lørdag 31. januar 2015

Poetica:lik skuggen av eit dyr


                       Lik skuggen av eit dyr

Bak rattet i bilen på veg heim

ein varm augustkveld

åleine langt inne på heia

haustdagen klår og fargesprakande

eller midt i folkemengda

ein hektisk ettermiddag i adventstida

når noko brått rører ved deg

berre ein kort augneblink

eit lite skjelvande sekund

du kan ikkje sjå det

men kjenner det farleg nær

overraskande dette andre som ikkje vart

men likevel kunne vore

lik skuggen av eit dyr

brått der og like brått borte

i utkanten av synsfeltet

ei glenne i skogen

den første rimpryda frostmorgonen

der du vil bera uroen med deg

lik smeltande snøflak i håret.

 

 

(2004 og januar 2015 ny versjon)

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar