lørdag 29. februar 2020

Kvinner i amerikansk poesi



Dag og Tid 21. februar


Kvinner i amerikanske poesi.
1. Emily Dickinson (1830 – 86)
«Søt og tolmodig om dagen./ Om natta:poet og rebell.» skriv  Åse Marie Nesse i eit dikt til Emily Dickinson. Denne eksentriske kvinna som alltid gjekk kledd i kvitt og knapt forlet heimen i Amherst i Massachusetts. Ho publiserte berre eit par dikt i si levetid, men etter hennar død vart det funne ei «skattekiste» med over 1800 dikt. Ho skulle berre visst at ho ein dag skulle bli rekna som ein av dei  største i engelsk språkleg poesi!

2. Joy Harjo ( f.1951)
Joy Harjo er ei allsidig kvinne, universitetslærar, songer og saksofonist, feminist, aktivist for urfolks rettar, men framfor alt poet. Ho høyrer til dei opprinnelege amerikanarane, «Muscogee Nation», og det meste av det ho skriv er prega av hennar etniske bakgrunn såvel av at ho er kvinne og multikunstnar. I 2019 vart ho av kongressen tildelt ærestittelen «Poet Laureate» som den første frå urinnvånarane i USA. Les «She Had Some Horses» frå 1983.

3. Joyce Sutphen (f.1949)
Ho er kanskje den minste kjente av desse tre, men ikkje i heimstaten der ho nyleg vart utnemd til « Minnesota`s Poet Laureate». Ho underviser i engelsk litteratur og har ein doktorgrad i renessanse drama. Frå debuten i 1995 har ho gjeve ut ei rad diktsamlingar, varme og personlege dikt om  dei nære ting, oppveksten på landsbygda i Minnesota,om foreldre, barn og barnebarn, om minne og livet som ein gong var. Ein kjenner seg att i hennar klare og sanselege bilete. Les «First Words» frå 2010.



Johannes av Korsets natt i vår tid

Opplysningane om at grunnleggaren av L`Arche og "Tro og Lys"  Jean Vanier  var overgriper  vart nok av mange møtt med vantru og mismot. Vi har  etterkvart vendt  oss til å leva med stadige nye overgrepssaker som har kome fram ilyset, Kyrkja har blitt rysta i sine grunnvollar og mange har vist både Kyrkja og trua ryggen. Det er forståeleg, og det er forståelege at dei som held fast ved trua blir grepne av eit sterkt ubehag og kjensle av vonløyse  i møte med desse tragiske historiane, Dette rammar ekstra hardt når det gjeld personar mange har sett opp til , men som så viser seg å ha ei mørk bakside. Fallet og mismotet vert desto djupare.

Heldigvis har  vi i tider med motgang søyler å støtta oss på , ein av dei mest solide er Johannes av Korset (1542 - 1591). Johannes er ikkje alltid så lett å forstå, men vi har to karmelittbrødre som set han inn i ein moderne kontekst, avdøydde broder Wilfrid Stinissen OCD  og biskop og kardinal Anders Arborelius OCD

Biskop Anders skriv:
"Vi behöver inte se det som bara en personlig process som vi behöver genomgå för att renas. Också Guds folk måste renas. Därför beskriver  Johannes av Korset ökenvandringen, Israels folk vandring genom öknen, som en natt. Jesus själv får, när han går ut i öknen i fyrtio dagar, ta på sig denna mänskliga verklighet, fast han var både Gud och människa. Han ville dela med oss erfarenheten av att bli utsatt för öknens frästelsar och svårigheter. Även Kyrkan går igenom en dunkel natt. Just nu konfronteras Kyrkan mycket med att synd och ondska  som har trängt sig in genom de många övergreppen. Det är en dunkel natt för Kyrkan, en rening, en helgelsesprocess för att bli befriad från allt det onda."

Dette er ein smertefull process både for den enkelte og for heile Kyrkja. Men Kyrkja har gått igjennom mørke nedgangstider før og kome styrka ut.
"Vi ser genom hela kyrkohistorien, att när det har kommit in slapphet och synd, kommer det ofta in en motkraft, den Helige Ande, som då sänder helgonen.Efter Reformationen, när Kyrkan fick gå igenom en nedgångsperiod, kom det den explosion av helighet. Likadant var det efter hedgångspeioden i samband med franska revolutionen."

Avslutningsvis skriv så biskop Anders:
" Johannes, vil peka på den del av verkligheten som vi vanligtvis avskriver: natten, mörkret, tomheten, torkan. Allt det som vi tror inte har någon betydelse har ofta större betydelse än vi tror. Ibland är det just i de djupt smärtsamma processerna som något nytt kan vaskas fram ur oss. När vi väl hamnar i den dunkla natten, är det inte omdelbart enkelt, för vi måsta gå igenom fattigdomen, ovissheten för att komma fram til en djupare överlåtelse. Vi kan inten omdelbart säga att det står i "Själens dunkla natt" på en viss sida hur vi skal göra och att det sedan går över. Så enkelt er det inte. Men lite ljus och ledning på vägen kan han ge oss, även om vi glömmer bort det när det är som värst. Vi får då lita på Guds nåd och försyn."





onsdag 19. februar 2020

The Cloud of Unknowing

1300 talet var ein rik periode for den engelske mystikken.  Best kjent er nok Julian of Norwich, mystiker og einbuar, som med sitt skrift "Revelation of Divine Love" framleis er ein  sikker vegleiar for dei som rører seg i den indre bønas univers. Forfattaren av eit anna skrift frå same periode, "The Cloud of Unknowing" er ukjent, men sannynlegvis ein geistleg  som levde i East Midlands siste halvdel av 1300 talet. Han er og ei sikker følgjesvein og vegleiar for dei som vel mystikkens veg.
Skriftet innleiar med eit lite vers med den enkle tittelen GOD:

unto whom all hearts are open,
unto whom all wills do speak,
from whom no secret thing is hidden,
I beseech thee
so to cleanse the purpose of my heart
with the unutterable gift of thy grace
that I may perfectly love thee,
and worthily praise thee.

AMEN








Slik er mi utgåve av "The Cloud of Unknowing" i Penguin classics frå byrjinga av 1980 talet

lørdag 15. februar 2020

1917

1917 er tittelen på regissøren Sam Mendes fil frå første verdskrig som går på kino no. Inspirert av bestefarens opplevingar i dnene krigen har Mendes laga eit drama der to soldatar, Blake og Schofield får i oppdrag å dra gjennom ingenmannsland for å varsla ein general om at der han har tenkt å slå til mot tyskarane er ei felle. Broren til den eine av soldatane er offiser i denne bataljonen og det blir ei nervepirrande kamp mot klokka å nå fram i tide. Alt er ikkje realistisk men vi får likevel eit sterkt inntrykk av å koma tett innpå denne brutale krigen som var byrjinga på alle dei følgjande krigane som herja det tjuande hundreåret. Seinare krigarar har vore vel så brutale og i større grad gått utover sivile, men Den første verdskrigen  blir likevel eit av dei sterkaste bileta på  kor meiningslaust krig kan arta seg.

I skyttargravskrigen vart tusenvis av unge menn sendt fram mot fienden gong etter gong, og meia ned på den mest brutale måte utan at noko som helst vart oppnådd militært. På begge sider  sit politikarar og militæreleiarar som kyniske manipulatorar med unge menneskeliv. Dei som ikkje vart drept eller såra bar likevel på djupe indre sår og krigen  som i Storbritannia blir kalla "The great War" sette sine spor på ein heil generasjon. det er genersjonen til mine besteforeldre som vart fødde på 1890 talet og min morfar ville utan tvil teke del i krigen dersom han ikkje hadde vore så heldig å bli fødd i Norge.
Alle som deltok i krigen er borte no, likevel kjennest ikkje dette så lenge sidan. Sam Mendes fil minner oss om det.

Vi markerte 100 års jubileet for krigens slutt i november 2018. Leiarane for Frankrike, Tyskland og Storbritannia møttest  i fred og forsoning, og ein krig mellom europeiske makter er i dag  heldigvis utenkeleg.







Kroppen

".....men ein kropp laga du til meg........."   (Hebr. 10.5)

I lange periodar i Kyrkjas historie har kroppen blitt nedvurdert, ein streng nærast kroppsplagande askese har vore idealet. Dette prega ikkje minst 1800 talets monastiske tradisjon og  var noko av det Therese frå Lisieux reagerte på. Dette representerte ei forvrenging av det som er kjernen i kristendomen og som kjem klarast til uttrykk i dei to sentrale hendingane i Evangeliet, nemleg Inkarnasjonen og Oppstoda. Dette er ei dramatisk oppvurdering av lekamen, ikkje minst i forhald til det som var tilfellet i gresk kultur og religion.
Wilfrid Stinissen skiv om dette i boka "Vanding med hvilepuls":

" Kroppen har et dårlig rykte i den tradisjonelle åndelige litteraturen. Selv uttrykket "åndelig litteratur" og "åndelig liv" er betegnende nok. En anser at ånden står i motsetning til materien og kroppen. Å føre et " åndelig liv" innebærer da at en tar avstand fra alt kroppsligeog alle kroppens behov. Egentlig burde vi ikke snakke om "åndelig" men om "himmelsk liv". Det himmelske livet - som allerede er begynt ( Ef 2.6) - utelukker ikke at vi har en kropp. Tvert imot kan kroppen vår bli en kilde til lovsng og takknemlighet. Og selve lovsangen blir så mye rikere og vakrere takket være dette. Det er kroppen vår som gjør at vi kan falle ned på være knær, at vi kan spille og danse."

Dei siste femhundre års dualisme med tradisjonen frå Descartes har medført eit skilje mellom det psykiske og kroppslege i vestleg kultur. Det heng igjen både blant folk flest og i ulike profesjonelle samanhengar, ikkje minst i det kunstige skiljet mellom kroppsleg og psykisk sjukdom. Moderne vitskap har stadfesta at dette skiljet er kunstig, vi menneske har ikkje ein kropp, vi er ein kropp !
Det  er med kroppen vi kjenner, føler, handlar, kommuniserar, tilber og er til.
Wilfrid Stinissen skriv vidare om dette:

"Åndelige" personer anser det ofte som selvopptatthet om en fester sin oppmerksomhet på kroppen. De glemmer at det alltid er via vår kropp at vi kommuniserer med hverandre. For å uttrykke abstrakte tanker er det tilstrekkelig med ord. Hjertets tanker derimot uttrykker vi med hele kroppen. Hvordan formidler vi vår kjærlighet, og hvordan kjenner vi igjen kjærligheten hos den andre ? Vi blir ikke overbevist bare av ord. Av erfaring vet vi hvor tomme og falske mange høflighetsfraser er. Men kroppen taler sannhet. Når ordene blir ledsaget av kroppens bevegelser, forstår vi at det er hjerte som taler: Varme og fasthet i blikket, en tilnærming med overkroppen, en viss måte å ta en i hånden på, en bestemt intonasjon og klang i røsten."









mandag 3. februar 2020

Ilse Weber og Auschwitz

Seks millionar døde i Holocaust blir bare statistikk og rører oss ikkje slik som enkelt lagnadar. Nokre få er kjente, dei fleste ukjente og minnest bare av sine næraste dersom det i det heile var nokon som overlevde katastrofen. Nokre er blitt kjent etter krigen avdi dei overlevde og skreiv om sin opplevingar etterpå. Døme på det er Eli Wiesel, Paul Celan, Primo Levi. Nokre svært få  blir rekna som martyrar og er helgenkåra, Edith Stein og Maximillian Kolbe er døme på det.
Ilse Weber(1903-1944) er på ein måte i ein mellomkategori, det er ikkje mange som har høyrt om henne, men ho etterlet seg spor i form av dikt og musikk, og minnet om ei kvinne som tok seg av dei  svakaste og mest forsvarslause, dei foreldrelause borna i konsentrasjonsleiren Theresienstadt. Ho trøsta dei og følgde dei like inn i døden.

Ilse Weber vart fødd av jødiske foreldre i Praha. Ho var sjukepleiar, men skreiv også barnebøker og lagde radioprogram for barn. Like før ho og mannen Willi Weber vart  sendt til Theresienstadt klarte dei å senda den eldste sonen til  Sverige og han overlevde dermed Holocaust. Ilse Weber skreiv meir enn seksti dikt i konsentrasjonsleiren og sette tone til fleire av dei. Mest kjendt er voggesongane ho sang og spelte for å roa dei foreldrelause borna ho tok seg av. Ilse, Willi og den yngste sonen Tommy vart sendt til Auschwitz i 1944. Det blir fortalt at ho song voggesongen Wiegala for borna då dei saman gjekk inn i gasskammeret og den evige svevnen.

Anne Sofie von Otter gav for ein del år sidan ut ein CD med musikk frå Theresienstadt saman med Bengt Forsberg, Christian Gerhaer og Daniel Hope. Far til Anne Sofie Otter var svensk diplomat under krigen og fekk kjennskap til Holocaust via ein tysk SS offiser  som med fare for eige liv fortalde diplomaten kva som føregjekk i konsentrasjonsleirane. Von Otter bar på ei sterk skuldkjensle for dette heile livet og det sette nok og sine spor i dattera Anne Sofie. Denne innspelinga er kanskje  eit forsøk på å formidla noko av det faren ikkje klarte å formidla !






Simon i Tempelet

"Poetenes evangelium. Jesu liv i norske dikt"  frå 1991 er ein antologi redigert av Håvard Rem og illustrert av kunstnaren og presten Bjørn Bjørneboe. Dikta føl kronologisk Det nye testamentet frå engelens bodskap til Maria til pinse. Her finn vi og eit dikt om Simon av Gunvor Hofmo, gripande illustrert av Bjørneboe. Eg deler det i dag, dagen etter Kyndelsmess.







søndag 2. februar 2020

Kyndelsmess

Vi feirar i dag minnet om at Jesus vart framboren i tempelet, frå gammalt Kyndelsmess.
Simeons lovsong er ein sentral del av Kompletorium - dagens avsluttande tidebøn som vart framført i alle kloster verda rundt og av alle som føler seg knytt til klostertradisjonen.


Jesus blir boren fram i tempelet
22 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. 23 For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren. 24 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.
   
 25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, 26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. 27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, 28 tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
          
   
 30 For mine auge har sett di frelse,
          
   
 31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
          
   
 32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»
        
33 Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. 34 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt 35 – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
   
 36 Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, 37 og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. 38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
   
 39 Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. 40 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.