lørdag 12. februar 2011

Lourdes

11.februar.Vår frue av Lourdes

Vesper Antifon til Magnificat:
"Hill deg,Maria full av nåde.Herren er med deg.Velsignet er du blant kvinner, og velsignet er ditt livs frukt."

11.februar er frå 1969 minnedag for Bernadette Soubirous (1844-79) sine visjonar av Jomfru Maria  i 1858. Ho skal ha vist seg for den fjortenårige Bernadette i ei grotte der det rann fram vatn frå ei kjelde som hadde lækjande verknad.Etter som rykta om mitrakel spreidde seg, valfarta fleire og fleire til Lourdes som i dag er ein av dei viktigaste valfartsstadane i Den katolske kyrkja. Både sjuke og friske frå heile verda dreg til denne vesle byen på nordsida av Pyreneene, få opplever mirakel men nesten alle dreg heim med ein ny andeleg styrke.
Denne historia går så heilt på tvers av det moderne rasjonalistiske verdsbilete, tilsynelatande bare ein myte eller eit eventyr for dei fleste. Men vi ser og at interesse for pilegrimsvandringar og andelege erfaringar tar seg opp i vår tid. Valfart er ikkje bare teori og abstraksjonar, det er handling som omfattar heile mennesket ikkje minst det kroppslege. Kanskje er dette uttrykk for ein djup, gudgjeven trong. Noko som er lagt ned i oss frå opphavet. Ein kan velga å tru eller ikkje tru på Bernadettes opplevingar,men ein kan ikkje nekta for at dei har har hatt stor innverknad på  livet til mange menneske.Og bodskapen frå Lourdes er ikkje orginal, det er den grunnleggjande evangeliske sanninga om tru,von og omvending.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar