, paleontologi og krystallografi.Mellom anna kartla han kroppens kjertlar, hjernen og hjertets anatomi og han forstod at fossilar er restar etter levande organismar. Hans kompromisslause søking etter sanninga førte han frå vitskapen til religionen. I 1666 var han i Livorno og vart der vitne til prosesjonen på Kristi lekamsfest. For Steensen vart det klart at enten var dei som bøygde seg og æra sakramentet dårer eller så var dette Sanninga. Han valde Sanninga og vart teken opp i Kyrkja året etter. Dermed var kursen også lagt for ein geistleg karriere.  Han vart prestevia i 1675 og seinare utnemnd til biskop i Nord-Tyskland. Han fekk ry på seg som ein from og oppofrande man , men  endte sine dagar i stor fattigdom i Schwerin.  Storhertugen i Firenze, der han lenge hadde opphalde seg og der han og var prestevia, hadde ikkje gløymt han. Kista  vart ført til Medici familien gravplass i San Lorenzo katedralen  der han framleis ligg.
Niels Steensen er ein brubyggjar mellom tru og tanke, mellom vitskap og kristendom både i sine skifter og sine handlingar. Sånn sett er han ein viktig inspirator ikkje minst for katolikkar som arbeider i vitskap og helseteneste.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar