søndag 18. oktober 2020

Gudstenesta - underhaldning eller lovprisning

 Gudstenesta – underhaldning eller lovprisning ? Må gudstenesta , og ikkje minst salmeboka, tilpassast vår tid for å ha appell til dagens menneske ? Eg har med interesse og litt undring følgd debatten i Vårt Land, no sist samtalen mellom kyrkjemøte medlem Arve Lauritzen og salmediktar Eyvind Skeie. Gudstenesta er ei vare, og for å styrka produktet må mellom anna salmane oppdaterast hevdar Lauritzen. Eyvind Skeie føl han eit stykke på veg når han seier: « Hvis det ikke er berøring i en gudstjeneste, har vi mistet hensikten med hele greia.» Det slår meg korleis dette kan avspegla den moderne konsument-kulturen der alt skal vera underhaldning. Slik sett bryt det med det som har vore hovedfokus gjennom heile kyrkjas historie, like frå den jødiske gudsdyrkinga i Tempelet! Biskop, kardinal og karmelitt Anders Arborelius ocd, som eg ser svært opptil, set dette i perspektiv i artikkelen «Att leva liturgisk» (Karmel nr 4.2017). Vi feirar ikkje gudsteneste primært for å bli oppbygde eller få andelege erfaringar , men derimot for Guds skuld, for å tilbe Han og gje Han den takk som tilkjem Han. Gud er det det heile dreiar seg om, ikkje vår stadige leiting etter underhaldning, nye spennande sansestimuli og kjenslelada opplevingar! Så set han det litt på spissen når han skriv: ” Vi behöver inte alltid ”få ut” nogot av en gudstjänst. Vi får istället ge oss til honom. Det spelar inte så vansinnigt stor roll ”hur vi känner det” når vi är med i en gudstjänst. Tycker vi det är lite tråkigt, så dör vi inte av det.” Dersom kyrkja vel å spela på underhaldningsindustriens banehalvdel vil ho kanskje vinna kortvarige sigrar, men tapa i det lange løp. Gudsmysteriet, liturgien og tradisjonen kan kanskje synast «tråkigt», men har vist seg å halda i to tusen år. Frode Thorup, lege og sekularkarmelitt.


Innlegg  Vårt Land 14. oktober




torsdag 15. oktober 2020

Te resa av Avila

 Vi feirar i dag minnedagen for Teresa av Avila (1515-82), karmelittnonne, klostergrunnleggjar og reformator, mystiker, skribent og kyrkjelærar. Det siste vart ho utnemd til 29. september 1970 samstundes med Den heilage  Katarina av Siena. Ho har ein unik posisjon i Karmelitt ordenen, men og i Kyrkja generelt.

Lat oss be om hennar råd og forbøn i desse vanskelege tider !


Teresa

Du kunne snudd før teke det roleg ikkje stått løpet ut ikkje sete med pennen i lange nattetimar ikkje stått i brennande sol og planlagt trappetrinna inn til koret. Du snudde ikkje bore av ei anna kraft ikkje dette skrøpeleg hylster som omsluttar det evige. Vi uverdige tenarar.



mandag 12. oktober 2020

13.oktober

 13.oktober er ein spesiell dag i vår familie, ein dag som knytar generasjonar saman over snart 150 år.

Min bestefar vart fødd denne dagen i Horsens i Danmark, han kom til Norge like før hundreårsskifte , og vart disponent for Kvinnherad Ullvarefabrikk i Rosendal. Han gifte seg med Marie Johnsen frå Stavanger i 1899, men dei fekk bare seks år saman, to barn døydde, to levde opp. Han gifte seg på ny og fekk to søner, men tragisk nok døydde den andre kona Hanna 13. oktober 1913. Det var på bestefars førti års dag !

For eit år sidan blir dette igjen ein gang vi ikkje vil gløyma. Vesle Mathilde kjem til verda midt på dagen, og halv elleve om kvelden går min far ut av den same verda, over 97 år gammal. Det vart så vakkert og meiningsfullt,og det understreka at det  er ein samanheng i alt som skjer. Salme 121 set ord på det for meg:

"Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid."                                                 Desse orda nytta vi og på gravsteinen hans.

Min far ønskte heile livet å koma til Roma, det vart utsett fleire gonger men til slutt kom han der som sprek syttiåring. Vi kom aldri til Roma i lag , men eg skreiv denne teksten om det for eit par år sidan:

Kom vi likevel til Roma ?

Du tala alltid om Roma
femti- og sekstiårsdagen kom og gjekk
utan at det vart nokon Roma-tur,
men du kom dit til slutt
som livsfrisk syttiåring
den evige stad under sju høgder
og eit handtrykk frå paven som varer
like inn der alle minna forsvinn
i aldringas grå dis.
Når mysteriet er løyst
tek Wallander sin kunstnar-far med til Roma,
der eg går åleine over Piazza Navona
drikk låg novembersol frå Berninis fire floder,
tenner lys hos St.Agnese in Agone
og ventar på Ingeborg Bachmanns vippehuske
som til natta skal ta meg opp
over Romas sju høgder og kanskje ned igjen
til Campo de`Fiori,blometorget
der djupe samtalar over vinglaset
varer inn i morgondagen.
Vi kom aldri til Roma isaman,
men kanskje kan vi likevel møtast ein gong
på halvvegen ein tidleg septembermorgon
når sola når Aventinarhøgda
og varleg løftar kuppelen frå Peterskyrkja.








fredag 9. oktober 2020

Jens Bjørneboe 100 år

 I dag 09. oktober er det hundre år sidan forfattaren Jens Bjørneboe vart fødd i Kristiansand. Han døydde for eiga hand i 1976, nedkjørt og alkoholisert. Eg minnest det godt, vi gjekk siste året på gymnaset og hadde akkurat lest og lete oss inspirera av hans siste roman "Haiene", men og trilogien om "Bestialitetens historie" som kom eit par år før. Det var mange av dei som var unge på 1960-70 talet som vart inspirert av den opprørske og frittalande Bjørneboe.

Bjørneboe er umoglege å setja i nokon bås, dette måtte i såfall vera som livslang opprørar og "enfant terrible" ? Han var den verdikonservative antroprosofen og Steinarskule læraren som etterkvart vart politisk radikal anarkist. Han skreiv alt frå vakre dikt i tradisjonell form til dei pornografiske bøkene "Uten en tråd" (blir neppe rekna som pornografiske i dag), han var romanforfattar, dramatikar, skreiv viser som framleis blir framført, han var essayist , og ikkje minst ein engasjert og provoserande samfunnsdebattant. Han tok opp viktige tema som feil og manglar i  skulevesnet, fengselsvesnet, rettsoppgjeret for å nevna eit par av dei mange saker han engasjerte seg i. Men han kunne og vera grenselaus naiv som  til dømes  i synet på Aust-Tyskland som biograf Tore Rem påpeikar.

Han var open for dei andelege og metafysiske sidene ved tilveret, noko som kjem tydelege fram i den siste romanen "Haiene". Sjølv om han braut med det antroposofiske miljøet på slutten av femtitalet, sat nok dette likevel djupt i han.  Jens Bjørneboes liv var turbulent og rotlaust, kanskje opplevde han å vera hudlaus overfor all smerte i tilveret ? Kva skal det menneske gjera som ikkje berre kjenner sin eigen smerte men og alle andres skal han ha sagt ein gong. Då er det forståeleg at alkoholen vert ein utveg, men kanskje hjelper det og å vera skapande kunstnar?

Jubileumsåret blir markert om enn noko amputert på grunn av smittesituasjonen. Vi har fått med oss foredrag av Tore Rem, dramatisering av Jonas, og så les eg om att "Haiene" etter 44 år.

Eg set pris på hans tidlege poesi, desse religiøst farga dikta i tradisjonell bunden form.

Til Våren

(Pinse)

De så ham komme og de så ham gå.

Men de som kjendte ham, de var så få,

og tyngden av det uhørte som skjedde,

og smertene ved dette å forstå,

de gjorde dem avmektige og redde.

Og alle døde litt ved det de så.


Hvad hjalp det dem i denne ventetiden

at saften steg i sedertrær og druer !

Nu var de hjemløse som ville duer

og hvileløse av sin store viden.


Hvad hjalp det dem i denne vnetetiden

at vårnatten var duftende og stor!


Først da de alle hadde møtt ham siden

tok hele hjemløsheten form i ord.






søndag 4. oktober 2020

Biskop Erik Varden til lukke

 I går vart  cisternciensermunk Erik Varden  ocso vigsla til biskop i Trondheim katolske stift. Det var ein verdig og flott sermoni i Nidarosdomen som vi kunne følgja minutt frå minutt på nettet. Han vart utnemnd av pave Frans alt i fjor haust og planen var at han skulle innsetjast like etter nyttår, av helsemessige grunnar vart dette utsett, men no var han klar til denne krevjande oppgåva.

Overgangen frå kontemplativ munk  i ein av dei strengaste klosterordenane til den aktive og utoverretta bispestillinga må vera stor. Det vil no gå bra ,for dette er ein mann med både stor teologisk, språkleg og administrativ erfaring som abbed i  Mount Saint Bernard Abbey i Leicestershire dei siste åra. Men han hadde nok tenkt eit livslangt  kall som munk, men då han vart utnemd hadde han vel eigentleg ikkje noko anna val enn å bøya seg under lydnadsløftet som alle munkar avlegg.

Han er og ein kulturell mann med innsikt i såvel musikk som litteratur. Boka "The Shattering of Loneliness" som kom i 2018 ber bod om det. Boka vart svært  godt motteken, eg las henne med stor interesse og fascinasjon.

Erik Varden er framfor alt ein bønas mann. I eit intervju med Vårt Land seier han:

"Hvis jeg forblir munk, og jeg håper å forbli munk, så er det rett og slett fordi jeg har oppdaget bønn som en helt vital nødvendighet. Ikke som en from øvelse, men som en forankring i det vesentlige. Klosterlivet er jo radikalt på flere måter, det er radikalt på grunn av den praktiske måten det oppdeler dagen på, det sørger for at bønnen får plass. Og der håper jeg at jeg har opparbeidet tilstrekkelig vaner og disiplin til å holde det gående. Jeg kan  bare ikke se hvordan jeg kunne gjøre noe som helst fornuftig og fruktbart, hvis ikke bønnen kommer først."




                                       
Med forbønn for den nye biskopen !

                                             



torsdag 1. oktober 2020

Minnedagen for Therese

 I dag første oktober feirar vi minnedagen for Den heilage Therese av Jesusbarnet (frå Lisieux) Ho døydde  30. september 1897, men dagen var alt oppteken som minnedag for kyrkjefaren Hieronymus så Therese fekk dagen etter. Det er nok ikkje mange som har levd så stille og ukjent i si levetid og vorte så viktig etter sin død som denne karmelittnonna. Uttalige er dei som har vorte inspirert av henne og hennar tankar, ho har vore og er framleis til stor hjelp for så mange,

Alt frå tidleg alder følte ho kallet. I dette korte sitatet skildrar ho sitt første møte med Karnmel:


"Hver ettermiddag gikk jeg en liten tur med pappa. Sammen besøkte vi det hellige

Sakramentet og hver dag i en ny kirke. Det var slik jeg for første gang kom inn i Karmels

kapell.Pappa viste meg gitteret inn til koret og fortalte at nonnene holdt til bakenfor der. Lite

ante det meg at jeg ni år senere skulle bli en av dem! ..."



Bønn til dagens laudes:

"Gud, vår Far, du som åpner ditt rike for de små og ydmyke, hjelp oss tillitsfullt å følge den salige Thereses lille vei. Før oss på hennes forbønn frem til din evige herlighet."