onsdag 28. januar 2015

Minnedagen for Holocaust


27.januar er den internasjonale minnedagen for Holocaust. I år er det 70 år sidan sovjetiske tropper frigjorde utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau, og verda vart merksam på naziregimet sine uhyrlege brotsverk. Ein minnedag for alle offera for naziregimet, vi skal aldri gløyma dei, men og ei påminning for vår tid og for framtida. Dessverre er det ikkje slutt på folkemord, vi har opplevd det i moderne tid i Kambodsja, Balkan, Rwanda og i desse dagar i Nigeria, Irak og Syria.

Poesien kan setja ord på det vonde og meiningslause, det som går utover vår fatteevne. Ein av dei som har skildra Holocaust med størst innlevingsevne er den jødiske poeten Nelly Sachs ( 1891-1970). Ho vart fødd i Berlin og vaks opp i ein velståande jødisk familie. I 1940, ei veke før ho skulle deporterast, klart ho og mora å flykta til Sverige med god hjelp av Selma Lagerlöf som ho såg sterkt opp til.

I 1947 kom den første diktsamlinga  hennar «In den Wohnungen des Todes»  inspirert av det jødiske folket sine lidingar under krigen.                        

I svensk omsetjing med tittelen «I dødens boningar»,   tematisk går boka direkte inn   i nazistane sine utryddingsleirar, første del har tittelen « Din kropp i röken genom luften». Her møter vi gasskammeret og krematorieovnen i eit språk som er tøygd til yttergrensa, men  omkransa av referansar til Bibelen og jødisk mystisk litteratur.

 

«Och när denna min hud blivit  sönderslagen

Skal jag skåda Gud utan mitt kött»  JOB

 

O SKORSTENARNA

På dödens sinnrikt uttänkta boningar

Då Israels kropp upplöst i rök

Drog genom luften –

Lik sotare mottog en stjärna den

Och svartnade

Eller var det en solstråle ?

 

O skorstenarna !

Frihetsväger för Jeremias och Jobs stoft –

Vem tänkte ut er och byggde sten för sten

Vägen för flyktningar av rök ?

 

O dödens boningar,

Lockande iordningsställda

För husets värd, som förr var gäst –

Och ni fingrar

Som lägger ingångens tröskel

Som e kniv mellan liv och död –

 

O ni skorstenar

O ni fingrar

Och Israels kropp i röken genom luften !

 

Sjølv om ho ikkje opplevde utryddingsleirane direkte bar ho med seg sitt folkets lidingar og sette ord på dei lik venen poeten Paul Celan. Begge betalte ein høg pris i form av store psykiske problem, men gjennom sin kunst minner dei oss om aldri å gløyma !

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar