lørdag 19. februar 2011

Forsoning på amerikansk

Er forsoning like før døden etter mange års fiendskap noko vi bare finn i sentimentale Holywood filmar ?
Kanskje det ein sjelden gong også skjer "in real life" ?

Som med Michael E.DeBakey (1908-2008) og Denton A. Cooley (1920-) som  i 2007 vart forsona etter nær 40 års iskaldt uvenskap.Dei nådde det like før døden innhenta den nær hundre år gamle Michael DeBakey.Både DeBakey og Cooley var hjertekirurgar med tilhaldsstad i Houston, Texas. Begge var uvanlig dyktige,med stor arbeidskapasitet og nok tilsvarande sterk personlegdom.
DeBakey vart fødd i Louisiana av libanesiske  foreldre i 1908, hans var ferdig på medisinstudiet i 1932 og spesialiserte seg i hjertekirurgi. På femti og sekstitallet vart han ein pioner når det gjaldt å utvikla nye kirurgisk teknikk og teknologi. Han var knytta til Baylor College of Medicine i Houston. Cooley vart fødd i Houston, 12 år yngre enn DeBakey. Han var også ein pioner på sitt fagområde,på femtitallet samarbeidde han og DeBakey tett. I 1969 sette Cooley inn det første kunstige hjertet på eit menneske. Dermed starta den iskalde konflikten med DeBakey som sjølv hadde arbeidd med å utvikla eit kunstig hjerte og anklaga Cooley for å ha stole hans ide.Eit bittert uvenskap vart resultatet inntil forsoninga nesten førti år seinare. Deira fiendskap hadde lenge figurert i amerikanske media og forsoninga var naturlegvis også  første side stoff.
Eg hugsar eg følgde med på det frå Denton Cooley tok det første nølande initativet.
Dei fleste ventar for lenge og går i grava med sitt uvenskap, men historia om Michael DeBakey og Denton Cooley viser at det går an å rekka ut ei forsonande hand til ein uven når ein er høgt opp i alderen og ser døden i auga. Det skjer ikke bare på film!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar