torsdag 22. januar 2015

Poetica 2007


                   Concepcion.


 

Regnskogen som eit levande vern rundt musikken,

og denne åpne plassen inst inne i hjarta

mellom katedralen og landsbyen.

Tonane som sølv i trekrunene

der ingen kan seia kvar tonane sluttar

eller lyset byrjar.

Nedfrosne lysstråler tint opp etter trehundre år

inn i det varme,fuktige, grøne

der fuglesongen er så sterk

at den får farge.

Ein stad mellom grønt og fiolett

går det an å minnast dette

og likevel det som er utanom.

 

 

 

 

Florilegium: ”Baroque music from missions of the Chiquitos and

                       Moxos Indians.”

--------------------------------------------------------------------------------- 

                       Gjensyn.

 

Så no er vi her igjen

alle vi som prøver

å løyna oss for tida

vi som vil strekkja hendene

over ordlause kløfter

for å sjå kvarandre att

dei same hendene som

løfta glasa den gongen

og om igjen no

denne regnfulle første haustdagen

dei same augene som funkla

i ungdommeleg glede

og no i middelaldrane tvisyn

                     stemmene som tek opp orda

                     der dei slapp for lenge sidan

                     ein halvt fullført setning

                     som har overlevd i tid-romet

                     og no blir henta ned igjen og avslutta.

 

                     Når vi neste morgen tek farvel

                     sluttar orda igjen midt i siste setning

                     ventande på fortsetjinga

                     dersom vi møtest igjen

                     men vinen er like raud og varmande.

 
25 års jubileum 1. sept. 2007  

                    
------------------------------------------------------------------------- 



 

                       Gjest.

 
             Vinternatt som enno er der
                 glasa som blir løfta og tømte
-         Skål mine vener  !
 
Morgonljoset kryp under snøen
dukkar opp inne hos meg
saman med framande lydar langt borte frå
forsiktige steg, dører som vert opna,
enno inne i nattas varme,
djupt under snødekket,
jorda og havet utanfor,
opne og fylt med fargelaus forandring
lener vi oss endeleg mot dagen.
 
-------------------------------------------------------------------------
 


      Pére Lachaise.


 

Døden er grøn og varm

som tidleg april søndag

dansar så lett

etter Chopins mazurkaer

og angrar ingenting

som spurven Edith Piaf

gløymer ikkje eit av

Guillaume Appolinaires kjærleiksbrev

til Lou som han aldri fekk

og ho ligg heller ikkje her

men på Cimetière de Passy

Heloise og Abelard skilde i livet

sameina av døden

lik Amadeo Modigliani

og hans Jeanne

kven kan måla smerten i livet

når roen etterpå er så uendeleg

den tapte tida

som vi ikkje er på sporet av

likevel er der

djupt i Marcel Proust straum av ord

men tapt for alltid for Consuelo

Consuelo de Saint Exupery

som viskar navnet til sin vesle prins

skylt bort av Middelhavets bølger

og den fjerne lyden av fly

i stjerneklåre netter

ikkje Jim Morrisons ”The End”

men Francis Poulencs Gloria

og dei modige karmelittnonnene

frå Compiegne

som med freden frå den andre sida

steig opp på skafottet

og så desse syttitusen andre

som er borne ut av tida

men enno viskar navna til sine

som ikkje skal høyra det

for snart er også dei viska ut

og berre vinden i trekrunene er att

men i dag er døden mild

ingen siste fiende

ingen fredlaus motstandar

-         eit mjukt drag over kinnet

så djupt

så grønt.

 
------------------------------------------------------------------------------------------------------
 

                                     Regn.


Eg lukkar handa

om Beethovens pastoralesymfoni

for så lata ein og ein tone

flyga ut mellom fingrane

dei stig så lett oppover

så lett som fugleflokkar

for til slutt å slå seg ned

i regnfulle skyer

stemmer regndropane

ein tone – ein drope

så løsnar dei

fell mot byen

som litt om litt blir musisk

gatene glinsande våte

i F-dur.

 -------------------------------------------------------------------------

 

Scordatura

 

Dette er utanfor orda

på den andre sida

det kan ikkje gripast

det er urørleg

og samstundes i rørsle

 

komprimerte paradoks

 

Tonar utan lyd

røyster som ikkje kan høyrast

ugjennomskinleg ljos

umålbare fargar

ord som ikkje kan seiast

 

Fingrane glir over perlene

og berre rosa er skjør nok

til å visa det som er utanfor.

 
 

Scordatura: Stemming av fiolinen brukt i
                           Heinrich Ignaz Franz Bibers Rosenkransonater
 
 
----------------------------------------------------------------------

                        Tomater med sukker.

                

 
                   ” Man muss jeden Ton lieben ”
                 seier du.                        
                      Estland er grønt og solfylt
                      i den svalande skuggen
                      framom sommarhuset
                      strør du sukker på tomatene.
                      Vil også dette kvardagslege bilete
                      verta  ein tone som vi kan elska ?
                      I så fall fyllest eg med takksemnd.
 
 ----------------------------------------------------------------------------------------
 

                   Venskap i Bergen.

 
Bergen i juli 
kvelden mild og regnfull              
slik fyllest glasa
vinen er raud og djup
som Provence i slutten av august
venene varmande
når vi løfter hendene
og skåler –
blikka som møtest
over endelause solfylte sletter
vi er enno her
som når eg stoppar
framom hylla di med bilete
og undrast over innspurten
på åttehundre meter
og alt blandar seg
med novembergrå kursdagar
du i blå Berghaus jakke
tett knappa mot sur vinterblåst
ivrig, snart på veg heim
men vi er enno her.
--------------------------------------------------------------------------

                    Utanfor tida.

 
Utanfor tida
løfta ut av denne straumen
som fører oss alle framover
konservert og uforandra
ikkje berre som draum og minne
men som sol og grasstrå
moltemyr og blåbærlyng
vakande aure og fossedur
der søstera ror båten
den minste broren midt i geiteflokken
faren og mora ved bålet
der kaffikjelen snart kokar
og matpakken blir funne fram
frå den vesle raude ryggsekken
solskinnet og krusningane
over Stølsvatnet.
 
Når eg snur meg er alt der
ikkje berre augustdagen no
åleine tre korte tiår seinare
men som eit levande bilete
eit bilete med sin eigen eksistens
heilt for seg sjølv
eg kan gå ut og inn av det
i grått haustregn
i gjennomlyste julidagar
dekka av desembersnø
og smeltande vårmorgen.
 
Når eg går heimover fjellet
åleine i regnet og skodda
skimtar eg dei alle langt der nede
på veg opp ura ved fossen
vidare langs med glitrande vatn
grøne sommarvarme fjellsider
når eg regnvåt kjem ned i lia
og minna tapar seg
er dei øvst opp på fjellet
i låg kveldssol
når eg står på vegen nede i dalen
skal dei siste minna strykast ut
som av ein roleg varme neve
men bileta blir verande der inne
lenge etter at vi ikkje kan gå opp ura
skal dei spegla seg i haustklårt vatn.
 

 

1 kommentar:

  1. Utruleg mange flotte dikt. Takk!
    Bildet på slutten her er godt å kvile augene på.
    Marieklem

    SvarSlett