tirsdag 17. oktober 2023

Louise Glück in memoriam

“ At the end of my suffering there was a door” , slik opnar den prisbelønna diktsamlinga “ The Wild Iris” av nobelprisvinnaren Louise Glück. Den 13.oktober i år gjekk ho gjennom denne døra for siste gong i det ho sovna inn i heimen sin i Massachusetts 80 år gammal. Louise Glück var professor i engelsk litteratur ved Yale University, ho var essayist men framfor alt ein stor poet. Ho fekk ei rekkje litterære prisar i heimlandet, men var nok lite kjent i verda ellers før ho fekk Nobelprisen i litteratur i 2020. Pga covid restriksjonar kunne ho ikkje koma til Stockholm for å ta i mot prisen. Ho fekk prisen:”« för hennes omisskännliga poetiska röst, som med sträng skönhet gör den enskilda människans existens universell»

Louise Glück var fødd i New York i ein jødisk familie med røter dels i Russland, dels i Ungarn. Som ung sleit ho med store helseplager i form av anorexia nervosa , og gjekk lenge i psykoterapi, noko som også kom til å setja sitt preg på diktinga hennar. Ho debuterte ho med  diktsamlinga “ First born” i 1968, så følgde ei rekkje diktsamlingar. Ho utvikla sin eigen særmerkte form, inspirert av natur og planter, gresk mytologi og poetar som Rainer Maria Rilke og Emily Dickinson. Ho skreiv om trauma og liding, død og tap av relasjonar men og om “ attempts at healing and renewal.” Ofte tek ho utgangspunkt i konkrete daglegdagse ting, dei kan symbolisera tap og einsemd, for alt i tilværet er midlertidig, alt tek slutt. Men å innsjå at vi er dødelege kan og leia til “ a greater appreciation of life.”
Louise Glück er ikkje så lett å setja i bås, og ønskte deg nok heller ikkje. Karakteristisk nok er mykje av det ho skreiv prega av ambivalens. Ein anmeldar skreiv:  “ She resists canonization as a hyphenated poet, preferring instead to retain an aura of iconoclasm or in- betweenness.”
“ The Wild Iris” som eg siterte frå innleiingsvis er eit høgdepunkt i forfattarskapet hennar. Boka kom i 1992 og fekk Publitzer prisen. Det er ei bok med utgangspunkt i hagevekster og årstider, det er ein dialog mellom naturen og poeten/ gartnaren, men og ein dialog med ein større andeleg røyndom. Dialogen rører ved vår relasjon  til naturen, til det konkrete såvel som det andelege, til kjærleik, identitet og medvit.
Mot slutten finn ein diktet “ Lullaby”, som på ein måte oppsummerar  denne djupt menneskelege og andelege hagevandringa.

“ Time to rest now; you have had enough excitement for the time being.”

“You must be taught to love me. Human beings must be taught to love
silence and darkness.”


tirsdag 10. oktober 2023

Rosenkransen

 

Rosenkransen

Oktober er Rosekransmåneden, og selv om Kirken oppfordrer oss til å be Rosenkransen hele året vil vi i måneden som ligger foran oss ha særlig fokus på denne rike bønneformen. Tradisjonen med å be Rosenkransen skriver seg Middelalderen, det var sannsynligvis dominikanermunker som var opphavsmenn til Rosenkransbønnen. Senere har bønneformen hatt varierende popularitet, men fikk et kraftig oppsving i forbindelse med Jomfru Marias åpenbaringer i Lourdes og Fatima, og så igjen under pave Johannes Paul II. Opprinnelig var Rosenkransen delt inn i tre ulike mysterier med fem sentrale evangeliske hendelser i hver av dem. Det var de gledesfulle, lidelsesfulle og herlighetsfulle mysterier bedt på to ulike dager i uken. Pave Johannes Paul II la i 2002 til «Lysets mysterier» som vi ber torsdager. Selv om vi ber Ave Maria på hver av de små perlene er ikke Rosenkransen primært en bønn til Maria, det er en bønn vi ber til Sønnen sammen med Maria! Rosenkransen starter med Trosbekjennelsen, men hele bønnen blir en trosbekjennelse der vi ved ukens avslutning har hatt fokus på de tjue mest sentrale sannhetene i vår tro. I St. Ansgar vil det bli hengt opp en rosenkrans ved Maria kapellet, og Fatima statuen blir tatt frem og blomsterpyntet. Menigheten disponerer også en mindre statue som kan lånes ut etter avtale. Det blir også Rosenkrans-prosesjon (se programmet) ut i byen der vi synger Ave Maria di Fatima på ulike språk. Alle oppfordres til å be Rosenkransen for seg selv eller enda bedre sammen med familien eller trossøsken!

I disse mørke tider med krig og uro må vi be Rosenkransen for alle lidende og undertrykte !

(Fra St. Ansgar nytt)

 
                                Medjugorje. Jomfru Maria høyrer alltid våre bøner

fredag 6. oktober 2023

Mellomalderkyrkjer i Hordaland

 Kristendomem kom tidleg til Sør-Vestlandet, kanskje alt på 800 talet, men det er sparsomt med arkeologiske funn frå denne tida. Eit av dei tidlegaste teikna på kyrkjebygg finn vi i Kinsarvik der det er teikn på at steinkyrkja vart bygd rundt ei tidlegare stolpekyrkje frå tidleg på 1000 talet. Desse tidlege kyrkjene hadde reisverk av stolpar sett ned i grunnen, og var då utsett for råte. Dei vart erstatta av stavkyrkjene frå 1100 talet. Bygningsteknisk var dette eit stort framskritt, kyrkjene var løfta opp på sviller fundamentert på steinar over bakkenivå. I Mellomalderen vart det omlag seksti stavkyrkjer i Hordaland, men trebygningar var utsett for ver og vind,og ved inngongen til 1800 talet var det berre tre att, dei andre var til nedfalls og revne på 16 - 1700 talet. Dei tre som var att Holmedal, Vikøy og Øystese forsvann i åra framtil midten av 1800 talet. Røldal er den einaste stavkyrkja som står att, men var tidlegare underlagt biskopen i Stavanger og ikkje rekna til Hordaland.

Etter kvart kom det steinkyrkjer, først i dei ytre stroka av Hordaland, Moster som skal ha vorte grunnlagt av Olav Tryggvason, Fitjar og Årstad. Kyrkjer i stein var meir i tråd med det som var vanleg ute i den store verda. Kong Magnus Lagabøte roste folk på Voss då dei bygde si første steinkyrkje. Utover 1200 talet kom det fleire steinkyrkjer i tillegg til stavkyrkjene og omlag år 1300 hadde alle større bygder i Hordaland si soknekyrkje, enkelte som Etne hadde fleire. I Seinmellomalderen fram til Reformasjonen vart det ikkje bygd nye kyrkjer.

Hordaland hadde fire hovudkyrkjer så kalla fjerdingkyrkjer, det var Kinsarvik, Skåla i Kvinnherad, Voss og Hamre. Dei vart bygde utover 1200 talet  samstundes med store prosjekt i Bjørgvin, Holmen med Håkonshallen, Apostelkyrkja, Kongsgarden og Mariakyrkja. Vi hadde alt to store klosteranlegg , Lysekloster som var eit cisternciensarkloster grunnlagt i 1146,Halsnøykloster eit  augustinarkloster grunnlagt 1163. 

Kven bygde desse kyrkjene? Det var neppe lokal kompetanse til å fullføra tildels avanserte bygningskonstruksjonar. Handverkarar kom utanfrå, sikkert dels frå utlandet. Dei utgjorde ofte såkalla bygghytter som var grupper med handverkarar, steinbyggarar, murarar og tømmermenn, som nok drog frå prosjekt til prosjekt. Steinkyrkjene er konkrete prov på kor dyktige desse mennene var! Eit døme er avanserte vindaugskonstruksjonar som vi mellom anna finn i austvindauga i Kvinnheradkyrkje frå slutten av 1200 talet. Det er sprosser i såkalla grindverk. Det vitnar om nær kontakt med resten av Europa i det vi finn slike grindverkssprosser både i Kvinnherad og i fransiskanarkyrkja, no Domkyrkja i Bergen , etter eit mønster vi finn i katedralen i Reims og i Westminster Abbey.

1100 - 1200 talet var eit høgdepunkt for kyrkjebygging i både Hordaland og ellers i landet. Nye kyrkjer fekk vi først på 1600 talet, det var då gjerne stavkyrkjer som vart reve  og erstatta med nye trekyrkjer. Vi har heldigvis mange flotte steinkyrkjer igjen som vitnemål om kristendomens første tid i landet vårt.



                         Vakre grindverkssprosser i austvindauga i Kvinnherad kyrkje.




torsdag 5. oktober 2023

Gratulerer med nobelprisen Jon Fosse

 Gratulerer med nobelprisen i litteratur JON FOSSE! Det er mange som i dag gledar seg over nobelprisen til Jon Fosse. Han har lenge vore ein sterk kandidat til prisen og det er stor semje om at dette var velfortent. Det er 95 år sidan litteraturprisen sist gjekk til ein norsk forfattar, Sigrid Undset. Dei har det til felles at dei er omsett til mange språk, Jon Fosse til femti språk, og blir lest over heile verda. Det må og nemnast at begge er konvertittar til katolisismen!

Jon Fosse debuterte i 1983 og har seinare gjeve ut over 40 bøker i mange sjangrar, romanar, poesi, essay, barnebøker og ikkje minst dramatikk, han er den mest spelte norske dramatikarar etter Ibsen. Hans skrivestil er språkleg enkel men innhaldsmessig djup og komplisert. Dei enkle og gjentakande setningane er gjenkjennelege og unike for Fosse. Eg set stor pris både på dramatikken, poesien og romanane. Septologien er sjølvsagt ein favoritt, det er stor litteratur med klare sjølvbiografiske element. For ein vestlending som har konvertert til Den katolske kyrkja er det mykje gjenkjenneleg i kunstnaren Asles liv. Det er veldig vestlandsk og samstundes så universelt!

Fosses poesi er enkel og vakker, dels modernistisk, dels i meir tradisjonell form. I samlinga  “ Stein til stein” finn eg ei lita perle til slutt, så enkelt, vakkert og djuptloddane.

Nattsalme

Det finst ei jord som opnar opp

sitt djup av svarte natt

og løyner både sjel og kropp

til ingenting er att


Det finst ei natt som møter deg

og tek deg djupt imot

og let deg kvila æveleg,

di hand, di sjel, din fot


Det finst frå Gud i alt som er ,

i jord og nattevrimmel,

di sjel er hans, du er hans verd,

du lyser fram hans himmel.


Jon Fosse er og gjendiktar særleg av tysk språklege poetar som Georg Trakl og Rainer Marie Rilke. Men og greske klassikarar som Aiskylos, dramaet Oresteia i Jon Fosses utforming går for tida på Det norske teateret.

Kanskje passer det å avslutta med gjendiktinga av Rilkes Herbsttag - Haustdag


Herre:det er tid.Vår sommar var så stor.

Legg dine skuggar opp på solura

og lat så vindar blåsa over jord.


Og bed dei siste frukter fylle seg;

og gjev dei enno nokre varme dagar,

krev dei fyllest no i dine hagar

og gjev si siste tyngd til vinens preg.


Den framleis utan hus, han byggjer ikkje no.

Den framleis einsam, han blir einsam lenge,

og vaker, les, skriv lange  brev, vil trenge

og gå i allear alltid utan ro

og sjå lauvet flagre, ikkje henge.




mandag 2. oktober 2023

Holodomor

 Russlands pågåande brutale krig mot Ukraina er på ingen måte første gong ukrainarane vert utsett for nabolandets hensynslause framferd. Sannsynlegvis er det ikkje noko som kjem opp mot det som skjedde for 90 år sidan. Stalins tvangskollektivisering tok til i 1929, og gjekk særleg utover Ukrainas bønder. Det første til ein svoltkatastrofe som toppa seg vinteren 1932-33. Stalins strategi var å svelta ut sivilbefolkninga og sannsynlegvis var det nærare fire millionar som døydde under dette som seinare har vorte karakterisert som eit folkemord. På same måte som Putin karakteriserar ukrainarane som nazistar, peikte Stalin dei ut som svikarar og sabotørar! Dette var ukjent historie i SovjetUnionen heilt til Gorbatsjov løsna på sensuren på 1990 talet.

I Vesten  er det den amerikanske forfattaren Anne Applebaum som har dokumentert desse brutale åra i boka “ Rød sult. Stalins krig mot Ukraina”. I Ukraina er dette levande historie, det er besteforeldre og oldeforeldre til dagens ukrainarar som vart utsett for dette. Det ukrainske ordet for dette er HOLODOMOR - utrydding gjennom svolt. I hovudstaden Kyiv finn vi eit minnesmerke som gjer sterkt inntrykk( sjå bilete under).

I folkeretten er folkemord definert som eit internasjonalt brotsverk med siktemål å øydeleggja ei nasjonal, etnisk eller religiøs gruppe. Svoltkatastrofen i Ukraina fyller denne definisjonen, og 30 land inkludert Vatikanet og Europaparlamentet har gått god for at Holodomor var eit folkemord. Norge har til no ikkje gjort det!

President Zelenskij sa nyleg i ein tale i Nederland at å kalla ting ved sitt rette navn er nøkkelen til rettferd, og til å hindra at det skjer igjen.



                                                Minnesmerket  i Kyiv med den svoltne jenta