lørdag 29. desember 2012

Nun komm, der Heiden Heiland

"Nun komm, der Heiden Heiland
der Jungfrauen Kind erkannt
des sich wundert alle Welt
Gott solch Geburt ihm bestellt."

(Kom no heidninganes Frelsar
Jomfruas barn
heile verdas under
Gud ordna slik ein fødsel for han)


I juletida kan ein alltid venda tilbake til Johann Sebastian Bach og hans musikk. Sjølvsagt det som har vorte kjent som Juleoratoriet men og andre julekantater som "Bereitet die Wege, bereitet die Bahn" eller " Nun komm der Heiden Heiland". I det siste tilfellet har Bach nytta Martin Luthers tekst basert på ein adventshymne frå 400 talet, "Veni Redemptor genitum".
Både musikk og tekst passar så godt saman med Georges de La Tours (1593-1652) julebilete som er sett inn under.


https://www.youtube.com/watch?v=9GM2hpS64Sc




"Amen, amen, amen
Komm du schøne Freuenkrone,
bleib nicht lange !
Deiner wart`ich mit Verlangen"

(Amen, amen, amen
kom du vakre gledeskrune
vent ikkje lenge
eg ser fram til deg med lengting)


Poetica:Nyttårsbøn

Den franske målaren Georges de La Tour (1593-1652) har lenge fascinert meg. Kunsten hans gjekk i gløymeboka etter at han døydde , men på byrjinga av 1900 talet vart oppdaga på nytt. Det har etter kvart dukka opp ei rekke måleri som vert tilskreve denne ukjente 1600- talls kunstnaren. Mange av bileta hans har sentrale bibelske motiv, ofte er det kvelds eller nattscener der ein einslege oljelampe er det einaste som opplyser personane på biletet. Ljoset, skuggen og den mørke bakgrunnen gjer eit heilt unikt inntrykk som eg ikkje har sett i andre bilete. Inspiret av måleriet under skreiv eg denne vesle teksten når vi no står framom eit nytt år.


               Nyttårsbøn

Kvelden  legg seg rundt oss no

barnet søv så roleg og lett

raude kinn og mjølkedråpar i munnviken

mett og varma av brystet ditt

ei veke gammalt  i natt

inga visse om liding og sorg

berre gleda eig du åleine.

Velsign oss  med barnet ditt

Miriam frå Nazaret !

Be for oss alle  du som vaker og ber

i år og tid som kjem og vert !

 

 

 

tirsdag 18. desember 2012

Nåden

Evelyn Waughs roman frå 1945 " Brideshead  Revisited. The sacred & Profane Memories of Captain Charles Ryder" er ein roman om nåden eller " the operation of grace" som forfattaren uttrykkjer det i ein artikkel. Det kjem klart til uttrykk på slutten av romanen der den gamle Lord Marchmain ligg på det siste. Som ung gifta han seg med ei katolsk kvinne og vart teke opp i kyrkja, seinare forlet han henne og har levd det meste av livet med  ei elskerinne. Når døden nærmar seg vil han ikkje sleppa inn presten som blir tilkalla, han har levd som ein heidning og vil døy som ein. Presten tek det heile roleg, han har sett verre tilfelle som til slutt likevel får ein god død. Det blir også tilfelle med Lord Marchmain, til slutt  slepp nåden igjennom og han tek i mot sakramenta. For hovudpersonen Charles Ryder blir det og eit vendepunkt som gjer at han som soldat mange år seinare kan knela i kapellet, og seia fram " an ancient, newly learned form of words." Det som er Kyrkjas eldgamle bøner.
Eit avsnitt i Wilfrid Stinissens bok "Når natten faller på. Den indre bønnens veg" seier noko om det same i eit meir teologisk språk. Eg les denne boka om igjen i ny utgåve. Eigentleg er det ein klassikar som først gong kom ut på 1960 talet, i norsk og svensk utgåve på 1970 talet. No i ny og utvida utgåve, vel verdt å lesa ikkje minst i adventstida.



”I  människans indre håller en tomhet på att grävas ut, en tomhet som inte kan fyllas med yttre ting. Kampen med Gud varar länge: Jakob brottades hele natten, ” tils dagen grydde” (1 Mos 32:24). Men på samma sätt som Jakob var halt resten av livet, så blir också den människa som varit i kontakt med Gud märkt for livet. Vi kan bli otrogna, under flera år vara borte från Gud, vi kan ge upp bönen, kanske til og med bryta med tron, ändå blir det alltid någonting kvar av denna förste gudsberöringen: en förebråelse, ett samvetskval, en oro, en absolut oförmåga att finna frid. Julien Green (1900-1998) skriver i sin dagbok:” Den 18. mai 1959: I dag har tanken slagit mig att en obesvarad kallelse alltid förföljer en människa hur hon än försöker undslippa den. Gud har ju kallat och han upphör inte att kalla. Man lyssnade inte til honom men hans stämma förföljer en. Det gör ens liv egendomligt och liksom haltande, som stegen hos en person som tid efter annan går vid sidan av vägen och likväl förblir märkt.”



"Dessuten veit de kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss  
nærare no enn då vi kom til trua.Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja vekk bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning   som høyrer lyset til " ( Rom 13.)

søndag 16. desember 2012

Ei rose er utsprungen

"Quem pastores laudavere
Quibus angeli dixere:
Absit vobis iam timere,
Natus est rex gloriae."

( Han som gjetarane lovpriste
  som englane song til:
  ver ikkje redde
  ein ærefull konge er fødd.)

Teksten ovanfor er innleiinga til "Quem pastores laudavere" er ein av Michael Praetorius ( 1571-1621) sine mange vakre julesongar.
Han var ein produktiv barokk komponist, men det er  kanskje bare ein av hans komposisjonar som har vorte allment kjent, nemleg "Es ist ein Ros`entsprungen"(Ei rose er utsprungen). For mange er det den vakraste av alle julemelodiar. Opprinneleg er det ein tysk folkemelodi frå Middelalderen med tekst av ein ukjent person på 1300 talet. Michael Praetorius arrangerte tekst og melodi for fire stemmer, og så levde den vidare gjennom hundreåra, gjennom kulde og vinter heilt til lyset som bryt igjennom alt mørkre.


         Michael Praetorius` julenatt.

Ha takk for mørkret
som favnar oss alle no
utan det ville ljosa som vert tent
berre vore ein bleik avglans
av solgylte seinsommardagar.

Ha takk for kulden
som ikkje synest å sleppa taket
når den først har grepe oss
uten den ville varmen frå heimkoma
berre vore som eit lite bål i skogkanten

Ha takk for rosa
som sprang ut i snødrevet
utan den ville vona
berre vore som minne frå draumen
kasta inn på morgonstranda

Ha takk for barnet
som vart oss gjeven
”Mitten im kalten Winter,
Wohl zu der halben Nacht“
utan det ville nåden
aldri tøygd seg mot oss
tolmodig ventande.


lørdag 15. desember 2012

Rorate caeli

Rorate cæli desuper, et nubes pluant iustum.
Gud, hør oss, send fra himlens skyer, som dugg og regn, den rettferdige.


Grytidleg, vi går ut i mørket, kulden og snøen for å feira Rorate messe, ein gammal katolsk adventstradisjon. Mørket før daggry, levande lys og stilla maner til bøn og ettertanke i forventning om det som skal koma.
Messa blir innleia med hymnen Rorate caeli. Adventshymnen som handlar om den rettferdige som skal koma!

Hymnen avsluttar slik:
Consolamini, consolamini, popule meus: cito veniet salus tua: quare mærore consumeris, quia innovavit te dolor? Salvabo te, noli timere, ego enim sum Dominus Deus tuus, Sanctus Israel, Redemptor tuus.
Trøst deg, mitt folk, trøst deg og gled deg, du mitt eget folk: Snart kommer din Frelser og frir deg ut! Hvorfor sukker du i sorg og klage, hvorfor lar du smerten overvelde deg? Jeg skal frelse deg, frykt derfor ikke. Til evig tid er jeg din Herre og din Gud, Israels Hellige og din Forløser.

Rorate cæli desuper …
Så kan vi gå ut i vinterdag  fulle av glede og forventning!

torsdag 13. desember 2012

Johannes av Korset

"Nå da troen på Kristus er grunnfestet, og Evangeliets lov i denne nådens tid er blitt forkynt, er det ikke lenger noen grunn til å utfritte Gud på samme måte som før, og heller ikke for ham å tale og svare slik han før gjorde. Ved å gi oss sin Sønn, som er hans Ord, har han ikke flere ord å komme med. Alt har han sagt oss en gang for alle i  dette ene Ord. Han har ikke mer å si oss.
Dette er meningen med den tekst hvor den hellige Paulus vil få hebreerne til å frigjøre seg fra foreldede skikker og måter å omgåes Gud på som var gjengs under Mose lov, og til å feste blikket på Kristus alene. Han skriver:" Mange ganger og på mange måter talte Gud fordum til våre fedre gjennom profetene, men nå ved tidenes ende, har han talt til oss gjennom Sønnen."

Slik skriv Den heilage Johannes av Korset( San Juan de la Cruz) i "Bestigningen av fjellet Karmel." Vi feirar i dag 14. desember minnedagen hans. Johannes levde frå 1542 til 1591, han gjekk inn i Karmelittordenen i 1563 og vart prestevia i 1567.  Han vart formelt kanonisert i 1726. 
Saman med Den heilage Teresa av Avila var han Karmelittordenens store reformator og fornyar. Men Johannes har nådd langt utover såvel Karmel som Den katolske kyrkja. Han blir rekna som ein av Spanias store poetar, og ingen som nærmar seg den indre bønas veg kjem utanom Johannes. Han er ein sikker vegvisar inn i bøn og mystikk.
Teksten ovanfor står under Matutin i tidebønene for Adventstida, og passer godt når vi no snart skal venda andletet mot Betlehem.

mandag 10. desember 2012

Antonio Caldaras julekantate

"Gla mi sento intenerir,
e commover a pieta.
Chi Bambin sul fieno giace
non piu guerra ma vuol pace
risanar, e non ferir
vuole amor non crudelta"

(eg kjenner meg alt mjukare
og rørt til medkjensle.
Når spebarnet som ligg i høyet
ikkje ønskjer krig men fred
å lækja, ikkje å skada,
ønskjer kjærleik ikkje vondskap)

Antonio Caldaras( 1670-1736) julekantate er kanskje ikkje det dei fleste forbind med julemusikk, men for meg har det lenge vore musikk å lytta til i adventstida.
I Roma var det lenge tradisjon å framføra ein kantate i Palazzo Apostolico på julafta. Kvart år var det ein ny komponist  som fekk æra av å framføra sitt verk framfor paven og innbudde gjester.
Antonio Caldara var frå Venezia men hadde opphalde seg i Roma frå 1709. I 1713 fekk han framføra sin julekantate framom det ærverdige og kanskje lydhøyre publikumet.
Antonio Caldara var ekstremt produktiv i si levetid, mange tusen verk ber hans navn. Han komponerte 80 operaer og omlag 150 messer i tillegg til ei mengde kortare musikkstykke.
Eg har tidlegare skreve om det  vakre verket " Maria Magdalena ved Kristi føtter." Vel verdt å lytta til og verta oppløfta av."
Antonio Caldara verka på slutten av livet som visehoffkapellmester ved hoffkapellet i Wien der han døydde i 1736.


Lenke til litt av Caldaras julemusikk:
https://www.youtube.com/watch?v=Ah-_2tqpiQc


søndag 9. desember 2012

Husk oss til livet - jødiske skjebner 1940-45

"Husk oss til livet  - jødiske skjebner 1940-45" er tittelen på ein nyleg opna utstilling i "Jødisk museum" i Oslo. Bakgrunnen er sjølvsagt at det nyleg er 70 år sidan norske jødar vart arrestert og deportert. Totalt vart 772 norske jødar deporterte, bare få kom tilbake i live.  Denne utstillinga fokuserar på livet til norske jødar før katastrofen ramma. Vi  møter familiehistoriar og individuelle historiar gjennom tekst, bilete og gjenstandar som er teke vare på. På denne måte vert holocaust noko meir enn statistikk, det er snakk om enkelt individ, menneske med navn og identitet som har levd sine heilt vanlege liv i Norge. Brått blir dei arrestert og deportert utan annan grunn at dei høyrer til det jødiske samfunnet. Det gjer sterkt inntrykk ikkje minst eit fotoalbum frå eit lita jentes fødsel til to års dagen. Resten av albumen er tomme sider !
Ein del av ustillinga viser den byråkatiske prosessen bak arrestasjonen og deportasjonen. På same måte som når vi les om Wannsee konferansen, ligg det  ein kald og kynisk planleggings-prosess bak pågripinga av dei norske jødane. Med politiinspektør Knud Rød i spissen var alt planlagt  til minste detalj og gjennomført etter planen. Skremmande !


Aldri gløyme ! Gå og sjå utstillinga !

lørdag 8. desember 2012

Antisemittisme i Norge

"Mange trodde at antisemittismen i Norge døde med holocaust. Vi har i år, gjennom flere undersøkelser, fått beskreftet at antisemittismen er høyst levende." skriv Ervin Kohn, leder og forstander i Det Mosaiske Trossamfunn i Oslo i ein artikkel nyleg."
Tidlegare i år beklaga stastminister Stoltenberg nordmenns deltaking i deportasjonen av norske jødar. Nyleg kom politidirektør Humlegård  med ei tilsvarande beklaging over norske politimenns deltaking i jødedeportasjonen. Kohn stiller spørsmålet om når Den tredje statsmakt, domstolane også kjem med ei slik erklæring. Det er eit svært relevant spørsmål i og med at norske domstolar frifann politiinspektør Knud Rød  i rettsoppgjeret etter krigen. Knud Rød var hjernen bak planlegginga og den praktiske gjennomføringa av massearrestasjonen av jødar i 1942. Retten meinte at han ikkje på nokon måte hadde opptrådd "unasjonalt."
Det kan og vera på sin plass å peika på domsavgjerder frå dei siste åra. I 2002 vart nynazisten Terje Sjølie frifunne av Høgsterett for å ha kome med antisemittiske ytringar. I 2008 vart terroristen Arfan Bhatti dømd for skyting mot synagogen, altså¨skadeverk på bygningen, men ikkje for terror.
Spørjeundersøkjingar har vist at ein aukande andel nordmenn har eit negativt syn på jødar.
Det jødiske samfunnet i Norge opnar difor ei nettside der ein kan registrera antisemittiske utsagn og handlingar. Men å motarbeida antisemittismen i vårt samfunn er ikkje ei oppgåve primært for det vesle jødiske samfunnet, det er ei oppgåve for både norske styringsmakter og for kvar einskild av oss.
Aldri gløyme!



Marias upletta unnfanging

Antifon til Matutin: Da hun ble unnfanget, ble Maria velsignet av Herren og fant miskunn hos Gud , sin Frelser.

El Grecos måleri av " Den upletta unnfanging."

Vi feirar i dag festen for "Jomfru Marias upletta unnfanging."
Sjølv om detet vart dogme først i 1854, har det vore ei utbreidd tru så vel blant dei første kristne som hos Middelalderens teologar.
Ved Guds nåde vart Maria halde fri frå arvesynda for å kunna føda Guds Son. Som alt ved Maria viser også dette fram mot inkarnasjonens mysterium. Maria vil aldri ta fokus frå Jesus, hos viser alltid veg til Sonen.


Dios te Salve, Maria,
Ilene eres de gratia,
el Senor es contigo,
bendita tu eres entre todas les mujeres,
y benedito es el fruto de tu vientre, Jesus.
Santa Maria, madre de Dios,
ruega por nosotros pecadores
ahora y en la hora de nuestre muerte
Amen.


onsdag 5. desember 2012

Den heilage Birgitta

"O Herre, allmektige Gud !
Jeg vet at jeg har fått alt av deg
og at uten deg er jeg ikke noe
og jeg er ikke i stand til noe annet
enn hva jeg selv har gjort
nemlig synden
Derfor ber jeg i ydmykhet om at du i godhet
ikke må behandle meg slik
som mine synder fortjener
men etter din store barmhjertighet.
Send din Hellige Ånd
for å opplyse mitt hjerte
og for å styrke meg på min vei,
slik at jeg må bli i stand
til også i fremtiden å gjøre det gode
som jeg har skjønt at jeg må gjøre
gjennom din innskytelse,
slik at jeg aldri må skilles fra deg
på grunn av noen fristelse."

Bøn av Den heilage Birgitta ( IV.74)


                                               Birgitta og dattera Katarina.



Casa di Santa Brigida  ved Piazza Farnese slik det ser ut i dag. Å bu her gjev ei kjensle av å vera samtidig med Birgitta. Birgittasøstrene viser oss rommet der ho levde og døydde. Det er naturligvis heilt annleis enn på 1300 talet, men her er bilete og relikviar, klesplagg og den harde planken ho låg på. Det heilage er brått så nært.
Ein kjem ikkje utanom Birgitta når ein skal tala om middelalderhistorie, ingen anna kvinne i Skandinavia fekk så stor betydning som henne så vel  i samtida som i ettertida. Birgitta vart heilagkåra alt i 1391, bare atten år etter siden død. Meir enn seks hundre år seinare  i 1999 stadfestar pave Johannes Paul at ho er skytshelgen for  heile Europa  saman med to andre store kvinner, Katarina av Siena og Edith Stein.
At ho og ,er skytshelgen for Sverige, for pilegrimar, for legar og for ein fredeleg død  blir eit bilete på
kor vidt ho favna. Birgitta, fødd i 1303 på garden Finsta i Upplandet len. Ho vart fødd inn i ei stormannsslekt med mange mektige og leiande personar. Alt som barn hadde ho visjonar og ville helst gå i kloster, men vart gift med Ulf Gudmarsson. Saman dreiv dei den store garden Ulvåsa og dei fekk åtte barn saman Den meste kjende er Katarina som seinare vart ei viktig støtte for mora  i Roma. Birgitta og Ulf drog på pilegrimsreiser både til Nidaros og seinare til Santiago de Compostela. Ulf vart sjuk på vegen heim og døydde i 1344,
Birgitta var då vel 40 år gammal og står framfor nye store oppgåver. Ho vert ein av dei store visjonære som får stadige bodskap  direkte frå Gud, samstundes er ho praktisk og jordnær med politiske interesser.
I 1349 får ho ein åpenbaring  der ho blir bedt om å dra til Roma. Birgitta hadde to mål med reisa til Roma, å få paven tilbake frå Avignon til Roma  og å grunnleggja ein ny klosterorden. Ingen av delene fekk ho oppleva i si levetid, ho fekk
likevel stor innverknad på si samtid dels som følge av sine visjonar som vart skreve ned og spreidd, og dels som følge av sitt fromme og asketiske levesett. Ho vart etter kvart buande på Piazza Farnese avbrote av diverse reiser, sist til  Det heilage landet like før ho døydde i 1373. Året etter vart lekamen hennar   bore heim til Vadstena i Sverige. Dattera Katarina heldt fram moras arbeid og fekk etterkvart pavens godkjenning av Birgittas orden. Vadstena vart sentrum for ordenen som etterkvart spreidde seg utover i Europa. Munkeliv utanfor Bergen var det einaste norske Birgitta klosteret


"Santa Brigida, intrepida nel servigio di Dio, pregate per noi."

torsdag 29. november 2012

Den salige Elisabeth Hesselblad

Elisabeth Hesselblad ( 1870-1957) er av enkelte blitt kalt "Den andre Birgitta". Kanskje med rette for ho fornya Birgittinarordenen og førte den tilbake til Vadstena og Sverige igjen. Ho vart saligkåra av pave Johannes Paul 9.april 2000.Festdagen hennar er 04.juni.
Hos birgittasøstrene i Casa di Santa Brigida på Piazza Farnese der ho levde og døydde, er ho framleis til inspirasjon og etterfølgjing. Der er godt å bu hos birgittasøtrene, ein blir prega av stemniga i huset, både den heilage Birgitta og Den salige Elisabeth Hesselblad blir nærverande for oss. Søster Marja-Lisa  viser oss rundt i huset og forklarar inngåande om desse to store kvinnene som levde og døydde der.
Elisabeth er kanskje ikkje så kjent som sitt store ideal frå 1300 talet. Ho vart fødd i ein barnerik familie i Fåglavik i Sverige i 1870. Familien tilhøyrte den lutherske svenske kyrkja. Som attenåring reiset ho til USA og utdanna seg til sjukepleiar ved Roosevelt sjukehuset i New York. Ho kom i kontakt med katolisismen gjennom såvel pasientar som katolske vener.  Ein dag overvar ho sakramentsprosesjonen på Kristi lekamsdag, ho opplevde då at ei indre røyst sa til henne:"Eg er den du søker." Ho knelte ned og vegen var  dermed lagt for henne vidare livsløp. 15. august i 1902 på Maria Himmelfartsdag vart ho teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap. Det er interessant at også andre nordiske konvertittar som Niels Steensen og Karl Schilling har hatt tilsvarande opplevingar i samband med sakramentsprosesjon !
Elisabeth ville utdanna seg til lege men vart sjuk, og ein trudde at ho hadde kort tid igjen. Ho drog då til Roma og fekk bu i Casa di Santa Brigida saman med karmelittsøstrene som heldt til der. Paven gav henne løyve til å verta ikledd birgittasøstrenes drakt, og i 1911 starta ho ein liten birgittiner kommunitet.
Den vart stadfesta av paven i 1920, og ikkje så mange år etter lukkast det for henne å få Birgittas orden tilbake til Sverige sjølv om det enno var forbod mot klosterordenar der.
Under andre verdskrig gjorde ho ein stor innsats i å hjelpa både jødar og politiske flyktningar. I forlenginga av det eg skreiv 26. november må det nevnast at ho i 2004 vart heidra for å ha hjelpt  forfølgde  jødar under krigen. Ho fekk då sitt navn på det jødiske minnesmerket Yad Vashem, "The righteous among the Nations" i Jerusalem.
Elisabeth Hesselblad  døydde ikkje i 1904 som ein trudde, men levde like til 1957. Då hadde ho ein livslang stor innsats bak seg,både for Birgittinerordenen, for Kyrkja generelt og for dei forfølgde og utstøtte.


søndag 25. november 2012

26.november - aldri gløyme!

Det er 70 år sidan 26. november 1942, ein skammens dag.  Tidleg på morgonen var eit hundretals drosjar samla framfor inngangen til Vigelandsparken i Oslo. 150 mann frå det norske statspoliti, 60 mann frå kriminalpolitiet, 60 frå Hirden og 30 frå Germanske SS-Norge( altså alle nordmenn) hadde fått følgjande instruks: " Alle kvinnelige jøder med J. i passet samt deres barn skal anholdes..." Instruksen vart overhalde til punkt og prikke. 532 jødar vart brakt ombord på lasteskipet "Donau". Båten vart liggande verfast i ytre Oslofjord og kom seinare enn planlagt til Stettin. Det var snøfokk og bitande kaldt då jødane vart overført til godsvogner på den 60 mil lange jernbanelinja som enda i Auschwitz. Det er advent, første desember i det dei er dei framme i konsentrasjonsleiren, 346 personar blir utsortert for å gå rett i gasskammeret. Av desse er det 188 kvinner, 42 barn og 116 arbeidsuføre menn.
Ein av desse 346 veit vi meir om enn dei fleste andre, det er Ruth Maier,  jødisk flyktning frå Wien som kom til Norge i 1939. Vi kjenner henne avdi ho var nær veninne av forfattaren Gunvor Hofmo, og hos skreiv heile tida dagbok. Dagboka vart utgjeven i 2007 takka vera forfatteren Jan Erik Vold. Hausten 1942 er Ruth 22 år gammal, ho går på kveldskurs ved Kunst- og Håndversksskolen og bur på hybel i Dalsbergstien 3.
Klokka fem om morgonen blir ho brutalt vekt av  to norske(!) politimenn, og slept ned trappene til ein ventande drosje. Dei andre jentene i hybelhuset vaknar av bråket, ein av dei tilbyr seg å ta vare på gullarmbandet til Ruth til ho kjem tilbake. Ruth svarte:"Jeg kommer aldri tilbake."
Veninna Gunvor Hofmo dreg ned til havna der "Donau" ligg klar, Ruth lukkast å smugla eit lite brev ut til henne. " Jeg tror det er like bra at det er kommet til dette. Hvorfor skal ikke vi lide når det er så mye lidelse til ? Bekymre deg ikke om meg. Jeg ville kanskje ikke bytte med deg."

Donau forlet havna i Oslo med 532 norske jødar.

Ruth Maier hadde kunsteriske evner, ho skreiv og malte akvareller.
Gunvor Hofmo skreiv mange dikt  inspiret av hennar døde veninne:

" Du malte din død.
  Din død gikk foran deg og skar i tingene
  så de åpnet seg i brennende pine
  og du kjente sommeren ånde i sorg over din unge død
  grenene rispet kvelden
  duftene fra havene du ikke skulle se mer
  steg bittert i deg
  og de hvite benkene i skumringens parker
  løftet seg som svaner."

Minnestein sett ned  utanfor Dalsbergstien 3. Aldri gløyme !

lørdag 24. november 2012

Bioethics and Christian Europe

Årets europeiske kongress for katolske legar med tittelen "Bioethics and Christian Europe" vart arrangert i Roma  15-18. november. Det var ein samarbeid mellom den europeiske katolske legeforeninga med leiar Francois Blin og den lokale italienske avdelinga AMCI som er leia av Vincenco Maria Saraceni. I invitasjonen til kongressen peika dei på eit Europa i krise, ikkje berre økonomisk krise men også moralsk når ein ser ut til å ha mista kontakten med kontinentets kristne røter. Verdiar som vi har oppfatta som universelle er under hardt press. Livet til dei veikaste blir ikkje lenger repektert, ekteskapet som institusjon er på vikande front, pengemakta trugar menneskets grunnleggande verdi. Når dei etiske grunnpillarene i vårt samfunn er truga blir det ei spesiell utfordring til oss legar, og særleg for vårt engasjement i fagfeltet bioetikk. Kongressen la opp til ei brei dekking av dei ulike aspekt ved bioetikken. Visjonen  var at Europa med utgongspunkt i våre felles jødisk-kristne røter kan dela ei felles etisk ramme som kan bringa menneskeheten - skapt i Guds bilete - til si fulle utfalding.
Første dagen var via til dei meir prinsipielle og filosofiske aspekta ved etikken. Kva skil kristen og sekulær etikk ? Seinare gjekk ein grundigare inn på dei ulike etiske problemstillingane i forhold til tema som abort, fosterdiagnostikk, nyfødtmedisin , eutanasi opg helsepersonells reservasjonsrett. Det siste teamet er ikkje minst aktuelt for oss i Norge, og kommunelege Gunnar Grøstad Johnson gjorde i sitt innlegg greie for situasjonen i Norge der vi opplever at samvittighetsfridomen er under stadig større press.
Det var første gong at norske legar deltok på denne kongressen, leiaren Francois Blin merka seg det.
Vi var i underkant av ti deltakarar, både medlemmer i Den nordisk katolske legeforeningen og frå Norges kristelige legeforening.
Vatikanet var absolutt merksam på denne kongressen, nest siste dagen var det messe i Peterskyrkja og deretter audiens med paven.
Kongressen vart avslutta med messe leia av  statssekretær i Vatikanet kardinal Tarcisio Bertone
I Chiesa del Sacro Cuore som ligg på orådet for Universita Cattolica der kongressen vart arrangert.
Vi vart inspirert både andeleg og  når det gjeld etisk refleksjon.

Frå audiensen med pave Benedict

Kardinal Tarcisio Bertone.

                                                Ama il prossimo tuo come te stesso.


fredag 23. november 2012

Biskop Olav Trondsson i Roma

"Cui dederat sacram merito Norwegia sedem
hic tegnit Olavi frigidus ossa lapis.
Obit Romae anno Salutis MCCCCLXXIIII
die XXV Mensis Novembris.

Under denne gravskrift kvilte fordum
her i Sankt Augustins kyrkje
Nordmannen OLAV Throndsson
24de erkebiskop i Nidaros 1439-1474
Det apostoliske setes legatus i Norge
Ved hans lenge gløymde legstad sette
landsmenn honom ein ny stein til minne
I Herrens år 1924."

Ei minneplate med denne innskrifta finn vi på ein av søylene i San Agostino kyrkja i Roma. Kyrkje ligg like ved Pantheon og Piazza Navona. Erkebiskop Olav Trondsson døydde under si andre vitjing i Roma i samband med jubelåret 1475. Det fekk han ikkje oppleva , han døydde 25. november 1474. Med han var den nyleg innsette biskopen i Bergen  Hans Teiste som nok gav han dei siste sakramenta og sytte for gravferda.
Olav Trondsson hadde vore i Roma før. Det hadde  lenge vore strid om Nidaros erkebispestol men  i 1458  vart det avgjort at Olav skulle bli ny erkebiskop. Året etter drog han sørover, han møtte paven i Perugia og vart der via til erkebiskop. I tillegg til å motta sitt pallium hadde han forskjellig oppdrag for kongen. Alt gjekk fint, og sommaren etter kom han heim og overtok sitt bispedømme som han skulle koma til å sitja i omlag 15 år. Det er ikkje så mange kjelder frå denne tida, men  det kjem fram at knapt nokon hadde noko negativt å seia om Olav. Han var "ein heiderleg, klok og viseleg mann."  Han gav mykje  av sitt arvegods til domkyrkja, men hadde og interesse for dei perifere områda i  bispedømmet. Hodal i Herjedalen fekk eiga kyrkje og prest, bøndene takka biskopen ved å senda  han seks pund gjedde i fastetida.
Sommaren 1474 vart det innsett ny biskop i Bergen. Då Olav reiste frå Bergen hadde han følgje med den nye biskopen Hans Teiste. Ferda gjekk til Roma,  Olav skulle aldri få sjå heimlandet igjen.
Hans Teiste kom attende til Bergen og levde til like etter år 1500.
Det er underleg å stå som turist og pilegrim framom grava hans mange hundre år etter. Eg reflekterar over kor nær Norge var knytta til Europa på denne tida, trass i dei lange avstandane. Nordmenn  drog som pilegrimar til Roma og Santiago de Compostella, geistlege drog til Paris og Roma for å studera. Språket var ikkje noko problem, dei kunne kommunisera på det kyrkjelege fellesspråket latin. Liturgien var likeså kjent, alle var ein del av den verdsvide Katolske kyrkja.

Minneplata over Olav Trondsson som vart sett opp i 1924

torsdag 22. november 2012

Poetica:Det vi tala om

Det vi tala om


No skil vi ikke lenger
mellom  det vi ein gong tala om
og det som var
ein uforløyst løyndom
like attmed oss,
det følgde oss tett
like i hælane vår
av og til ein skugge i skogbrynet
fort borte
ein annan dag
einslege fotefar i mosen
der vi gjekk like etter
oftast berre ei uklar kjensle
av noko som er
snudde vi oss
lydde det som
ei fin risling av vatn
eller kram snø like etter nyttår
Ordet som er
sjølv om røystene teier.


Poetica:Oktober


                               Oktober
                     
                           tunn ishinne
                           speglande
                           haustklår oktober
                           djupet
                           du  trør varleg
                           langt der nede
                           løyndomar. 

søndag 11. november 2012

Abrahams gjestebod

"Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøre midt på heitaste dagen. Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: "Herre, dersom du har godvilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger - sidan de no har lagt vegen om tenaren dykka." Dei svara: "Ja , gjer som du seier!"
Ikonet som er kjent under navnet "Abrahams gjestebod" eller "Den gammaltestamentlege Treeininga" byggjer på denne teksten frå 1.Mos 18. Etter ortodoks tradisjon er dei tre mennene eit levande bilete på Treeininga. Gud kan ikkje avbildast direkte, men gjestinga hos Abraham gjev høve til ein indirekte framstilling. Dei tre mennene vert vanlegvis framstilt som tre englar som sit rundt eit bord som er dekka med ein eller fleire kalkar. Dei tre englane kan innesluttast i ein sirkel og er eit bilete på dei tre personane i Treeininga. Måltidet Abraham steller i stand til dei er eit profetisk bilete på nattverden, og bordet er eit symbol på altaret der Kristi offer vert nærverande.
I Hebrearbrevet 13 finn vi og ein setning som viser til denne hendinga. " Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester."
Dette er det kanskje allment mest kjente ikon motivet. Den russiske ikonmålaren Andrej Rublov (1360-1430) skapte ca 1410 si framstilling av "Abrahams gjestebod" som dei siste åra har blitt nytta som illustrasjon i mange ulike samanhengar.
                          
Andrej Rublovs ikon heng  i Tretyakov galleriet i Moskva. Sjølv om det her er teke ut av sin liturgiske samanheng gjorde det likevel eit svært sterkt inntrykk å stå andlet til andlet med denne framstillinga av Treeiniga.

Solrun Nes sin variant av dette temaet.

fredag 2. november 2012

Ein liten siger


              Ein liten siger.

Gatene ventande

enno utan vinterens tålmod

ettermiddagssola fell skrått no

nesten parallelt med husveggen

eg kunna ha grepe etter lyset

og klatra på det

og så i eit sprang

gått frå oktober til mars

eller like godt andre vegen

ein liten siger over

månadar og dagar

men kanskje ikkje over

sekund og minutt.

 

 


onsdag 31. oktober 2012

Simone Weil

”Jeg har hele tiden holdt meg nøyaktig på dette punkt, på terskelen til Kirken, uten å bøye meg, urørlig , έν ύπομονη – en hypomoné (ventande tolmodig)   -  dette ordet er langt vakrere enn patientia. Bare mitt hjerte er nå, for alltid håper jeg, ført bort og gjemt i Det Hellige Sakramentet opp på alteret….”
Slik skriv Simone Weil ( 1909 - 1943) i  "Et brev om den indre livsvei".  Det er eit av breva ho skreiv til dominikanerpater Perrin på slutten av livet. Her gjer ho greie for kvifor ho vel å stå utanfor kyrkja trass i at ho langt på veg deler den kristne trua. Hennar kall er å stå utanfor . "Det står for meg at det er Guds vilje at jeg ikke skal tre inn i kirken."
Heilt frå eg første gong høyrte om henne har eg vore fascinert av Simone Weil, som på mange måtar er ein av dei mest spennande kvinnelege tenkjarane frå det tjuande hudreåret. Det er ikkje lett å karakterisera og plassera henne i dei store retningane i historia, eller rettare sagt det er umogleg. Simone Weil vart fødd inn i ein velståande, sekulær jødisk familie i Paris. Tidleg viste ho store intelektuelle evner og studerte filosofi og underviste seinare i dette faget. Ho lærte både gresk og sanskrit og fordjupa seg i såvel gresk filosofi som Bhagavad Gita. Men kanskje vel så karakteristisk for henne som filosofien var den djupe medkjensla og solidariteten ho alt frå tidleg barnealder opplevde i forhald til alle lidande. Seks år gammal nekta ho å eta søtsaker så lenge heller ikkje soldatane på Vestfronten fekk det same. Seinare engasjerte ho seg politisk på venstresida, men vart aldri formelt medlem av kommunistpartiet og marxismen som ideologi skreiv ho kritisk om. Det var ikkje ideologi som dreiv henne men ei sterk solidaritetskjensle med arbeidarklassen. Ho levde som ho lærte, noko som førte til at ho lenge arbeidde som vanleg arbeidar ved samlebanda i Renault fabrikken.Seinare melde ho seg frivillig i den spanske borgarkrigen på republikansk side, men vart sendt heim etter kort tid pga. ein skade.  Ho hjelpte tyske kommunistar å flykta frå naziregimet, og sørgde for at Trotsky fekk bu hos foreldrene hennar i Paris. Samstundes argumenterte ho for at kommunistiske byråkratar kunne bli like undertrykkande som kapitalistane. Då krigen braut ut melde ho seg til den franske motstandsrørsla, helst ville ho vore ved fronten, men helsa var så dårleg at ho vart sette til kontorarbeid i England. Her døydde ho av tuberkulose i august 1943. Ho skreiv ikkje store filosofiske verk, det meste var kort og fragmentarisk om filosofiske, sosiale og politiske spørsmål ,og dei siste åra sterke peronlege vitnemål om hennar veg til kristendomen. I etterkrigsåra var det ei aukande interesse for tankane hennar, så ulike personar som T.S. Eliot, Albert Camus og pave Paul VI var inspirert av Simone Weil.

Simone Weil var jøde men har vorte kritisert for at ho i stor grad tok avstand frå jødisk  religion og kultur. Dette i motsetning til ein annan jødisk intelektuell som fann vegen til kristen tru, nemleg Edith Stein. Edith Stein vart karmelittnonne, martyr og helgen. Simone Weil vart aldri det, ho døydde av sjukdom utan å ha blitt teke opp i kyrkja. Likevel er ho ein slags helgen, og iallfall ein kristen mystikar. Ho har blitt karakterisert som skytshelgen for  dei som står utanfor, for outseidarane, dei som aldri fann sin plass i fellesskapet eller kollektivet. Ho er ei røyst som ropar i øydemarka, ei levande kvinne full av motsetningar og pardoks, og likevel med ei innsikt i  mysteriet som det er få andre som har hatt.  I "Et brev om den indre livsvei" fortel ho levande om religiøse opplevingar i ein liten landsby i Portugal, i Assisi og i benediktinarklosteret Solesmes der ho tilbrakte 10 dagar i påska 1938. Ho skriv om dette: " Da jeg tidligere dannet meg mine tanker om gudsproblemets uløselighet, hadde jeg ikke forutsett en slik mulighet, en slik reell kontakt her nede, ansikt til ansikt, mellom Gud og mennesket." Likevel vel ho å stå utanfor, kanskje for di det er så mykje der ho og vil favna, kanskje i solidaritet med alle dei lidande som aldri finn sin plass?
I eit av breva frå 1942 skriv ho noko som oppsummerar alt dette, og som for meg  er noko av det vakraste som er skreve:  "Hvorfor skulle jeg da bekymre meg mer om dette ? Det er ikke min sak å tenke på meg. Min sak er å tenke på Gud. Det står til Gud å tenke på meg."


torsdag 25. oktober 2012

Den koptiske kyrkja

Det er ikkje så lenge siden bare få interesserte hadde kunnskap om dei kristne kyrkjene i Midt-Austen generelt, og Den koptiske kyrkja spesielt. Det siste årets omveltningar i ei rekke land i regionen har gjort at situasjonen for dei kristne har blitt dagsaktuell. Dei kristne minoritetane er ofte hardt pressa av det muslimske fleirtalet, og mange har emigrert til Europa eller Nord-Amerika.
Etter koptisk tradisjon kom kristendomen til landet  med apostelen Markus i det første hudreåret.  Egypt og særleg byen Aleksandria kom til å spela ei viktig rolle dei første tre-fire hundreåra etter Kristi fødsel. Det er nok å peika på den monastiske tradisjonen som oppstod her mellom dei såkalla ørkenfedrene. Koptisk som framleis vert nytta som liturgisk språk har utvikla seg frå det gamle egyptiske språket og koptarane har sett på seg sjølve som arvtakarar etter dei gamle egyptarane. Den koptiske kyrkja braut med resten av kyrkja på kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Striden dreia seg om definisjonen av Kristi guddomelege og menneskelege natur.I dag har dettte mest historisk betydning, og koptarane har kome til semje med dei ortodokse om at dette dreier seg mest om språklege nyansar. Etter at dei arabiske muslimane invaderte landet på 600 talet har kyrkja gradvis vorte svekka, men er framleis levande i det moderne egyptiske samfunnet. Ein reknar med at det er over 10 millionar koptarar i Egypt og ca 18 millionar totalt i verda. Dessverre har dei opplevd aukande press frå majoriteten i landet dei siste åra, fleire tragiske terroraksjonar er det mest tydelege bilete på det.
Den koptiske paven Shenouda som var høgt respektert også utanfor kyrkja , døydde i mars i år. Ein held no på å finna ein etterfølgjar, og  i dag er det fem aktuelle kandidatar alle med klosterbakgrunn. Til slutt skal ein stå igjen med tre kandidatar før eit tilfeldig utplukka barn med bind for augene skal utpeika den som vert ny pave. Etter koptisk tru er det naturlegvis Guds forsyn som styrer barnet.
To viktige hendingar i det siste markerer støtte til koptarane. For det første fakkeltoget i fleire norske byar til støtte for dei kristne i Midt-Austen. For det andre publiseringa av "Koptiske skrifter" i serien "Verdens hellige skrifter", tilrettelagt av Hugo Lundberg. Boka innheld ei klargjerande innleiing av oversetjaren, og eit utval skrifter frå tidleg koptisk tradisjon. Ein del er preiker eller parafraser over bibelske forteljingar som "Lasarus oppstandelse", andre er apokrype  skrifter som "Boken om erkeengelen Mikaels innsettelse".  Andre igjen er harde åtak på alle kjettarar og aprokype skrifter slik som Abbed Shenoute av Atripes lange og bare delvis bevarte tekst "Jeg er forbløffet." Shenoute er nådelaus mot alle vranglærarar, men han har og vakre tekstar som taler like mykje til oss i dag som til egyptarane på 300 talet slik som det følgjande:

Når dere feirer og når dere fryder dere: "Jesus."
Når dere sørger og når dere gråter: "Jesus."
Når de små guttene og jentene ler:  "Jesus."
De som krysser vann: "Jesus."
De som løper fra barbarenes åsyn: "Jesus."
De som ser ville dyr og en skremmende ting. "Jesus."
De som lider av smerte eller sykdom: "Jesus."
De som er tatt til fange: "Jesus."
De som er uskyldig dømt, og når de blir mishandlet: "Jesus."


Den koptiske kyrkja blir ofte kalla "Martyranes kyrkje". Forteljingar om martyrar frå den første tida er levande i koptisk tradisjon og tragisk nok får dei i dag nye martyrar. Det koptiske verdsbilete har ein dagleg nærleik til truas usynlege verd som vi i vesten har hatt ein tendens til å rasjonalisera bort. Martyrar, englar og helgenar er ein levande realitet  for dei fleste koptiske kristne.
I dag treng denne kyrkja av martyrar vår støtte, solidaritet og forbøn meir enn nokon gong.



Ein av desse fem vil verta utpeikt til ny koptisk pave.

St.Markus katedralen i Kairo.

tirsdag 16. oktober 2012

Vier letzte Lieder

I 1948 er komponisten Richard Strauss( 1864 - 1949)  ein gammal mann på 84 år, han har under eit år igjen å leva. Sonen Franz Strauss oppfordrar faren til å komponera eit til stort verk framfor å kasta bort tida med å krangla med forleggarar  og offentlege institusjonar. Eit par år før har komponisten kome over diktet "Im Abendrot"  av 1800 talls poeten Joseph von Eichendorff. Det er eit dikt som mediterar over livsavslutninga som også Strauss nok føler at ligg like framom han. Det er ikkje resignasjon men ein avslappa ro over dei to som hand i hand har gått gjennom sorg og glede og no er "vandringstrøytte" framom den store, stille freden. Seinare knytar han tre dikt av Hermann Hesse (1877-1962) med same tematikk til songsyklusen som har blitt kjent og populær som "Vier letzte Lieder"(Fire siste songar).
Både tekst og melodi har eit roleg, melankolsk preg.Det er haust og kveld både i naturen og menneskelivet, men begge deler er like uunngåeleg og like naturleg.
Richard Strauss fekk ikkje oppleva at verket vart framført, det skjedde først i  mai 1950 med Kirsten Flagstad og Philharmonia Orchestra under leiinga av den legendariske Wilhelm Furtwangler.
Seinare har det kome ei lang rekke framføringar og plate/CD innspelingar av dette sentrale verket i forige hudreårs musikkhistorie.


Her det fjerde og siste lied "Im Abendrot" i Renee Flemings framføring
http://www.youtube.com/watch?v=ppoqUVlKkBU



                                                                                "Im Abendrot"
("At sunset") (Text: Joseph von Eichendorff)
Wir sind durch Not und Freude
gegangen Hand in Hand;
vom Wandern ruhen wir
nun überm stillen Land.

Rings sich die Täler neigen,
es dunkelt schon die Luft.
Zwei Lerchen nur noch steigen
nachträumend in den Duft.

Tritt her und laß sie schwirren,
bald ist es Schlafenszeit.
Daß wir uns nicht verirren
in dieser Einsamkeit.

O weiter, stiller Friede!
So tief im Abendrot.
Wie sind wir wandermüde--
Ist dies etwa der Tod?
                                               We have gone through sorrow and joy
                                                hand in hand;
                                                Now we can rest from our wandering
                                                above the quiet land.

                                                Around us, the valleys bow;
                                                the air is growing darker.
                                                Just two skylarks soar upwards
                                                dreamily into the fragrant air.

                                                Come close to me, and let them flutter.
                                                Soon it will be time for sleep.
                                                Let us not lose our way
                                                in this solitude.

                                               O vast, tranquil peace,
                                               so deep at sunset!
                                               How weary we are of wandering---
                                               Is this perhaps death?

Composed: May 6, 1948

mandag 15. oktober 2012

La Sagrada Familia

Que es la Veritat ? (Kva er sanninga ?) står det på inngangen ved pasjonsfasaden på Antonio Gaudis (1852-1926) hovudverk katedralen La Sagrada Familia(Den heilage familie) i bydelen Eixample  i
Barcelona. Han gjev svaret på den høgre sida av inngangen: Jesus de Nazaret, Rei dels Jueus.
Antonio Gaudia blir i dag rekna som ein av arkitekturhistoriens aller største. Han var eksponent for modernismen og Art nouveau men fekk inspirasjon frå mange hald og viste stor orginalitet i sine verk.
I barcelona finn vi mange av hans mest kjente bygningar som Casa Batllo, La Pedrera og Casa Guell.
Dei kanskje viktigaste inspirasjonskjeldene hans var kulturen i heimlandet Katalonia, naturens mange uttrykksformer og ikkje minst hans djupe religiøsitet. Det siste ser vi tydeleg i hans meisterverk La Sagrada Familia, som han berre fekk sjå byrjinga på men som vert vidareført i hans ånd. La Sagrada Familia er dei bibelske tekstane uttrykt i stein på same måte som dei ortodokse ikonane er evangeliet uttrykt i treplater og farge. Tanken går til dei gotiske middelalderkatedralane, men dette er likevel annleis, symbolikken er meir variert og talar til vår tid på ein meir direkte måte. Det gjer og inntrykk å gå inn i ein katedral som er under bygging, enno ufullført. Det er planlagt 18 tårn, eit for kvar av dei tolv apostlane, eit for kvar av evangelistane, eit stor for Kristus og eit for Jomfru Maria. Det er fire tårn over kvar av dei tre fasadane, julefasaden, pasjonsfasaden og Gloria fasaden.

 Pasjonsfasaden med framstilling av heile langfredags- evangeliet  i stein.

Julefasaden fekk Antonio Gaudi kome godt igang med før han omkom i ei trikkeulukke i 1926.
Han er gravlagt i krypten under høgalteret.

Altaret

Detaljar fra eit av tårna. Gaudi vart inspiret av naturens varierte former.

La Sagrada Familia enno ufullført snart 130 år etter at Antonio Gaudi fekk ansvaret for katedralen !
Etter planen skal katedralen vera ferdigstilt i 2026.

lørdag 13. oktober 2012

Santa Eulalia

St.Eulalia er Barcelonas skytshelgen. I følge tradisjonen vart ho martyr 13 år gammal under keiser Diokletians forfølging av dei kristne. Sarkofagen hennar er i krypten  bak hoved alteret i katedralen i Barcelona som på katalanske har det offisielle navnet Catedral de la Santa Creu i Santa Eulalia ( Det heilage korset og den heilage Eulalias katedral). Storparten av katedralen som ligg sentralt ved Barcelonas gamle bydel vart oppført på 1300-1500 talet.

Krypten med Den heilage Eulalia.

Mot koret i katedralen.

Kloster hagen i tilknytning til katedralen har ein karpedamm og ein flokk med gjess. Iflg. tradisjonen skal det vera tretten gjess, ein for kvart av Eulalias leveår. Ho skal ha hatt gjess då ho levde, og då ho døydde skal sjela ha forlate henne i form av ei due. Naturleg nok er ho då og skytshelgen for fuglar.

mandag 1. oktober 2012

St .Thérèse de Lisieux

1.oktober. Vi feirar minnedagen for den heilage Thérèse frå Lisieux (av Jesusbarnet) Ho var fødd  i Alencon 1873 og døydde i karmelklosteret i Lisieux i 1897.
Thérèse vart helgekåra i 1925 og vart utnemnd til kyrkjelærar i 1997.


Ein tekst frå september 1896, skreve  eit år før ho døydde. Ho har lest  1.Korinterbrev kapittel tolv og tretten og skriv: " Endeleg har eg funne ro. Då eg såg på Kyrkjas mystiske lekam kjente eg meg ikkje igjen i nokon av dei lemer som Paulus skriv om, eller eg ville snarare kjenna meg igjen i alle......
Kjærleiken gav meg nøkkelen til kallet mitt. Eg forstod at om Kyrkja har ein kropp som består av ulike lemer, så kan ho ikkje mangla det edlaste og mest nødvendige. Eg forstod at Kyrkja har eit hjarte og at dette hjarte brenn av kjærleik. Eg forstod at berre kjærleiken får Kyrkjas lemer til å handla,
at om kjærleiken sløktest vill apostlane ikkje lenger kunna forkynna evangeliet og martyrane ikkje lenger ofra sitt blod.......... Eg forstod at kjærleiken sluttar seg om alle kall, at kjærleiken er alt, at den omfattar alle tider og alle stader, kort sagt at den er evig!..... Då brast eg ut i overveldande glede: Å Jesus, min Kjærleik, endeleg har eg funne kallet mitt, kallet mitt er kjærleiken ! "



 Basilikaen i Lisieux som er via til Thérèse .
Comment Thérèse  prie: " Je dis tout simplement au Bon Dieu ce que je veux lui dire, sans faire de belles phrases, et toujours il me comprend..."