søndag 20. november 2011

Norge 1315

"Reisefører for Norge. Det Herrens år 1315" er tittelen på  teolog og idehistorikar Karl Gervins siste bok.
Han har tidlegare gjev ut bøker i samme genre såvel om reformasjonen i Norge som Cisterncienser ordenens historie. Alle absolutt lesverdige.
Denne boka er utforma som ei guidebok for ein reisande til Norge på byrjinga av 1300 tallet, ein orginal og spennande vri på ei historiebok. Dette var norsk høgmellomalder, Svartdauden og nedgongstidenen låg enno fleire tiår fram i tida. Håkon 5 hadde vore konge i 16 år og samla det meste av makta i sine hender, hovudstaden hadde han året før flytta frå Bjørgvin til Oslo, Akershus festning var under bygging. Kyrkja stod sterkt i Norge, både organisatorisk og i folks medvit. Kanskje  er det ein av dei største skilnadane frå vår tid, religionen var tilstades alltid og overalt såvel i den offisielle liturgiske feiringa som i det enkelte menneskes daglege handlemåtar. Kyrkjene låg tett og dominerte bybilete iallfall i Oslo, Bjørgvin og Nidaros.
Gervin legg orda i munnen til ein kannik, ein domkyrkjeprest,kanskje naturleg i og med at sjølv  i mange år har vore knytta til domkyrkja i Oslo. Kanniken gjev råd om reisemåte, innkvartering, mat og drikke, prisnivået i Norge, kva ein bør sjå og kva ein bør passa seg for.Reisa startar i Oslo og føl kysten heilt opp til det høge nord. Det var ikkje så lett å reisa i 1315 og dei fleste heldt seg nok på heimplassen heile livet, men mange var likevel på reise, ikkje minst kyrkjas folk.
Middelalderen sluttar aldri å fascinera.Spennande er det å sjå at Norge ikkje var nokon avkrok i verda, men eit velorganisert samfunn med tett kontakt med det øvrige Europa. Latin var fellesspråket og mange norske prestar var det som hadde studert teologi i Paris.
Dei daglegdagse problema var heller ikkje alltid så ulike frå vår tid, som til dømes bråk når skjenkestovene stengte for natta. Då sa bylova at vektaren skulle tala dei berusa til rettes og sørga for at dei kom seg heim.Dersom dei var så berusa at dei ikkje kunne gjera greie for seg skulle den som budde nærast ta dei inn i huset til dei hadde sove rusen ut !
Karls Gervin er ein kunnskapsrik og engasjerande formidlar av vår felles fortid vel verdt å lytta til.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar