fredag 31. august 2012

Filokalia - Ein russisk pilegrim

"En russisk pilegrims beretning" er ei bok med anonym forfattar som kom ut i Russland i 1884. Ei norsk omsetjing kom på Dreyer forlag i 1985. Boka er eit sentralt verk i russisk-ortodoks spiritualitet. Hovudpersonen vandrar frå stad til stad i 1800 talets  store russiske rike. Han ber med seg to bøker, Bibelen og Filokalia. Ein dag kjem han til ei kyrkje og får høyra tekstlesinga frå 1. Tessaloniker brev. Slik er det skildra i Fader Johannes Johansens si omsetjing:
Av Guds miskunn er jeg et kristen-menneske, ved mine gjerninger en stor synder, av stand er jeg en hjemløs vandringsmann av ringeste byrd som vandrer omkring fra sted til sted. Her er mitt gods: På ryggen bærer jeg en nisteskreppe, på brystet har jeg den hellige Bibelen; det er alt.
En gang gikk jeg i kirken for å delta i gudstjenesten. Det var 24. søndag etter Pinse, og epistellesningen var fra brevet til tessalonikerne, hvor det blir sagt: "Be uavlatelig". Disse ordene trengte seg med særlig styrke inn i mitt sinn, og jeg begynte å grunne på hvordan det kunne være mulig å be uten opphold; folk må jo også beskjeftige seg med andre ting for å opprettholde livet. Jeg slo opp i Bibelen; og der kunne jeg med egne øyne lese det jeg hadde hørt i kirken – nemlig at det er nødvendig å be i ånden til enhver tid, løfte hendene til bønn hvor en enn befinner seg. Jeg grunnet og grunnet, men var ikke i stand til å finne noen løsning.
1.Tess. 5.17 er eit heilt sentralt bibelord i den ortodokse bønetradisjonen. Den russiske pilegrimen finn svar på spørsmålet korleis ein kan be uavlateleg i Jesusbøna:" Herre Jesus Kristus miskunn deg over meg ein syndar". Etter tradisjonen gjentek ein denne bøna i takt med andedraget. Etterkvart kjem bøna til å vera til stades heile tida på same måte som pusten, av og til medvete men liek gjerne umedvete. " Eg søv men hjartet vaker"(Høg. 5.2)
Pilegrimen finn trøyst i Bibelen og Filokalia(Kjærleiken til det vakre). Filokalia er eit heilt sentralt verk eller samling av verk i den ortodokse tradisjonen. Filokalia innheld skrifter på gresk forfatta mellom 300 talet og 1400 talet. Skriftsamlinga utkom første gong i Venezia i 1782 og vart berre få år seinare omsette til kyrkjeslavisk. Slik kom Filokalia til å få ein sentral plass også i russisk ortodoks tradisjon.



                                                      
Maximus bekjennaren( 580-662) var munk i  eit kloster nær Konstantinopel. Han skrifter utgjer ein større del av Filokalia enn nokon annan. Eit kort eksempel:
"Eit reint hjerte er kanskje det som ikkje har dragning mot noko som helst. Når eit slik hjerte i sin største enkelhet han blitt som ei reingjort og polert tavle, kjem Gud og bur i det og skriver sine lover i det."

fredag 24. august 2012

"Denne vigtige reise"

Utanfor Kvinnherad kyrkje i Rosendal står det ei lita gravstøtte frå syttenhundretalet. Dette gravminnet er over eit spebarn, i seg sjølv sikkert uvanleg i ei tid då dei fleste barn var anonyme i livet så vel som i døden. Innskrifta manar til ettertanke:" Her er begraven Christiane Herzberg fød døbt død i een uge 1787.Læser:Denne vigtige reise fuldførte jeg i 8 dage bedre end mange fuldføre den i 80 aar."
Det slår meg korleis desse orda bryt med det moderne mennesket si oppfatning av tilværet, vårt syn på livet og døden, men kanskje mest vår haldning til håpet. Foreldrene til vesle Christiane har nok kjent like stor sorg over sitt døde barn som vår tids foreldre ville ha gjort, men eg trur likevel dei hadde noko som vi har tapt eller held på å tapa. Eit perspektiv på tilværet der alt er ein del av ein meiningsfylt heilskap omslutta av håpet som forsonar oss med både livet og døden. Dette barnet har ikkje levd forgjeves i sin åtte sikkert lidingsfylte dagar. Trua på frelsa gjennom dåpens sakrament og håpet om ei siste oppstode løftar desse dagane ut av fortvilinga og meiningsløysa inn i varmen frå Guds omsorg.
"Denne vigtige reise" som vi alle er sendt ut på , og som vi ikkje veit når eller korleis vi kjem til å fullføra. Vi måler denne reisa i pengar og livslengde, det vellukka og fullførte livet er det som legg store synlege resultat etter seg. Kva så når reisa er over før ho knapt har byrja, eller når det heile vert ei samanhengande rekkje med ulukker og forlis ? Med vårt utgongspunkt vert vi lett overmanna av mørkre og djup fortviling der tidlegare tiders menneske augna ei meining, ein hensikt med alt som skjer.
Men håpet er ikkje og har aldri vore knytta til livslengde, materiell framgong eller fridom frå sjukdom og død. Håpet er å stå ved ei lita grav ein stad i historiens store, tause natt og veta at ein gong, ein gong gryr ein ny morgon der døden ikkje er.(1992)




Kvinnherad kyrkje. Gravsteinen står nede til høgre for koret i kyrkja

Poetica:La tempesta di mare

"La tempesta di mare", Antonio Vivaldis (1678-1741) konsert i F-dur.
Det er som ein kan høyra bølgene og vinden som riv i segla. Her i  Europa Galante og Fabio Biondi sin versjon, men først mine refleksjonar.


”La tempesta di mare”.

   (Antonio Vivaldi: Concerto RV 570 i F dur)

Salt sjø drypper frå fiolin stengene

bogen som glir i elementas tempo

dette skummande inferno

der himmel og horisont blir viska ut

baugspryd og stagsegl spiddar

dei mørke, skummande uhyra

det knakar lagnadstungt frå stormasta

oboens djupe treklang

føl den revnande fokka

når skipet krenkar

og bølgene skyller dekket reint

klamrar Antonio seg til roret

det raude håret stivt av salt og vind

men blikket fast og speglande

dei spinklare fløytetonane høyrest

i stormens brutale leik i vantet.

Er dette undergongen

eller berre opninga til ein våg

dei aldri hadde høyrt om

inne i den rolegare largo satsen

der vinden løyer, bølgene stilnar

frelsa eller den våte døden

vi skal søkka inn i

djupet mildt omfavnande i F-dur.

 



http://www.youtube.com/watch?v=v4GUxuCtLes




torsdag 23. august 2012

Tor Jonsson

Når du er borte

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik -
Eg veit ikkje kva det er .

Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone,
og dirrar imellom oss.

Dette diktet av Tor Jonsson (1916-51) er noko av det eg minnest best frå norsk undervisninga på gymnaset.
Eg tenkjer på det når vi ein augustdag på veg til Lomseggi, står utanfor husmannsplassen med den vesle stoga der han vaks opp.
Huset ligg tett ved stien til Lomseggi, på den andre sida av Bøverdalen skimtar vi Jotunheimen sine mektige fjell.  Her vaks han opp, her kjente han på einsemda, på uretten og heile baksida av bygdesamfunnet i Noreg i første halvdel av 1900 talet. Men her skapte han og stor dikting som kom til å leva lenge etter at han sjølv valde å gå ut av livet. Tor Jonsson var ein mangesidig mann, på den eine sida journalist og essayist med eit sterkt samfunnsengasjement og ein bitande ironi i polemikken sin, på den andre sida ein djupt einsam mann som skreiv personleg prega dikt om døden og kjærleiken. " Berre Kjærleik og død" kalla karakteristisk nok Ingar Sletten Kolloen sin biografi om Tor Jonsson som kom i 1999. Mange var vi nok som gjennom den følte at vi kom denne særmerkte diktaren litt meir inn på livet. Men ingen kom han vel eigentleg inn på livet, i eit av dei siste dikta skriv han: " Meg kan ingen rose eller laste/ for ingen kjenner meg, og ingen kjem meg nær."
Det var ikkje noko langt liv han hadde bak seg då han til slutt fekk kvila på Lom kyrkjegard med utsyn mot  stavkyrkja frå Mellomalderen, men han sette likevel djupe spor etter seg. Diktinga hans kan kanskje verka mørk, vonlaus og innadvendt, men her er og satire, ironi og humor og dessutan undring, undring over det vi er og det ukjende mysteriet rundt oss. Eit døme på det er det vakre vesle diktet med tittelen " Å dikte".

Å dikte er å vera
det vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.

Å leva er å vera
det store som ein er
og stå i einsleg undring
og høyra fuglar flyge inn
frå ukjend verd.


                                    

Husmannsplassen Kroken der Tor Jonsson vaks opp saman med mora og søstera. Huset ligg like ved stien som går opp til Lomseggi.

Gravsteinen til Tor Jonsson på Lom kyrkjegard


                                              Stavkyrkja i Lom sett frå gravstaden til Tor Jonsson

tirsdag 21. august 2012

Klosterøya Selja

"Høyt oppe lyser den lille ruinen av Sunnivakirken, og bakom den gaper helleren inn i berget - det eldste kirketak i Norge, og det eneste som står som vi har grunn til å tro, Sankt Olav har knelt under.Han landet på Selja da han kom hjem for å vinne Norge og føre Olav Tryggvessons kristningsverk videre.
Fra hellerens åpning har en utsyn over Nordsjøen og bukten  nedenunder, der brenningen glitrer hvitt over skjærene bestandig, og en klokkebøye et sted ute ved pynten av Stattlandet sukker og klinger svakt og fjernt og uopphørlig. Under en i luften kretser måkene og skriker - stimler sammen og larmer iltert, når fiskeørenen i hammeren blir nærgående.
De sommer dagene jeg var der ute for noen år siden var det fint vær - høye drivende skyer som solskinnet silte ut av, så det glitret svakt og flekkevis ute i havet og lyste opp her og der over øens gule myrer og grønne gressvoller." Slik skriv Sigrid Undset i essayet  "Sankta Sunniva og Seljemennene" om sitt møte med klosterøya Selja. Eg kunne gjort orda til mine eigne når vi kjem der ein vakker seinsommardag med  sol og blikkstille hav mot Stadt landet. Det er ein kort båttur ut til øya frå havna i bygda Selje, så ein halvtime å gå på stien ut til klosterruinane og Sunnivahola. Turen ut gjer at forventninga stig, denne staden er ulik alle andre her i landet, her står vi i bokstaveleg forstand ved byrjinga til kristendomen i Noreg. Det er eit historisk sus over Selja, naturen er storslått og overveldande, men her er og noko meir. Dette er ein stad der skillet mellom denne sida og det hinsidige er så tynn at ein nesten kan få eit  glimt av det andre, men bare nesten for mysteriet vil alltid vera der.
Selja vart  det første pilgrimsmålet i Noreg, og det nest viktigaste etter Nidaros med St. Olavsskrinet. Her var det første bispesetet på Vestlandet fram til 1170 då både biskopen og Sunnivaskrinet vart flytta til Bjørgvin.
I følge historia kom kongedattera Sunniva frå Irland til Selja då ho flykta frå giftarmål med ein heidensk vikinghøvding.
Dei vart truga av fastbuande og søkte tilflukt i hellaren som det er bilete av under, steinar fall ned og løynde dei for forfølgarane. Seinare vart det funne beinrestar her, og inst i hola liket av  Sunniva som var heilt og uskadd. Det vart opphavet til kulten kring Sunniva og Seljemennene som fram til Reformasjonen vart høgtida Seljumannamesse 08.juli. Utover 1200-1300 talet vart klosteret nedanfor Sunnivahola bygd opp, det vart dreve av benediktinarmunkar og vigd til St. Alban. I dag ligg det meste i ruinar men tårnet er restaurert og har fått ny klokke som kan høyrast utover Selja når den heilage messa igjen vert feira her ute.
Inst i hola er det ein altarstein, her er det nyleg tent lys og sett ned ikonbilete og rosenkransar. Kanskje dette igjen vert ein stad der ein søkjer for trøyst og tilbeding ? Selja som ikkje berre gjev historie og naturopplevingar men og den uendelege freden som sjela lengtar etter.


 Klosterruinane med Sunnivahola  i bakgrunnen. Ruinane etter Sunniva kyrkje framom hellaren.


Altersteinen inst i Sunnivahola. Ein heilag stad!


Klosteruinane med tårnet og Stadtlandet i bakgrunnen.


Offertoriet på Seljumannamesse: Anima nostar sicut passer erepta est, de laqueo venantium. Laqueus contritus est, et nos liberati sumus. Adjutorium nostrum in nomine Domino, qui fecit caelum et terram.( Vår sjel er blitt fridd ut som spurven av jegerens snare. Snaren er brutt sund og vi er blitt fridd ut. Vår hjelp er i Herrens navn. Han som har skapt himmel og jord."

I forgrunnen murane til Sunnivakyrkja der skrinet med relikviane stod fram til dei vart flytta til Bjørgvin i 1170.

søndag 5. august 2012

Edith Stein

9.august feirar vi  minnedagen for Den Heilage Edith Stein (1891-1942), eller Teresa Benedicta av Korset som var klosternavnet hennar. Edith Stein er  ein av Europas seks skytshelgenar.
9.august er sannsynlegvis dødsdagen hennar i Auschwitz gasskammer.
Ei veke tidlegare hadde SS møtt opp i karmelittklosteret i Echt i Nederland der Edith hadde blitt overført fire år tidlegare for å sleppa unna nazistanes jødeforfølgingar.Kort tid før dette hadde biskopane i Nederland kome med eit hyrdebrev der dei fordømte jødeforfølgingane. Som eit reaksjon på hyrdebrevet vart alle katolikkar med jødiske bakgrunn arrestert, også Edith Stein og hennar eldre søster Rosa. "Vi går for vår folk" seier Edith til søstera då dei vert henta av SS. Kort tid etter møter dei begge døden i gasskammeret. Edith blir martyr i dobbelt forstand både som jøde og katolsk ordenssøster.
Edith Stein vart fødd i den tyske byen Breslau(som no ligg i Polen) av jødiske foreldre. Ho viste seg tidleg svært evnerik og vart elev av filosofen Edmund Husserl. Ho arbeidde med hans fenomenologiske filosofi, seinare prøvde ho å sameina denne med Thomas Aquinas tenkning.
Som ung tok ho avstand frå religionen og rekna seg som ateist, men gradvis nærma ho seg kristendomen, og etter å ha lest Teresa av Avilas sjølvbiografi vart ho overtydd om at dette var sanninga. I 1922 vart ho døypt katolsk, og i 1933 vart trådde ho inn i karmelittordenen der ho avla sine evige løfter i 1938. Også som karmelittnonne held ho fram sitt intelektuelle arbeid, hennar sist og ufulllførte verk var ein analyse av Johannse av Korsets teologi som hadde tittelen "Korsvitenskap"
(Kreuzewissenschaft). Edith Stein vart  saligkåra av pave Johannes Paul i 1987 og 11 år seinare vart ho helgenkåra .
Edith Stein  var kompromisslaus i si leiting etter og kjærleik til sanninga. "I henne er allting sanning" sa Edmund Husserl. Til sist fekk ho sjå at sanninga ikkje er eit abstrakt filosofisk omgrep men ein konkret person.
I samband med søstera Rosas dåp skreiv Edith Stein eit dikt som nok og fortel mykje om hennar sjølv. Det er vel noko av det vakarste som er skreve om dåpen.

Heilag natt

Min Herre og Gud,
du har ført meg ein lang og mørk veg,
hard og full av steinar.
Kreftene mine ville ofte svikta meg,
og eg vågde nesten ikkje å vona å få sjå lyset igjen.
Men når hjarta mitt stivna i den djupaste smerte,
då steig ei klar og mild stjerne opp for meg.
Den leia meg trufast - og eg følgde den,
først tvilande, men så med større og større tryggleik.
Så stod eg endeleg ved Kyrkjas port.
Den vart opna - eg bad om å få koma inn.
Gjennom din prest vart eg helsa med di velsigning.
Stjerne etter stjerne lyste opp mitt indre.
Raude julestjerner viste veg til deg.
Dei leia meg fram.
Den løyndomen som eg hadde måtta bera djupt i hjarta mitt
får eg no forkynna høgt:
Eg trur, eg bekjenner!
Presten  leia meg opp trappetrinnet til alteret -
Eg bøyer meg ned -
og det heilage vatnet strøymer over hovudet mitt.





Edith Stein og Maxmillian Kolbe. Glasmåleri i Kassel av Alois Plum.

""Dess djupare nokon blir dregne inn i Gud, desto meir må han gå ut av seg sjølv, dvs. tre inn i verda for å føra det guddomelege livet ut der."

torsdag 2. august 2012

Aleppo

Den syriske byen Aleppo er i medias  fokus etter at borgarkrigen i landet nådde byen i forige månad. Blodige kampar går utover sivilbefolkninga som blir meir og meir desperate. Det er tragisk og uforståeleg.
Aleppo er Syrias største by med vel 2,3 millionar innbyggjarar, det er også ein av verdas eldste byar men samanhengande busetnad frå ca 3000 f. Kr. Byen låg strategisk til langs Silkevegen og har sette mange regime og herskarar koma og gå. Men Aleppo har tradisjonelt vore ein by der ulike folkegrupper har levd fredeleg saman. Naturleg nok er omlag 80% sunni muslimar, men også andre muslimske grupper som shia muslimar og alawittar er representert. Byen var i dei første hundreåra dominert av kristne og byen har i dag ein stor kristen minoritet ca 12% (250.000). Dei er fordelt på mange ulike konfesjonar, det største kyrkjesamfunnet er dei gresk-ortodokse, men det er og mange gresk-katolske, armensk-ortodokse og syrisk-ortodokse. Den syriske kyrkja er ein av verdas eldste, dei braut med dei ortodokse etter myrkjemøtet i Kalkedon i 451 på spørsmålet om Kristi to naturar. Ein stor del av dei kristne i Syria generelt og i Aleppo spesielt er armenarar som flykta frå forfølgjing og massakrar i Tyrkia under Den første verdskrigen. I tillegg finn vi ei lang rekkje mindre kyrkjesamfunn her.
Aleppo har tidlegare hatt ein stor jødisk minoritet, som tradisjonelt levde i harmoni med kristne og muslimar.
Etter opprettinga av staten Israel har dei fleste flykta.


                                                     Aleppo sett frå Citadellet sentralt i byen.
Som eit apropos til det tragiske som no skjer i byen vil eg sitera den katolske  syrararen Habib Moussali
i boka "Christian Communities in the Arab Middle East":
"Skulle jeg nevne et sted som var karakteristisk for de ulike religionene som har levd ved siden av hverandre i Syria, vil jeg nevne Aleppo, der det finst en bulevard som heter " Elias IV Arabernes Patriark" etter Elias Muawwad, de gresk ortodokses patriark... På denne bulevarden, rett imot den kaldeiske St. Josefskatedralen, ligger den store enhetsmoskeen med sine fire fint uthuggede minareter hevet mot skyene. Rundt moskeen ligger en rekke kirker: Den syrisk-katolske St.Efremskirken, den melkittiske St. Georgskirken, den helt nye armensk-katolske kirken. På den andre siden av bulevarden, bak St.Josefskatedralen er kuppelen til den gresk-ortodokse St.Eliaskirken som er under bygging, klart synlig. Bak den viser den nye melkittiske kirken seg i det fjerne, og enda lenger borte kan man se klokketårnet til den armensk-ortodokse kirken. Betyr dette at vi er i et kristent distrikt? Nei, vi er i et av de nye distriktene hvor kristne og muslimer lever side ved side, i de samme husene."

                                                       St.Elias kyrkja

Forbøn: Herre, miskunn deg!
              Kristus, miskunn deg!
              Miskunn deg over Aleppo!
               

onsdag 1. august 2012

Exultate Jubilate

Exsultate, jubilate,
O vos animae beatae
exsultate, jubilate,
dulcia cantica canendo;
cantui vestro respondendo
psallant aethera cum me.
Rejoice, be glad,
O you blessed souls,
Rejoice, be glad,
Singing sweet songs;
In response to your singing
Let the heavens sing forth with me.
Fulget amica dies,
jam fugere et nubila et procellae
exortus est justis inexspectata quies

Undique obscura regnabat nox
surgite tandem laeti qui  timuistis adhuc,
et jucundi aurorae fortunatae.
frondes dextera plena et lilia date. 
The friendly day shines forth,
both clouds and storms have fled now;
for the righteous there has arisen an unexpected calm.
Dark night reigned everywhere [before];
you who feared till now,
and joyful for this lucky dawn
give garlands and lilies with full right hand.
Tu virginum corona, 
tu nobis pacem dona
tu consolare affectus
unde suspirat cor.
Alleluja.
You, o crown of virgins,
grant us peace,
console our feelings,
from which our hearts sigh.
Alleluja

Motetten Exultate Jubilate (K.165) er eit av Mozarts mest populære verk. Han komponerte det som syttenåring, og det vart første gong framført i Milano januar 1773. Det vart skreve for ein av syttinhundretalets  mange kastratsongarer men blir i dag vanlegvis framført av sopran stemmer. Det er ein julekantate til liturgisk bruk men blir  oftast framført som ledd i konsertprogramm. Uansett er det eit verk der både musikk og tekst løftar sjela frå mismot og mørke til lys og overstrøymande glede.
Min favoritt er sjølvsagt Cecilia Bartolis.Eg lyttar til hennar innspeling på CD`en "Mozart Portraits" frå 1993. Ho har ei fantastisk stemme og er utan tvil ein av vår tids største operastjerner.








http://www.youtube.com/watch?v=YruVzW6zjdk