torsdag 8. januar 2015

Karin Boye sånger


«Mycket mörk och med stora ögon,

Klädd i resdräkt då hon försvann.

Kanske söker hon bortom sekler,

dit en spårhund ej vägen fann,

frihetspasset där Spartas hjälter

valde döden till sista mann.»

Slik hyllar Hjalmar Gullberg Karin Boye i diktet «Död amazon». Det er tidleg vår 1941, det meste ser mørkt ut, nazistane er på frammarsj og ser ut til å sigra i heile Europa. Den førtieinårige forfattaren Karin Boye er på vitjing hos ei alvorleg sjuk veninne i Allingsås nord for  Stockholm. 23.april tek ho med seg eit glas sovetablettar  og går ut i nattekulden. Eit par dagar seinare finn ein henne samankropen ved eit utsiktspunkt utanfor byen.

Karin Boye er ein av dei store i både svensk og nordisk litteratur. Ho vart fødd i Göteborg i 1900, og debuterte med diktsamlinga «Moln» i 1922. Seinare følgde ei rekkje diktsamlingar, essay og romanar. Den mest kjende romanen er vel framtidsvisjonen «Kallocain» som har vorte samanlikna med «Brave new world» og «1984». Men det er som lyrikarar ho helst vert hugsa og der ho  når dei store høgder. Karin Boye var ei uroleg og søkjande sjel, kompromisslaus og følsam, lengtande og alltid på veg og open for det nye.

«Allt er dörr. Allt er början./ Livets axel är i dina händer» heiter det i det eksistensielle diktet «Porten». Vi kan bryta opp og søkja vidare,og det viktigaste er kanskje ikkje målet men vegen vi vel å gå. I diktet «I rörelse» frå samlinga «Härdarna» seier ho dette tydeleg:


«Den mätta dagen, den er aldrig störst.

Den bästa dagen är en dag av törst.


Nog finns det mål och mening i vår färd –

men det är vägen som er mödan värd.


Det bästa målet är en nattlång rast,

där elden tänds och brödet bryts i hast.


På ställan, där man sover blått en gång,

Blir sömnen trygg och drömmen full av sång.


Bryt upp, bryt upp ! den nya dagen gryr.

Oändligt är vårt stora äventyr.»

Det er sett tone til mange av Karin Boyes dikt, i fjor av Benedicte Sevåg og Øystein Sevåg i dobbel albumet «Karin Boye sånger». Vakre tonar til vakre dikt ! Fleire av dei har same tematikk som «I rörelse», det som vi er på veg mot, det nye enno ikkje opplevde. Oppbrotet, den nye dagen er ikkje utan smerte, «Ja visst gör det ont när knoppar brister» som ho seier i i sitt kanskje mest kjente dikt som og er tonesett på denne CD`en.

I rørsle, på nye vegar der nye morgonar gryr, men så kan ein kanskje til slutt kvila ved havet eller i kveldsstilla, heilt nær det som er verkeleg. Songen «Kvällstilla» som Benedicte Torget og Øystein Sevåg avsluttar med:

«Känn så nära Verkligheten bor.

Hon andas här inntil

I kvällar utan vind.

Hon kanske visar sig när ingen tror


Solen glider över gräs och häll.

I hennes tysta lek

är livets ande gömd.

Så nära var han aldrig som i kväll


Jag har mött en främmande, som teg.

Om jag räckt ut min hand,

Jag snuddat vid hans själ,

när vi gick om varann med skygga steg.




 
                               Karin Boye i sitt arbeidsrom på  1920 - talet.
.
Minnestein der ho vart funnen død 25.april 1941

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar