tirsdag 31. desember 2013

Emmylou Harris:The Pearl

"The Pearl"
O the dragons are gonna fly tonight
They're circling low and inside tonight
It's another round in the losing fight
Out along the great divide tonight

We are aging soldiers in an ancient war
Seeking out some half remembered shore
We drink our fill and still we thirst for more
Asking if there's no heaven what is this hunger for?

Our path is worn our feet are poorly shod
We lift up our prayer against the odds
And fear the silence is the voice of God

And we cry Allelujah Allelujah
We cry Allelujah

Sorrow is constant and the joys are brief
The seasons come and bring no sweet relief
Time is a brutal but a careless theif
Who takes our lot but leaves behind the grief

It is the heart that kills us in the end
Just one more old broken bone that cannot mend
As it was now and ever shall be amen

And we cry Allelujah Allelujah
We cry Allelujah

So there'll be no guiding light for you and me
We are not sailors lost out on the sea
We were always headed toward eternity
Hoping for a glimpse of Gaililee

Like falling stars from the universe we are hurled
Down through the long loneliness of the world
Until we behold the pain become the pearl

Cryin? Allelujah Allelujah
We cry Allelujah

And we cry Allelujah Allelujah
We cry Allelujah



https://www.youtube.com/watch?v=oCGj7gNtJDg

Årets siste dag. Eg synest det passar med Emmylou Harris "The pearl" frå albumet "Red dirt girl" som kom i 2003. For  "We are not sailors lost out on the sea."
Emmylous Harris (f. 1947) har lenge vore ein favoritt, ja heilt sidan vi for meir enn tredve år sidan køyrde  over Rocky Mountain og vidare gjennom ørkenen til Grand Canyon. På radio spelte dei melodiar
frå Emmylou Harris "Elite Hotel" som kom i 1975. Fantastisk stemning. Vi kjøpte plata i vinyl utgåve(lenge før det eksisterte CD og spotify).På plateomslaget ei ung  Emmylou Harris  med langt mørkt hår  og brune støvlettar sitjande på trappa framfor Elite Hotel. "Until we behold the pain become the pearl."
(sjå og mitt innlegg Elite Hotel)

                                                      

søndag 29. desember 2013

Den heilage Johannes, apostel og evangelist

27. desember er minnedagen for apostelen Johannes, dagen har vorte markert i kyrkja sidan 300 talet.
Johannes er skytshelgen for mellom anna teologar, forfattarar, lysestøyparar og vindyrkarar. Han vernar mot forgiftning og brannsår, og er ikkje minst helgen for venskap.
Johannes blir i Det nye testamentet identifisert med apostelen som ligg ved Kristi bryst på Skjærtorsdag, og som står under korset på langfredag saman med Maria. Det er Johannes som spring framom Peter og når den tome grava først, og  ved Tiberiassjøen er det Johannes som først kjenner igjen den oppstandne Kristus. Han skal seinare ha delteke på apostelmøtet i Jerusalem i år 51.
I følge tradisjonen skal han ha misjonært i Vesle-Asia og i år 69 skal han ha kome til Efesos. Under forfølgjingane skal han ha blitt forvist til Patmos der han skreiv Johannes Openberring. Seinare kom han attende til Efesos der han døydde og vart gravlagt 94 år gammal. Tradisjonen seier og at Maria, Jesu mor, følgde Johannes til Efesos og budde der på slutten av livet.
Johannes skal ha vore den einaste av apostlane som ikkje lei martyrdøden. Han skal ha blitt gravlagt på borghøgda utanfor Efesos. Keiser Justinian bygde ein basilika over grava på 500 talet som etter kvart vart eit viktig pilegrimsmål. Basilikaen vart seinare gjort om til moske, men når vi står der i dag er det bare ruinar att og ei innskrift som markerar grava.


Vi stod i ruinane av basilikaen for ein månad sidan  og mediterte over kva Johannes- tradisjonen kan bety for oss også i dag.
Responsorium til matutin: Dette er den Johannes som ved nattverden lente seg opp mot Herrens bryst. Salige apostel, som fikk åpenbart himmelske mysterier.
Han drakk evangeliets strøm fra kilden, fra Herrens hellige bryst. Salige apostel, som fikk åpenbart himmelske mysterier.

torsdag 26. desember 2013

Den heilage Stefanus og martyriet

"Dei steina Stefanus medan han bad og sa:" Herre Jesus, ta imot mi ånd." Så fall han på kne og ropa høgt: "Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!" Då han hadde sagt det, sovna han inn. Saulus var samd i drapet på Stefanus." (Apgj.7.59-60)

I dag 2.juledag feirar vi kyrkjas første martyr, den såkalla protomartyren Stefanus.
Alt vi veit om Stefanus kan vi lesa  i Apostelgjerningane kapittel 6-7. Han var den første kristne som vart drept for si tru. Han vart angjeve for det jødiske råd, Sanhedrin, dømt til døden og steina. Saulus, seinare apostelen Paulus skal ha vore tilstades og samtykka i at Saulus vart steina.
Minnedagen for Stefanus har vorte feira i kyrkja frå om lag år 380, og har like lang tradisjon som julefeiringa.

Antifon til Benedictus: Himlenes porter åpnet seg for den salige Stefan, han som var den første som ble kronet med martyrenes seierskrans.

1. juledag 2013 Doura sør i Irak, 14 drept og mange skadd i bombeåtak då dei truande kom ut av kyrkja etter juledagsmessa. Den heilage Stefanus var den første martyr, dette dei til no siste martyrane. Vi ber om di forbøn  Heilage Stefanus!

søndag 22. desember 2013

Barn Jesus i en krybbe lå

"Barn Jesus i en krybbe lå,
skønt himlen var hans eie;
hans pude her blev hø og strå,
mørkt var det om hans leje.
Men stjernen over huset stod,
og oksen kyssed  barnets fod.
Halleluja, Halleluja, barn Jesus!

Hver sorgfuld sjæl, bliv karsk og glad,
ryst av din tunge smerte!
Et barn er født i Davids stad
til trøst for hvert et hjerte;
til barnet vil vi stige ind
og blive børn i sjæl og sind.
Halleluja, Halleluja, barn Jesus."

To dagar til jul, det høver med den vakre danske julesongen "Barn Jesus i en krybbe lå."
Tekst og tone av dei to store i Danmark på 1800 talet, H.C. Andersen og Niels Gade.

Her med Akademisk kor i Århus

http://www.youtube.com/watch?v=FCTmz6exj18

                                                     Juleikon av Solrunn Nes

torsdag 19. desember 2013

Br.Wilfrid Stinissen om Treeininga


Karmelittbroder Wilfrid Stinissen  OCD døydde 30. november og vart gravlagt i dag 19. desember i Lunds domkyrka med  biskop Anders Arborelius OCD som hovudcelebrant.

Han stod som ansvarleg utgjevar av det vesle tidsskriftet Karmel som har kome fire gonger i året. I dei to siste nummera for 2013 har han ein artikkel med tittelen: ”Treenigheten – Skönhetens eviga källsprång.” Eg tek med eit avsnitt frå denne artikkelen som eit lite memento på gravferdsdagen.

”När Jesus uppmanar oss att vi skal  älska varandra säger han något som är helt i överensstämmelse med vår natur. Vi är skapade som relationella varelser och mår bra av att ”leva” det vi är. Men Jesus tilfogar något viktigt: ” Ni skall älska varandra så som jag älskat er” (Joh 15:12). Han har älskat oss genom att ge sitt liv, vilket han själv betraktar som den högsta kärleken (Joh 15:13). Och det som Jesus gjorde på korset var just det han från evighet hade gjort och hade sett sin Fader göra: Fadern ger hela sitt liv åt Sonen, Sonen ger det tilbaka åt Fadern, och den helige Ande är själva detta utgivna liv. Detta eviga ömsesidiga givande är Guds liv. Vi är kallade att leva som Gud, att ge oss åt honom och åt varandra.”


Andrej Rubljovs ikon av dei tre englane i Mamre lund (1 Mos 18:1-15). Br Wilfrid skriv i den ovanfor siterte artikkelen at ingen har tydeleggjort Treeininga  slik som Rubljov i dette ikonet.

Artikkelen avsluttar med denne vakre italienske  1400 talls lovsongen retta til Treeininga  som karmelsøstrene i Glumsløv syng.

"Alta Trinita beata
da noi sempre adorata
Trinita gloriosa,
unita meravigliosa!
Tu sei manna saporosa
e tutta desiderosa!"

( Høgste lykksalige Treeining,
som vi alltid tilber.
Ærerike Treeining,
underbare einskap!
Du er det velsmakande
og svært etterlengta mannabrød)



tirsdag 17. desember 2013

Michael Praetorius:Quem pastores laudavere

"Quem pastores laudavere,
Quibus angeli dixere
Absit vobis iam timere
Natus est rex gloriae."

(Han som hyrdane hylla
som englane song for
ver ikkje redde
for herlegdomens konge er fødd)

Slik byrjar ein av Michael Praetorius ofte framførte julesongar, sjølv om den mest kjende er "Es ist ein Ros entsprungen" (Ei rose er utsprungen).  Men Quem pastores laudavere er fin å lytta til og har ein vakker latinsk tekst som fører ein inn i det sentrale i julebodskapen.
Michael Praetorius (eigentleg Schultheiss) vart fødd i den tyske byen Creuzburg 15.februar 1571 og døydde på sin femtiårsdag. Han var komponist, organist og musikkteoretikar og var ein sentral person i overgangen mellom renessansen og barokken.
Han var ein svært produktiv komponist og etterlot seg ei rekkje kyrkjemusikalsk verk, messer, salmer, motetter og hymner. Han komponerte også verdsleg dansemusikk, og forfatta omfattande musikketeoretiske verk som vart førande for musikk framføring i den tidleg barokkperioden. Far til Michael Praetorius var luthersk prest, og han studerte sjølv teologi og filosofi, formell musikkutdanning hadde han imidlertid ikkje. Det viste seg ikkje å vera noko hinder korkje i hans virke som organist eller komponist.
"Es ist ein Ros entsprungen" som er det dei fleste assosierar med Praetorius er eigentleg ein tysk folketone som han skreiv ned og arrangerte for firstemmig kor. Men det er mykje anna å gleda seg over i hans samla verk som omfattar tjue store verk med komposisjonar.


Lenke til Kings College, Cambridge framføring av  " Quem pastores laudavere".


http://www.youtube.com/watch?v=QzI3MVMob28

Teksten til det siste verset:

"Pastores palam dicite
in Bethlehem
quem genuit Maria
Laus, honor et gloria
sit Deo in excelsis,
hominibus pax bonae voluntatis,
Sion lauda Dominum cum plausibus,
salvatorem hominum in saecula."

(Hyrdane ropar ut i Bethlehem
kven Maria har fødd.
Lovprising, ære og herlegdom
til Gud i det høgste
og fred til menneske av god vilje.
Sion lovpris Herren med høg røyst
menneskas evige frelsar)

torsdag 12. desember 2013

Minnedag for Johannes av Korset

Vi feirar minnedagen for Den heilage Johannes av Korset (1542-1591) 14. desember. Johannes er ved sida av sin samtidige Teresa av Avila den stor vegleiar og inspirator i Karmelittordenen.
I "Bestigningen av Karmelfjellet" skriv han:
"Hovedårsaken  til at det under den gamle lov var tillatt å stille Gud spørsmål, og hvorfor det var nødvendig for profeter og prester å søke syn og åpenbaring fra Gud, var at på den tiden var troen ennå ikke grunnfestet og Evangeliets lov ikke fastlagt. Derfor var det dem maktpåliggende å utspørre Gud, og Gud måtte svare dem, snart ved ord, snart ved syner og åpenbaringer, i form av billeder og lignelser, eller mange andre måter å la oss få lære sannheten å kjenne. Alle hans svar, ord, gjerninger eller åpenbaringer var mysterier i vår hellige tro, eller i det minste noe som angikk troen, eller pekte i retning av den.
Men nå da troen på Kristus er grunnfestet, og Evangeliets lov i denne  nådens tid er forkynt, er det ikke lenger noen grunn til å utfritte Gud på samme måte som før, og heller ikke for ham å tale og svare slik han før gjorde. Ved å gi oss sin Sønn, som er hans Ord, har han ikke flere ord å komme med. Alt har Han sagt oss en gang for alle i dette ene Ord. Han har ikke mer å si oss."

Vidare viser Johannes til "Brevet til Hebrearane": " Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tide tala til fedrene gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen."

søndag 8. desember 2013

Poetica:November


                 November

Søndagsmorgen og rimfrost

stien dekka med frosne gulna lauv

tunn ishinne på tjørnet

 i blenkande låg novembersol

skuggen din strekkjer seg lengre no

 andletet speglar seg uklårt mot isflata

medan blikket glir undrande mot djupet

møter eit anna klårare sterkare

som aldri vik men skin og skin

når du snur i skumringa

og føl den  isete stien heile vegen heim.

 




Den heilage Nikolas av Myra

I forgårs 06. desember feira vi minnedagen for Den heilage Nikolas av Myra. Ei veke tidlegare stod vi i basilikaen som vart bygd over grava hans i Myra( no Demre i provinsen Antalya).
Det er lite som er kjent og St. Nikolas utover at han var biskop i Myra på 300 talet. Det meste vi har høyrt om han er legendar eller tradisjonsstoff. Han skal ha blitt fødd i Patara i Lykia om lag 280. Faren var den velståande og fromme Eufemios, mora Anna var søster til biskopen i Myra. Onkelen prestevia Nikolas då han var nitten år gammal, og om lag år 300 vart han valgt til biskop i Myra. Han arva ei stor formue etter faren, og denne skal han i følge tradisjonen ha delt ut som anonyme gåver til dei fattige. Under forfølgjingane av dei kristne skal han ha blitt fengsla, han skal og ha delteke aktivt på kyrkjemøtet i Nikea i 325 og argumentert mot arianismen.
Nikolas døydde 06.desember ein gong mellom 345 og 351, denen dagen er seinare feira som hans minnedag. Etter hans død vart det bygd ein basilika over grava. Vi kan enno sjå denne, men sarkofagen er tom, relikviane hans vart røva av italienske sjøfolk i 1087 og ligg no i katedralen i Bari.
Den heilage Nikolas skal ha vore ein særs from og gåvmild mann ,og  helgenkulten rundt han spreidde seg raskt til heile Europa. Han hadde ein spesielle stilling i Russland og Nederland, og det var nederlandske emigrantar som tok tradisjonen med til USA. Her vart han etter kvart til Santa Claus og vart kommersialisert til den skikkelsen vi i dag kjenner som julenissen. Kjernen i denne utvaska tradisjonen er uansett den gåvemilde og fromme Nikolas frå Myra.
Han er skytshelgen for ei rekkje grupper mellom anna barn, sjøfolk og ugifte kvinner, og ikkje minst viktig, for økumenisk dialog mellom dei vestlege og austlege kyrkjene.

 Koret i St. Nikolas basilikaen i Myra november 2013.
 Den tomme grava til St. Nikolas
 Statue av St. Nikolas utanfor basilikaen i Myra

Heilage Nikolas av Myra be for alle forfølgde kristne i Syria, Egypt, Irak, Iran og Palestina !

fredag 6. desember 2013

Ei siste bøn for Midt-Austen

Gregorios III, den melkittiske patriarken av Antiokia som har sete i Damaskus uttrykte nyleg at han vart svært skuffa  over fråveret av eit globalt engasjement for dei forfølgde kristne i Syria. Borgarkrigen i Syria har gått spesielt hardt ut over den kristne minoriteten. Eg har tidlegare skreve om Maaloula som inntil nyleg har vore ein av dei få stadane der dei framleis snakka arameisk, Jesu eige språk. Maaloula har lenge vore midt i frontlinja og har vore dels okkupert av opprørarane, dels av regjeringsstyrkane. Det meste av lokalbefolkninga har flykta men nonnene i eit kloster har halde stand til no,  nyleg vart det meldt at dei er kidnappa av ei ukjent gruppe. Det er bare eit av mange døme på den umenneskelege situasjonen dei syriske kristne lever under.
Akkurat no er situasjonen verst i Syria, men også i resten av Midt-Austen er den kristne minoriteten forfølgd og diskriminert. Så mange som ein million kristne har flykta frå Irak dei siste 20 åra, I Tyrkia er det nesten ingen kristne igjen etter at millionar vart fordrevne i løpet av 1900 talet, frå Libanon og Palestina er det ei jamn straum av emigrantar. Om ikkje altfor lenge vil det knapt vera kristne igjen i desse områda der kristendomen vaks fram dei første hundreåra etter Kristus. Ein to tusenårig kultur er i ferd med å bli utsletta, sjølv om dei utflytta held fast ved sin religion av tradisjon i Sidney, Los Angeles eller Paris er kjerneområda ruinar eller i beste fall museum som i Tyrkia.
I boka "The Global War on Christians" skriv den katolske journalisten Allen:" Kirker i Vesten er
likegyldig tilskuere men kristne i Asia og Afrika er utsatt for de verste menneskerettighetsbrudd i vår tid."  Ei viktig påminning men ei påminning som kanskje kjem for seint ?
Pave Frans har teke eit initativ og møtt kyrkjeleiarar frå Irak, Syria, Libanon og Egypt.
"Vatikanet vil ikke resignere og godta et Midtøsten tømt for kristne" uttaler paven.
Men det ser dessverre ut til at det er vanskeleg å stoppa denne prosessen men diplomati og forhandlingar. I mellomtida får vi bare vona og be.

Forbøn for forfølgde kristne i Syria, Irak, Egypt og Palestina og i dag spesielt for dei bortførde nonnene frå Maaloula !

torsdag 5. desember 2013

Br.Wilfrid Stinissen in memoriam

Ved inngongen til advent sovna br. Wilfrid stille inn etter kort tids sjukdom nær 87 år gammal. Han var fødd i Belgia i 1927 , alt som tenåring  gjekk han inn i Karmelittordenen og vart etter kvart prestevigd. I 1967 kom han til Sverige saman med fleire medbrødre og grunnla karmelittklosteret i Norraby i Skåne. Her skulle han bli verande aktiv like til han døydde 30. november. Karmelittordenen er ein kontemplativ orden, det er tidebønene og ikkje minst den indre meditative bøna som er hovdedfokuset for alle karmelittar. Det var det naturlegvis også for br. Wilfrid, men han hadde og eit anna og parallelt fokus nemleg å vegleia folk på " Den indre bønas veg" gjennom sin forfattarverksemd. Frå tidleg på syttitalet og fram til han døydde har det kome ein jamn straum av bøker og artiklar frå hans hand. Han nådde langt utanfor så vel sin eigen orden som Den katolske kyrkja, og vart på mange måtar ein økumenisk brubyggjar. Så vel lutheranarar som pinsevener fann næring i det han skreiv. For mange kristne vart han ein døropnar til Kristus- sentrert meditasjon, og ein vegvisar inn i  Kyrkjas mystiske tradisjon. Han hjelpte mange til ei fornying og fordjuping av bønelivet. Eg minnest at eg vart merksam på han alt på slutten av syttitalet då eg las den første  boka hans " Den indre bønnens vei. En innføring i kristen bønn og meditasjon." Gjennom den boka fekk ein ei første innføring i Teresa av Avila og Johannes av Korset sine tankar.
Br.Wilfrid redigerte  heilt til det siste det vesle tidsskriftet "Karmel" som kom fire gonger i året. I siste nummeret har han ein innsiktsfull artikkel om Treeininga som den kjelda det vakre evig spring ut av. Det kjem ikkje fleire artiklar frå br. Wilfrid, vi må bare takka og  gleda oss over alt det han har gjeve til så mange i heile Norden. Hans forbøner tek heller ikkje slutt med døden !
Om ni dagar feirar vi minnedagen for Johannes av Korset, br. Wilfrid og alle karmelittars store læremeister og inspirator. Novene er bøner som blir bedt ni dagar før ein minnedag eller festdag.
Dagens novene til Johannes av Korset har ein tekst av br. Wilfrids bok " Natten er mitt lys" som eg tek med til slutt.
"Gjennom stillheten forbereder jeg meg til møtet med Gud, og når Gud møter meg skaper han stillhet i meg. Johannes tanker om taushet og stillhet blir sammenfattet i en berømt formulering:" Ett ord har Faderen talt og det var hans Sønn. Det uttaler han stadig i evig stillhet, og det er i stillhet det må bli hørt av sjelen."
"Stillheten i Herrens hånd er det enkleste av alt, og likevel det vanskeligste for  et menneske. Det som gjør stillheten så vanskelig, er alt det i verden og i det selv som med vold vil dra det ut fra det himmelske."

søndag 24. november 2013

Poetica:Haustbøn

Det er byrjinga av desember for sju år sidan. Det regnar og kulden kryp like inn i beinmargen. Sjølv om  det er midt på dagen kjem skumringa alt sigande. Vi føl ein ung slektning til grava, han er far til
små born og det føles difor ekstra tungt. Eit par månadar tidlegare var eg i gravferda til ein ven (sjå  tidlegare blogginnlegg:"Når ein ven døyr" ) Han døydde ein søndag midt på dagen etter lang tids sjukdom.
Eit par dager etter får eg greie på at i same stunda som han døyr, har eg tent eit lite lys for han 
framom Maria alteret. Eit lite teikn som eg ber  med meg heile denne hausten , og det er der og denne mørke desemberdagen. Etterpå  kan eg gå heim og skriva "Haustbøn", i vissa om at mørkret ikkje skal sigra til slutt.





"Mørkret er så nær, så nær oss

det er som det budde inst inne i oss

som om det kom derifrå

strøymande ut av djup

vi aldri skulle kunna kjenna




Mørkret fylt av regn

blanda uløyseleg i dette gjennomvåte

døden som eit anna ord

uforståeleg, lik ei fjern mumling

så - ei hand som stryk

varleg over den dogga ruta

eit ømt teikn

åleine – aldri åleine




Å Maria ! Du mor i regn og mørkre.

Du mor i død og natt.

Høyr nådig bønene vår.

Bønhøyr oss."




Guds Mor Hodegetria. Ikon av Solrun Nes. Maria som alltid vil visa oss vidare til Sonen !

John Tavener in memoriam

"Alleluia. May flights of angels sing thee to thy rest.
Alleluia. Remember me O Lord,
when you come into Your Kingdom.
Alleluia. Give rest O Lord to your hand-maid,
who has fallen asleep.
Alleluia. The Choir of Saints have found the well-spring
of life and door of paradise.
Alleluia. Life: a shadow and a dream.
Alleluia. Weeping at the grave creates the song:Alleluia.
Alleluia. Come, enjoy reward and Crowns
I have prepared for you."

"Song for Athene" er eit av den engelske komponisten John Tavener sine meste kjende verk.
Teksten er henta frå den ortodokse dødsmessa i ein noko omarbeidd form. Stykket vart                    skrive i  samband med dødsfallet til ein ven i 1993, men det er framføringa under gravferda til prinsesse  Diana i 1997 som har gjort det særskilt kjent.                                                                         Tekst og musikk til trøst i død og mørkre for mange.

Her ei framføring med Westminster Abbey Choir:

http://www.youtube.com/watch?v=rMrxJfvSnn8

Eg har lenge vore oppteken av John Tavener (28. jan 1944 - 12.nov.2013), musikken hans
og inspirasjonskjeldene til musikken: religion og kultur i vid forstand, men og hans eige liv
med store  opp og nedturar. Han sleit heile livet med helseproblem både djupe depresjonar og hjerteproblem pga. den arvelege sjukdomen Marfan syndrom. Desember nummeret av BBC Music Magazine har eit stort intervju med han i høve sytti års dagen i januar. Det må ha blitt skreve tidleg i haust og eg les det utan å vera klar over at han døydde brått i heimen i Dorset 12.november i år. Han har vore svært produktiv sidan sekstitalet men hadde enno mykje ugjort. På slutten av intervjuet seier han:
" But if I survive  this 70th year - which I hope I do, because there`s a lot planned - I want to tackle Dante: The Divine Comedy. What do you think ?"

Men slik gjekk det altså ikkje , han fekk ikkje oppleva sytti års dagen, før det skulle "engleflokken synga han til kvile."
John Tavener slo igjennom i |1966 med "The Whale" som kom på The Beatles sitt plateselskap.
Paul Mc Cartney vart seinare ein livslang ven. Tavener var ei søkande sjel som ikkje så lett fann sin plass i det religiøse landskapet, han var på byrjinga av syttitalet katolsk inspirert og skreiv då mellom
anna operaen "Therese" om helgenen Therese frå Lisieux. I 1977 fann han sin plass i Den russisk ortodokse kyrkja, og musikken i dei følgjande åra inspirert av ortodoks kyrkjemusikk. Det mest
kjende verket er Maria hymnen "The protecting Veil" frå 1989. Dei siste åra har han henta
inspirasjon også frå andre tradisjonar, både vestleg kristendom, muslimsk , jødisk og hinduistisk
spiritualitet og indianar religion. Men han har likevel heile tida høyrt til Den ortodokse kyrkja.
Det er ikkje så lett å plassera John Tavener i ein bås, han sprengjer alle ordinære rammer,
kanskje er det difor han har nådd så langt ut med sin kunst og gjeve så mykje til så mange ?
Må han kvile i fred og det evige ljoset lysa for han !




Som godt vaksen opplevde John Tavener å få familie og etterkvart tre born. Denne vesle
teksten til hans "darling children" fann eg på heimesida hans.

99 words for my darling children, Theodora, Sofia and Orlando

What we know is ringed with darkness; God, however, sees it as light.  Find the courage to trust this Reality; remember God every day.  Strive to embrace all creations.  If we are with God when all is well, He will be with us when life wounds.  Seek what exhaults you, and live ‘a tout risque’.  Life is a dream, but it is not our dream.  All that happens to you is sent from God.  Aspire to that state of bliss which inhabits all things, for ‘God is a beautiful being, and he loves beauty’.  Your true self is God.

torsdag 21. november 2013

Gråt ikkje lenger for meg

Mamo, nie placz, nie                                                       Mor, ikkje gråt for meg
Niebios Przeczysta Krolowo ,                                         Himmeldronning, du reinaste
Ty zawsze wspieraj mnie                                                 Kom meg alltid til hjelp
Zdeowas Mario                                                               Hill deg Maria

Denne bøna vart rissa inn på celleveggen av den attenårige Helena Wanda Blazusiakowna som sat i Gestapos fengsel i Zakopane. Komponisten Henryk Gorecki nyttar teksten i sin tredje symfoni( Dei sorgfulle songars symfoni)

                                   Den svarte Madonna i Czestochowa, Polens evige dronning.


Gråt ikkje lenger

"Det djupaste mørkret er ikkje innanfor men utanfor,
heller ikkje den største fortvilinga,
eller den gjennomtrengande kulden,
celleveggen er verda di Helena,
det er få timar att,
alt skal fullendast,
tårene er ikkje for deg,
men for dine kjære.
Natta er deira, dagen er din,
aldri åleine.

No løftar du dei folda hendene dine,
kjenner den kalde og fuktige muren,
handflata svir,
med faste rørsler rissar du i murpussen,
nei mor gråt ikkje
for Himmeldronninga vil alltid ta vare på meg."



Lenke til Henryk Gorecki Symfoni nr. 3:


http://www.youtube.com/watch?v=R90vDLHGs1Q

"Aldri andre enn du"

"Aldri andre enn du trass i stjernene og einsemda
Trass i at tre blir skamferte når natta fell på
Aldri andre enn du skal følgja din veg som er min veg
Skuggen din blir lengre jo lenger vekk du er
Aldri andre enn du skal hylle havet i morgongryet når eg,
trøtt av å ta feil, kjem ut av dei mørke skogane
og neslekratta og går mot skummet
Aldri andre enn du skal legge handa på panna mi
og over auga
Aldri andre enn du, og eg fornektar løgn og utruskap
Dette skipet til ankers du kan kutta trossa
Aldri andre enn du
Den fanga ørna i eit bur gneg sakte på gitteret
av irra kopar
For eit tidsfordriv !
Det er søndag nattergalen syng i dei mjukgrøne skogane
Småjentene keiar seg ein kanarifugl hoppar
omkring i eit bur mens sola langsamt flyttar den
tynne linja si over eit varmt fortau i den tome gata
Me skal gå over andre linjer
Aldri aldri andre enn du
Og eg åleine som den visnande eføyen i
ein hage i utkanten av byen åleine som glaset
og du aldri andre enn du."

"Aldri andre enn du" er eit av dei mange kjærleiksdikta til den franske poeten Robert Desnos. Her i norsk omsetjing av Finn Øglænd.
Det er noko med stemninga det avspeglar som talar til meg. Einsemda og det mørke, men så  brått sola som flyttar seg over fortauet ein varm søndags- ettermiddag, og der er du, aldri andre enn du !
Robert Desnos vart fødd i Paris i 1900, han publiserte dikt alt som tenåring. Etterkvart vart han ein del av det surrealistiske miljøet saman med poetar som Aragon, Breton og Eluard. Han braut etterkvart med dei då han var usamd med deira politiske engasjement i kommunistisk retning.
Under krigen var han aktiv i motstandsrørsla og vart arrestert av Gestapo i 1944, han døydde året etter i konsentrasjonsleiren Theresienstadt. Desnos blir rekna som ein av dei store i fransk mellomkrigslitteratur, og etter krigen er mange av dikta hans sett musikk til.
Robert Desnos var ein mann med heilt uvanleg utstråling. Det blir fortald ei historie om han frå Auschwitz der han først vart internert. Desnos er del av  ei gruppe fangar som er på veg for å bli henretta. Brått spring Desnos fram og grip handa til ei kvinne og byrjar å spå henne i handflata, han uttrykkjer at ho har eit langt og lukkeleg liv framfor seg. Dette grip om seg, dei andre fangane kjem og med handflatene sin, alle blir spådd eit langt og lukkeleg liv. Vaktene blir forvirra og det heile ender med at fangane blir kjørt tilbake til brakkene. Desnos vart aldri henretta men døydde av sjukdom året etter.
Ei tilsynelatande surrealistisk hending men kanskje  og eit uttrykk for Desnos grenseoverskridande
fantasi og utstråling ?


Kampen mot antisemittisme

Budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre resulterte mellom anna at i det vart løyvd 5 millionar kroner til handlingsplan mot antisemittisme. Dessverre er ein slik handlingsplan påkrevd, det dukkar stadig opp nøye utslag av fordommar mot jødar i Norge og spørjeundersøkjingar syner av 12 prosent har antisemittiske haldningar. Det er eit skremmande høgt tal i november 2013, 75 år etter Krystallnatta og 71 år etter at norske jødar vart henta av norsk politi og deportert til Auschwitz med lasteskipet Donau.( sjå tidlegare innlegg på bloggen)
Forfattaren og samfunnsaktivisten Sara Azmeh Rasmussen skriv om markeringa av Krystallnatta, ho er sjokkert over at det ikkje gjorde større inntrykk at eit medlem av Ungdom mot rasisme måtte halda seg borte frå markeringa pga. drapstruslar. Sjølv iførte ho seg ein jødisk kippa for å visa solidaritet.
"Flott hvis pengene blir brukt riktig", seier forstander i Ervin Kohn i det jødiske samfunnet i Oslo.
Han legge til:" Vi har tidligere reagert på at nesten all undervisning og forebygging av antisemittisme
dreier seg om holocaust. Det blir feil. Antisemittismens historie går mye lenger tilbake enn holocaust. Det hverken begynte eller sluttet med holocaust."
I intervjuet med "Vårt Land" sluttar han med å føreslå at ein del av løyvingane bør gå til Det mosaiske trussamfunnet og Antirasistisk senter slik at dei kan dra rundt og informera norske skuleelevar om antisemittisme.
Eit godt forslag, ingenting er viktigare enn å førebyggja desse mørke haldningane hos dei unge.
Dessverre ser det ut til at dette må gjentakast og gjentakast i all framtid.
                                          26.november 1942: norske jødar ventar på å bli deportert med "Donau".

mandag 18. november 2013

Tusen ganger god natt

Filmregissør Eriks Poppes siste film "Tusen ganger god natt" er eit sterkt og personleg drama om den grunnleggande konflikten mellom ansvaret for eigen familie og det ansvaret ein har for verdsamfunnet.
Krigsfotografen Rebecca, spelt av Juliette Binoche, står midt i denne opprivande konflikten. Filmen byrjar med at ho føl ein kvinneleg, afgansk sjølvmordsbombar for å dokumentera handlinga fotografisk. Det fører til at ho sjølv blir livstrugande skadd. Heime i Irland hos mannen, spelt av Nikolaj Coster-Waldau, og dei to døtrene reiser dei grunnleggjande spørsmåla seg. Er det lov å utsetja eigen familie for dette ? Dei som har levd i stadig angst for at ho ikkje skal koma heim i livet, medan ho har vore oppteken med å dokumentera for all verda det som skjer i  konfliktområder. For Poppes er nok dette og personleg og litt sjølvbiografisk, på åttitalet arbeidde han som fotograf i krigs og katastrofeområder. Når han talar av eiga erfaring blir filmen desto meir intens og realistisk. At Rebecca er kvinne gjer kanskje ubehaget enno større, som mor forlet ho sine to små døtre og risiskerar at ho aldri ser dei att. Det er framleis forskjell på kvinner og menn iallfall i vår oppfatning av ekstremsituasjonar.
Kva er Rebeccas motiv ? Kanskje er dei ikkje eintydige ? Ho vil redda verda ved å visa fram det grusomme som skjer og få verdssamfunnet til å reagera ?  I scenen frå flyktingeleiren i Afrika oppnår ho også dette, men ho forlet dottera og den norske hjelpearbeidaren (Mads Ousdal) og set seg i livsfare. Heime fører det det til ytterlegare konflikt og ekteskapet raknar. Denne scenen blir ekstra sterk i det vi ser alt gjennom tenåringsdatteras auge, ho filmar moras dramatiske opptrinn med sitt kamera. Idealismen får på denne måten eit kynisk preg og ein lurer på om det eigentleg motivet er ei ekstrem spenningsøking eller kanskje eit indre raseri som ho må få ut på ein eller annan måte ?
Som krigsfotograf opplever Rebecca  det same som mange soldatar og kanskje og hjelpearbeidarar i katastrofeområde, kvardagen blir vanskeleg å takla, ein klarer ikkje å omstilla seg til dagleglivets modus.
Erik Poppe problematiserar, men gjev ikkje enkle svar. Kanskje er det heller ikkje enkle svar ?  Men filmar som "Tusen ganger god natt" opnar for refleksjon. Eg trur ein må velga familien eller verdssamfunnet, iallfall i perioden med mindreårige born. Etter katolsk oppfatning vil ein alltid ha eit primært ansvar for familien. Ekteskapet er eit sakrament og familien  ein gudgjeven struktur. Alternativet er at ein lever einsleg (sølibatet) og kan ofra seg for Kyrkja, verda og alle andre. Det blir eit valg og eit kall.
"Tusen ganger god natt" er ein sterk og velkomponert film, noko av det beste som er gjort i Norge. Ei god historie framført på ein truverdig måte og på ein måte som manar til ettertanke og refleksjon. Det er akkurat det som er ein god film.

                                           Juliette Binoche som krigsfotografen Rebecca.

torsdag 14. november 2013

Vrake en rolle, vinne et liv

Kva er dette indre mørkre som mange av oss har bore med oss heilt frå barndomen ? Det kan vera store traume ein ber med seg, men det er langtifrå alltid det. Likevel ber vi på smerte og frykt heilt frå den dagen vi vart fødde inn i denne mørke verda.
"Det finnes et dypt sår i alle mennesker, en skade som ikke bare skyldes forholdene vi vokser opp under, men som gjør oss uendelige sårbare men vi vokser opp: Vi bærer alle på en bunnløs ensomhet i vårt indre, en ensomhet som ikke burde være der, men som skyldes at vår relasjon til Gud er skadet", innleiar dominikanernonne Sr.Sofie i ein artikkel i siste nummer av tidsskriftet "Strek".(sjå og min artikkel Stairway to heaven om Sr. Sofie)
Arvesynda er ikkje genetisk smitte og definitivt ikkje noko som har med seksualiteten å gjera, men derimot ein ontologisk skade i vårt vesen, ein fundamental utrygghet som gjer oss så sårbare og utsatte, skriv ho vidare. Det er sår i oss frå barndomen, sår som også speglar vår grunnleggjande separasjonsangst frå Gud. Sår som ikkje er store traume eller overgrep men små alminneleg kvardagshendingar som likevel har gjeve kjensla av ikkje å bli sett, ikkje bli høyrt. Kanskje gjev det ei mindreverdsskjensle som ein prøver å kompensera for ved å spela  ulike roller ? Under dette ber ein med seg eit ufritt ego, eit knust og blødande hjerte. Finst det ein veg vidare, ein veg ut av mørke ?
"Det er ved å sette ord på det uutholdelige at de plagsomme følelsene kan komme frem og bli løst opp." Vidare siterar ho ein amerikansk terapeut som seier at det vanskelegaste er ikkje å erkjenna at vi har synda men at andre har synda mot oss !
Terapi, ja, men og bøn som utfyller terapien. "Den  kan gi oss den styrke og bevissthet vi trenger for å søke profesjonell hjelp. Og den formidler et Nærver som ingen terapeut i verden kan gi."
Det kan bli ein veg ut av det ufrie rollespelet og inn til vårt eigentleg vesen. Det er ein smertefull veg, ein lidingsfylt veg, men ikkje ein veg vi går åleine. " Vår forening med Kristus leger vårt dypest liggende sår og skaper en hel plass inni oss."
"Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han" , står det i Jesaja 53. Ja det er sant at han døydde for våre synder. "Men det er også sant han døde for den synd som ble begått mot oss. At ha bar våre sykdommer og plager, betyr at han også bærer våre psykiske sår. Han døde ikke bare for å utslette synden, men også for å utslette syndens virkning i våre liv."
Med dette utgongspunktet kan vi starta på vegen framover. Det vil koma tilbakeskritt, mørket vil på ny overmanna vårt indre, men vegen går ikkje i sirkel tilbake til utgongspunket men snarare i ein spiral som fører oppover.
Til slutt skriv Sr.Sofie: " Om jeg ser tilbake på mitt eget liv, kan man på den ene siden se det som en hel rad av fiaskoer der den ene fine rollen etter den andre ble spolert. Men gjennom hvert nåløye jeg har gått gjennom, har jeg alltid kommet ut i ny, friskere og friere luft! Hver gang har Gud blitt mer virkelig. For Guds virke er bare i virkeligheten." Så kan vi endeleg vraka ei rolle og vinna eit liv!

Takk Søster Sofie for at du deler dine tankar og din livshistorie,og for dine oppmuntrande ord til meg!

tirsdag 12. november 2013

Ulf Ekman og katolisismen

"Jeg synes man først og fremst bør øke forståelsen for hva sakramentene er og hva de inneholder. Da faller en del fordommer og man oppdager en skatt. Så kan man begynne å telle. Personlig synes jeg at vi har tilgang til syv sakramenter." uttaler den svenske pinsepastoren Ulf Ekman i eit intervju i avisa Dagen. Det er nokså sensasjonelle ord frå ein person som har blitt oppfatta som ein relativt ekstrem karismatikarar. Ulf Ekman er opprinneleg ordinert til prest i Svenska kyrkan, seinare gjekk han i karismatisk retning og grunnla i 1983 Livets Ord som etterkvart har vakse til Skandinavias største frimenighet. Livets Ord har dreve bibelskule og omfattande misjonsverksemd, og har tilrekt seg mange unge som søkjer eit karismatisk fellesskap. Både form og innhald i deira forkynninga har vorte oppfatta som ytterliggåande, og opning mot dei gamle kyrkjesamfunna har vore det siste ein har forbunde med denne rørsla. Men dei siste åra har leiaren Ulf Ekman overraska mange med ei reorientering mot dei historiske kyrkjene. Både i forhold til embete og sakramentssyn er han tydeligvis på gli. " I frikirkelige og karismatiske sammenhenger har det eksistert en utpreget redsel for alle former for embetssyn. Her må vi tenke på nytt.................Biskopsfunksjonen vokser både ovenfra og nedenfra, horisontalt og vertikalt."
Så spør intervjuaren om Jesu ord til Peter:" På denne klippe vil jeg bygge min menighet. Mener han da på bekjennelsen av Jesus som Messias, eller mener han også at han vil bygge sin menighet på personen Peter ?" Til dette svarar Ulf Ekman: " Det er nok ingen tvil om at det handler om begge deler, både personen Peter og hans bekjennelse i Matteus 16.18."
Her har vi altså hans syn på to så sentrale tema som embetssyn og sakramentsteologi. Det opnar iallfall for eit fruktbart økumenisk klima. Det stadfestar og det faktum at han neste veke skal tala til 2000 polske katolikkar. Den yngste sonen til Ekman, Benjamin Ekman vart nyleg teke opp i Den katolske kyrkja, det same er tilfellet med redaktøren i menighetens tidsskrift Keryx.
Sjølv svarar han noko tvetydig på spørsmålet om han går den same vegen.
Professor Oddvar Johan Jensen ved NLA i Bergen spør seg om ein skal konvertere til katolisismen, melde seg inn i ei svensk folkekyrkje elle byggja ei ny svensk frikyrkje etter å ha lest Ekmans siste artikkel . Den svenske folkekyrkja er så utvatna både etisk og teologisk at det neppe er eit alternativ for dei som tek si tru på alvor. Uansett er utviklinga i Livets Ord både spennande og gledeleg, og vil nokså sikkert verka til å knyta alle som står på Bibelen og Oldkyrkjas teologiske og moralske grunn, nærare saman mot eit aukande sekulært press !

                                          Ulf Ekman taler i Livets Ord.

torsdag 7. november 2013

Krystallnatten

9.november er det 75 år sidan "Krystallnatta" som innleia historias mest brutale jødeforfølgjingar.
To dagar før hadde den jødiske flyktningen Herschel Grynszpan  spasert inn i den tyske ambassaden i Paris og teke livet av ambassadesekretær Ernts von Rath. Bakgrunnen var hevn for deportasjonen av  hans eigen familie og 17000 andre jødar til Polen under umenneskelege forhold. For propaganda-
minister Josef Goebbels var dette eit ideelt påskot for å gje startsignal til omfattande åtak på jødar og jødisk eigedom over heile Tyskland. 278 synagogar og meir enn 7000 jødiske forretningar vart vandalisert, 400 jødar vart drepne og 30.000 arresterte. Frå Hitler overtok styret i 1933 hadde det vore ei stadig innskrenking av dei tyske jødanes statsborgerlege rettar som kulminerte i pogromen 9. november 1938. Ille nok men likevel berre krusningar på vassflata samanlikna med det som skulle koma. Det har lenge vorte hevda at det var partifolk åleine som gjennomførte overgrepa denne natta.
Den tyske historikaren Wolfgang Benz går i rette med dette utfrå vitneavhøyr etter krigen og hevdar:
"Det var naboene, kollegene og forretningsbekjentskapene som ydmyket de lokale jødene, ramponerte butikkene og stjal eindelene deres." Er ikkje det  vitnemål vi og kjennner igjen frå moderne tid på Balkan og i Rwanda ?
Dagen etter kan ein fornøgd Josef Goebbels erklæra:"Da ser jeg en blodrød himmel: synagogene brenner. Vi slukker bare så langt det er nødvendig av hensyn til bygningene i nærheten. Et forferdelig arbeid......... Mens jeg kjører til hotellet, knaser det i vindusrutene. Bravo!"

Dei tyske jødane hadde i 1871 fått fulle rettar som statsborgarar og dei fleste var etterkvart godt assimilert i det tyske samfunnet. Mange jødar hadde sentrale stillingar både i forretningsliv, akademia og offentleg administrasjon. Det var rundt hundreårskifte relativt lite antisemittisme i Tyskland samanlikna med andre land i Europa.  Ikkje få jødar var tyske patriotar og utmerka seg i kamphandlingar under første verdskrigen.
"Antisemittismen forble et randfenomen for de fleste langt inn i Weimar-republikken" skriv Wolfgang Benz.
Etter 1918 forandra dette seg, det tyske nederlaget la grunn for leiting etter skuldige, konspirasjonsteoriar florerte. Pamfletten "Sions vises protokoller" sirkulerte og antijødiske haldningar bygde seg gradvis opp.
Det var få som protesterte då nazipartiet intensiverte sin propaganda mot jødane. I og med "Krystallnatta" var ei grense overskrede. "Pogromen handlet om å forberede tyskerne på at administrative hindre ikke lenger stod i veien for en drastisk omgang med jødene", igjen i følge Wolfgang Benz.

Kvifor skal vi stoppa opp ved denne 75 års markering ? Kvifor er dette framleis like viktig ?
Fordi vi i Europa opplever eit aukande hat mot minoritetar generelt og jødar spesielt ! (Sjå mitt blogginnlegg 27. oktober.)
For dei som er interessert i detaljar om om dette mørke kapittelet i Europas historie kan dr. teol Øyvind Foss si bok " Krystallnatten" på Spartacus forlag i 2009 varmt tilrådast.



mandag 4. november 2013

Retten til liv

Debatten om fastlegars rett til å reservera seg mot henvisning til abort og dermed gje kvinner oppleving av å bli avvist i ein sårbar situasjon har også eit heilt motsatt aspekt. Mange kvinner har opplevd å bli utsett for eit sterkt press om å ta abort etter å ha fått påvist kromosomavvik hos fosteret.
Det dreier seg om trisomi 21 betre kjent som Downs syndrom, men i enno større grad dei sjeldnare avvika trisomi 13 og 18. Desse tilstandane har til no blitt vurdert som uforenlege med liv, og dermed er det meiningslaust å halda fram svangerskapet og eventuelt gje helsehjelp til barnet etter fødselen.
Anestesilege og mor Siri Fuglem Berg har løfta denne viktige debatten inn i det offentlege rom. Det er basert på dyrekjøpt personleg erfaring. Ho var 40 år og fjerdegongs gravid då det vart påvist at fosteret hadde eit ekstra kromosom 18.

Om erfaringa med helsevesenet i denne situasjonen seier Siri Fuglem Berg  i eit intervju med Aftenposten:
- Jeg opplevde selv et utidig press om å ta abort, og flere enn 90 prosent velger abort når de får en syndromdiagnose. Men mange angrer når de ser at de kunne fått litt tid med barnet sitt, og at bare én kvinne angrer, er alvorlig nok. Fosterdiagnostikerne bør også være forpliktet til å følge opp dem som ikke velger abort. De må lage et opplegg også for dem som velger å gjennomføre et vanskelig svangerskap.

I etterkant av dette har ho og engasjert seg sterkt i debatten om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk både i form av bok, internettside og blogginnlegg. Ho har og aktivt støtta andre gravide i liknande situasjon. Kanskje byrjar arbeidet også å bera frukt? Nyleg har Klinisk etikk komite ved Oslo Universitetssykehus kome med eit refleksjonsnotat der dei innrømmer at tidlegare vurderingar "ikkje forenleg med liv" i mange tilfelle ikkje var korrekt. Komtiteen viser til at 10% av desse barna overlever. Fekk desse 10% helsehjelp eller ikkje, og i såfall kor mange ville har overlevd dersom alle fekk helsehjelp ?
Det står alle mogleg respekt av  Siri Fuglem Bergs innsats for å setja denne viktige etiske debatten på dagsordenen !
Til slutt eit lite men kanskje viktig poeng som ho nevner i eit avisinnlegg. Kanskje er det enkelte gravide som ønskjer å gå til fastlegar som har reservert seg mot aborthenvisning for der å få støtte til å bera fram eit funksjonshemma barn ?


lørdag 2. november 2013

Fakkeltog for trusfridom

Retten til tanke og trusfridom er ein grunnleggjande menneskerett som er garantert i FN erklæring om menneskerettar. Dessverre ser det ut til at denne retten i aukande grad blir krenka i mange land rundt om i verda. Det er nok å minna om dei siste månadars mediaoppslag frå Syria, Egypt og Pakistan.
I eit par år har det blitt arrangert fakkeltoget  i norske byar til støtte for for forfølgde kristne. Organisasjonane "Åpne dører" og "Stefanusalliansen" har stått bak dette og i år var det fakkeltog i ni norske byar. I år var det særleg fokus på situasjonen i Nord-Korea, Iran og Pakistan. I Nord-Korea er all religion forbode, og religiøs tru fører til at ikkje berre den truande blir straffa men også familien i tre generasjonar. Iran og Pakistan er andre religiøse grupper enn muslimar tilletne, men trusskifte kan straffast med  lange fengselsstraffer eller døden. I desse landa opplever ikkje berre kristne men og muslimske minoritetsgrupper ekstremt sosialt press og dagleg diskriminering. Mange føler seg som annanrangs borgarar i eige land.
For alle desse gruppene betyr det svært mykje at dei opplever ikkje å vera gløymde, men at folk i Vesten heile tida har fokus på deira situasjon.Forbøn vil alltid vera viktig, men og oppmoding til eigne styresmakter om å arbeida politisk og diplomatisk for at menneskerettane blir respektert. Som ein naturleg konsekvens av dette blei det i året overrekt eit opprop til Utenriksdepartementet om " Retten til å ha en tro, skifte tro og utøve tro." Norske styresmakter blir der oppmoda til å legge press på dei aktuelle landa for å letta den diskrimineringa og forfølgjinga som religiøse minoritetsgrupper vert utsett for.
Mange deltok i årets fakkeltog,og vi vonar at det kjem enno fleire til neste år. Fokus på forfølgjing og dikriminering av kristne og andre religiøse minoritetar er noko vi må ha stadig fokus på, ikkje berre denne eine dagen men og resten av året.

tirsdag 29. oktober 2013

Sr Sofies " Stairway to heaven"

Det er konsert  med Led Zeppelin i Kungliga Tennishallen i Stockholm, året er 1973 og den trettenårige  Sofie Hamring sit lengst bak og lytter til vokalisten Robert Plant som syng ” And she`s buying a stairway to heaven”. På dette tidspunktet hadde ho ingen aning om kva ordet himmel betydde. ” Betydde i alla fall ingenting för mig i denna stund. Kunde inte ana, där i min ofattbara tomhet, att jag en gång skulle ställas inför en sådan trappa mot himlen. Och börja gå.”  Det er utgongspunktet og tittelen på Sofies historie om si indre og ytre reise, ”Stairway to heaven” med undertittelen ”En andlig resa”.  Ja det er primært ei andeleg reise sjølv om det og er ei ytre reise på mange kontinent. Sofie reiser og søkjer sanninga, det er ei reise med mange omvegar,men  ein kan godt røpa at ho til slutt finn sanninga og den djupe indre freden. Sr. Sofie O.P. sjølvbiografiske bok kom ut på Artos forlag i forige månad, då eg oppdaga boka i Artos katalogen visste eg at denne boka måtte eg bare lesa. Det blei ei stor og trusstyrkande oppleving. Sr. Sofie skriv om livet sitt på ein så ærleg og likefram måte, og her er så mykje å kjenna seg igjen i for alle som har gått litt av den same vegen i det same tidsromet.
Sofie Hamring veks opp i Stockholm på 60-og 70-talet som ein vanleg svensk ungdom, men kanskje ikkje heilt vanleg for ho er meir søkjande og uroleg enn dei fleste. Ho fullfører gymnaset og bur så i kollektiv eit år før ho set kursen mot Asia, først til Kibbutz i Israel deretter ei lang rundreise i India og Nepal. Ho søkjer til austleg religion, blir grepen av yoga og meditasjon, men er og innom Mor Teresa søstrene i Calcutta utan å få det store utbyte av det. Sofie kjem heim til Sverige igjen, fordjupar seg i yoga og alternativ medisin men tek og utdanning som sjukepleiar før ho set kursen mot Australia. Undervegs får ho kristne impulsar utan heilt å ta dette inn over seg. Tilbake i Sverige opplever ho eit djupt personleg og andeleg mørke. ”Alla vägar var stängda, både himmelen og jorden……… Jag befann mig i nattsvart ångest, som i et hål. Dømd på livstid i en isoleringscell.”  Men mørke tek slutt for Sofie, ho gjev seg til slutt over til sanninga. ” Jesus hade bara väntat på det. Han ställde sig upp i mitt livs båt, och sa til vinden och vågorna: Tyst, var stilla. Och det blev en stor frid.”
 Sofie er har enno ikkje nådd sitt endeleg mål. Kvar skal ho gå med si hardt tilkjempa tru?  Den heilage  Ande leiar henne vidare med god hjelp av menneske, ho skriv: ” Så enkelt blev det til slut. Där och då bestämde jag mig för att bli katolikk, innan jag läst så mycket som en paragraf av någon katekes eller något kompendium i katolsk troslära.” Vissa om at Den heilage Ande hadde leia henne der ho skulle vera var nok.
Sofie har tilsynelatande funne sin plass, men  uroen slepp ikkje taket : Har Gud større oppgåver for henne ?  Enno er det kriser , mørke netter og forvirring ho skal gå igjennom før ho når fram. Ho søkjer seg til kloster i Frankrike men finn seg ikkje heilt til rette, ho prøver seg ho karmelsøstrene i Glumslöv men heller ikkje det er hennar plass. Br. Wilfrid hos karmelbrødrene i Norraby gjev henne uvurderleg vegliing i denne prosessen.
Sofie Hamring finn sin plass til slutt hos dominikanersøstrene i Rögle utanfor Lund, ho blir Sr.Sofie O.P. Det er ei fantastisk reise Sr.Sofie tek oss med på, det som gjer sterkast inntrykk er det mønster ein finn i alle vegar og omvegar ho går på, Den heilage Ande leiar henne trygt heile vegen. Fleire gonger undervegs kjem ho inn på korleis Gud har spart henne for freistingar og ulukker. Og til slutt:  ” Dette blev frukten av min resa: en djup visshet om at jag skulle ge mitt liv helt til Kristus, att jag tilhörde honom och at dette var min djupaste glädje.”
”A stairway to heaven” , ja men trappa held fram vidare oppover. ”Tonen klingar vidare i nya slingor. Och den resan i klosteret har knappast varit mindre spännande än resan dit” avsluttar Sr. Sofie.





søndag 27. oktober 2013

Poetica:Attende


                                  Attende.



                                    Tett bjørnebærris

stien nesten attgrodd

skarpe torner rispar foten

bjørkeskogen har skote i veret

og dekkar nesten utsynet

mot fjorden stille og haustblank

langt der ute

kransen av holmar

pryda med glattskurte berg

kvilande i skuggen

no når sola står lågt

men slik er det

du kjenner att alt dette

sansane lever

bilete løfta frå djupe lag

eit varleg pust

lyset frå akkurat den kanten

dei kjende luktene

lyden av bekken

som snor seg varleg langs stien

for så å gjera eit brått kast

over berget like under.

Alt er som før

nesten som før

når stien vidar seg ut

ein grasvoll å trø over

ein himmel å undrast under

eit berg å stryka sorga på.






Jødehat i Europa

Det er blitt sagt at jødehat er ein sjuk som rammar ikkje-jødar men som jødar døyr av. Dessverre er det ein stadig aktuell problemstilling. EU-byrået Fundamental Rights Agency i Wien har nyleg gjennomført ei spørjeundersøking blant 5100 jødar i ni europeiske land. Resultatet er skremmande, tre av fire jødar opplever at antisemittismen er blitt verre dei siste fem åra. 22 prosent oppgjev at dei unngår å oppsøkja jødiske plasser eller bera jødiske symbol av frykt for å bli trakassert. I land som Ungarn og Frankrike opplever ni av ti at jødehat er aukande. Situasjonen i Ungarn er ekstra ille, der oppgjev 30 prosent at dei sjølv har opplevd antisemittisme det siste året. Interessant er det at overgriparane fordeler seg omlagt likt på islamistar og politiske ekstremistar på så vel høgre som venstre sida. Det støttar opp om det som mellom anna Bernt Hagtvedt har hevda, ekstremistar er samme ulla og møtest i eit felles hat mot minoritetar generelt og jødar spesielt.
Det er 75 år sidan Krystallnatta som innleia den organiserte jødeforføljinga under nazismen, mange tenkte nok at vi hadde tatt lærdom av det som skjedde då. Dessverre ser det ikkje slik ut. Norske jødar er ikkje med i den aktuelle undersøkjinga, men også i vårt land oppgjev jødar at dei har opplevd trakassering. Det har kome trugsmål mot synagogen i Oslo og for eit par år sidan vart det skote mot bygningen. Få jødar vågar å anmelda utslag av antisemittisme, milde domar, mellom anna mot Arfan Bhatti som skaut mot synagogen, har svekka tilliten til rettsapparatet.
Omskjeringa av gutebarn er ein mange tusen år gammal praksis i jødisk religion. Nyleg har det frå fleire hald blitt tatt til orde for eit forbod mot dette. Europarådet parlamentariker forsamling vedtok nyleg ein resolusjon der det blei oppfordra til å setja ei nedre aldersgrense for omskjering, nordiske barneombod har teke til orde for det same. Intensjonen er naturlegvis  tankar om kva som er best for barnet og ikkje antijødiske eller antimuslimske haldningar, men frå jødisk hald blir dette klart oppfatta som ei nedvurdering av deira religion og tradisjon. Tidspunktet for å ta opp denne problemstillinga er dårleg, jødar over heile Europa vil oppfatta dette som eit ledd i det aukande hatet mot den jødiske minoriteten. I USA er situasjonen ein heilt annan, der er det får som stiller spørsmål ved omskjering heller ikkje frå ein medisinsk synsstad.
Korleis møter vi dette i tida framover ? Har vi ikkje lært av antisemittismens blodige historie eller kjenner vi ikkje denne ? Mangel på kunnskap vil alltid byggja opp om fordomar, og viktigare enn nokon gong er det at vi stadig blir minna på kva det jødiske folket har gått igjennom tidlegare. Null toleranse for trakassering av ikkje bare jødar men og andre minoritetar som romfolket må vera noko vi heile tida har som mål. Eit rettsapparat som tek dette på alvor er og med på å styrka desse haldningane.

Politiet utanfor synagogen i Oslo i samband med trugsmål frå islamistar i 2012

onsdag 23. oktober 2013

I`ll meet you in the morning

Shine, shine
I`ll meet you in the morning
Oh, my soul`s gonna shine


Kristin Asbjørnsen kom i forige månad med ny CD med tittelen "I`ll meet you in the morning". Ho har dei siste åra markert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv innan spirituals og jazz. Den siste CD er og i sjangeren african-american spirituals men med hennar personlege uttrykksform. Ho held seg ikkje strengt til originaloppskrifta men prøver å finna sin eigen veg inn i stoffet inspirert også av folkemusikk, world-music og moderne jazz. Kristin Asbjørnsen var den siste eleven til den legendarisk sprituals og gospel sangerinna
Ruth Reese, og ho overtok notane hennar.Det såg ho som ei store ære, nærast eit kall. Spirituals platene hennar er forankra i Ruth Reeses musikk.
Spirituals sjangeren har sin bakgrunn i musikken som oppstod under dei afro-amerikanske slavane sin fridomskamp. Borgarettskampen i forige hundreår var og sterkt inspirert av denne uttrykksforma. Martin Luther King brukte  spirituals for å fremja sin bodskap.
Det er sprengkraft i denne musikken både religiøst og politisk,som det er umogleg å vera likegyldig til.Det andelege og politiske går paralellt, det ein skyggar ikkje for det andre.
Kristin Asbjørnsen sin personleg vri på denne musikken gjev oss ei ny og inspirerande oppleving. Dette er stort å lytta til.


I`m gonna cross the river of Jordan
I`m gonna cross it for myself
There`s no one here to cross it for me
I`m gonna cross it for myself

I`m gonna meet my dear old mother
I`m gonna meet her for myself
There`s no one here to meet her for me
I`m gonna meet her for myself.
https://www.youtube.com/watch?v=gq3HQfP-yVo

tirsdag 22. oktober 2013

Gs bok

Gs bok er første bindet i Kvartett 2008 av lyrikaren Paal-Helge Haugen. Paal-Helge Haugen opprinneleg frå Valle i Setesdal har markert seg som ein av dei mest sentrale norske forfattarane frå 1960 talet og fram til i dag. I Gs bok har han nytta bibel sitat henta frå den første nynorske bibelomsetjinga frå 1921 som utgongspunkt for lyriske refleksonar. For Haugen representerar ikkje dette noko bestemt syn på kvaliteten  av norske bibelomsetjingar gjennom tidene, men derimot ein  tributt til desse første omsetjarane som i så høg grad har forma nynorsk stilkjensle. Ein av dei fremste var språkforskaren Aleksander Seippel, han vaks og opp i Setesdal, og  er den som står bak mange sentrale bibelske uttrykk. Eit døme på det er ordet læresvein.
Paal-Helge Haugen er med på å løfta fram bibeltekstane som heilt sentrale ikkje berre religiøst, men og litterært som grunnlag for heile vår kulturelle forståing.



Kven er denne mannen som kjem imot oss paa marki ? 1 Mos 24.65

Til knes i skumring
og låge tåkestryk
over myrlandet
der han freistar ta seg fram
bortanfor kompasset

Han er utan oppakning
Lett kledd og hungerrask
Han har ingenting
utanom lufta
Den er det nok av
Han drikk av den fuktige myrlufta
i november

Tåka formulerer og reformulerer seg
i nesten avlesbare teikn
nesten forståeleg nå
før nye teikn drive inn og ut
Han er til knes i teikn
utan feltordbok utan glossar
utan ord

i myrlandet
der han etterlet seg spor
tydelege spor
og brunt vatn som renn inn og fyller
..................................

Dei gav honom eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka, og han tok det og aat for augo deira.  Luk 24.42-43

Dagane fylte til randa, fløymer over
Alt som har hendt vender attende
Det er her
Det har hendt
og hender
og skal halde fram med å hende
alltid

Eit saltkorn som gjennomtrenger alt
med smaken av salt

Kroppens vesle etui. Hylster
gjennomlyst som vatn
Midt i det verkelege
Tvers gjennom det uverkelege
Han fyller hendene
med det som er

og lufta flyt mellom oss
som mjølk
som honning




tirsdag 15. oktober 2013

Teresa av Avila

I dag 15. oktober feirar vi  minnedagen for Den heilage Teresa av Avila(1515 - 1582). Ho vart i 1970 utnevnt til kyrkjelærar, og dagen er såleis viktig for Kyrkja generelt men ikkje minst for alle som føler seg tiltrekt av den karmelittiske vegen.
Den tyske-jødiske filosofen Edith Stein er på 1920 talet ei søkjande sjel, under vitjing hos vener kjem ho ein kveld over Teresas sjølvbiografiske verk "Boken om mitt liv." Edith les boka i eit strekk denne natta, neste morgon står det klart for henne: " Dette er sanninga!" Ho følgjer sjølv i Teresas fotspor som karmelittnonne, seinare martyr og helgen og ein av Karmels store andelege vegleiarar.
Edith Stein såg sanninga i Teresas skrifter slik uttalige andre ukjente har gjort det.
Teresa er ikkje alltid like lett å følgja, ho er ordrik, springande og gjentek ofte seg sjølv.  Likevel er ho ein sikker vegleiar inn i mystikken og den indre bønas landskap. Vi ser det ikkje alltid med ein gong når vi les og les og føler oss lettare forvirra. Men så brått oppsummerar ho det heile i ei enkel setning som alle kan forstå. " Den indre bøna  synest for meg ikkje å vera noko anna enn venskapeleg omgang  og flittig samtale i einsemd med den vi veit elskar oss." (kapittel 8.5)

Antifon til Magnificat: La ikke hjertet bli grepet av angst. I min Fars hus er det mange rom, og jeg går for å gjøre i stand et sted for dere.

mandag 14. oktober 2013

Soeur Marie Keyrouz

I 1989 kom Marie Keyrouz sin debut CD "Chant byzantin" og vart  fekk strålande kritikk i store delar av Europa. Repertoaret var mildt sagt orginalt, den eldgamle byzantinske liturgiske songen , vel så stort inntrykk gjorde hennar virtuositet som songar. Seinare har det blitt ei rad rekkje innspelingar og turnear saman med "L`ensemble de la Paix" som akkompangerar henne.
Søster Marie Keyrouz vart fødd i Libanon i 1963, ho vaks opp som maronitt men høyrer no til ein orden knytta til Den melkittiske gresk katolske kyrkja. Både den maronittiske og melkittiske kyrkja er orientalske, unerte kyrkjer , dvs. at dei har austleg liturgi men er formelt katolikkar.
Søster Marie Keyrouz er ikkje bare nonne og songar men har også grundig vitskapeleg skolering innan musikk og antropologi frå Sorbonne. Ho har eit vidt repertoar som spenner frå gammal maronittiske og melkittiske song, via gregoriansk og ambrosiansk liturgisk song til vestleg klassisk musikk. Dette prøver ho å formidla til eit moderne vestleg publikum. For Marie Keyrouz er dette og ei formidling av evangeliet. " Når du syng ber du to gonger" seier ho og viser til kyrkjefedrene.


 Linke til You tube der Søster Marie Keyrouz syng tradisjonell maronittisk liturgisk song.

https://www.youtube.com/watch?v=nwNUzCxxB2Y


Soeur Marie Keyrouz med L`ensemble de la Paix.

søndag 6. oktober 2013

Den andre mannen

Det er mange som har hatt  stort utbytte av å fordjupa seg i lyrikaren Olav H. Hauges ( 1908-1994) diktsamlingar. Fleire av dikta har vorte klassikarar som vert siterte i ulike samanhengar. Då han døydde  var det nok få som tenkte ein skulle få enno fleire verk av denne særmerkte diktaren. Men så kjem dagbøkene hans i fleire omfangsrike bind, og for eit par år sidan også samling med brev. Olav H. Hauge førte dagbøker frå han var femten år og til like før han døydde våren 1994. Dagbøkene er dels skildring av daglegdagse aktivitetar, dels djuptfløyande kommentarer og analysar av litteratur. Men her er og djupt personlege tekstar, ord og setningar som framstår nakne og sårbare. Det heng   saman med forfattarens livslange psykiske plager som medførte ei rekkje kortare og lengre opphald på Valen psykiatriske sjukehus i Sunnhordland. Sjukdomen byrja i 20 års alderen, etter siste sjukehusopphaldet på byrjinga av 1960 talet klarte han å takla plagene slik at han unngjekk nye sjukehusopphald. Sjukdomen prega så vel livet som diktinga hans, han talar om "den andre mannen" inne i seg. 27.mai 1961 har han eit lengre innlegg i dagboka der han går nærare inn på sjukdomsåra  og analyserar "den andre mannen". Olav H.Hauge skriv: " I diktet "Skriket" har Uppdal sagt noko om den andre mannen i oss. Eg kjenner godt den andre mannen, men eg har ikkje late han tala. For det er gut som kan tala det. Han trivlar ikkje etter ordi. Alt er absolutt og avgjort, for han veit, som Dante visste. Uppdal let honom sleppa til stundom, ja ofte, og det er gut som har syner og dikt. Eg har vore altfor redd." 
"Den andre mannen" er utgongspunktet for, og dessutan tittelen på teaterstykket som går på Nationalteateret. Det har tidlegare vorte framført i ein radioteaterversjon. Stykket er samansett av utdrag frå Olav H. Hauges dagbøker og eit par av dikta hans. Henrik Mestad er "den andre mannen", han formidlar desse sterke tekstane på ein framifrå måte. Han er åleine på scenen berre akkompangert av saksofonisten Trygve Seim . Musikken undertrekar det nakne og sårbare i teksten. " Nakent, nært og nådeløst" skrive Aftenposten og eg kan slutta meg til det.
Olav H.Hauge er ein diktar eg aldri vert ferdig med, eg kan stadig venda tilbake til han og finna noko nytt. Teaterstykket "Den andre mannen" understreka dette, sjølv om orda vart kjente fekk Henrik Mestad oss til å oppleva dei på ein heilt ny måte.
Diktsamlinga "Ørnetuva" kom kom ut på den tida "Den andre mannen" konsentrerar seg mest om (1961), eg vil avslutta med eit velkjent dikt frå denne samlinga."Kom ikkje med heile sanningi."

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med ein glimt, ei dogg, et fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.

Frå førestillinga "Den andre mannen" med Henrik Mestad og Trygve Seim.

torsdag 3. oktober 2013

Babylonsk harpe

Angelus.

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave !

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogleg no


Slik innleiar den nyleg utgjevne diktsamlinga "Babylonsk harpe" av avdøydde pater Arnfinn Haram. Angelus
-Mariabøna som føl oss gjennom dagen og som samlar oss i eit punkt, samlar oss om det viktigaste er   ein vakker start på boka og  er er nok heller  ikkje tilfeldig vald.
Det var eit stort tap då Arnfinn Haram døydde brått i fjor sommar, eit tap for Dominikanarordenen, for Den katolske kyrkja i Noreg, men og for alle andre som han klarte å nå ut til. For Arnfinn Haram var eit på alle måtar engasjert menneske som nådde lengre utover kyrkjemurane enn dei aller fleste. Han var ein skatta foredragshaldar i ulike samanhengar, og ein klart talande samfunnsdebattant. Han hadde så mykje å gje til så mange, difor kjentest tomromet desto større. Men Arnfinn Haram hadde meir på lager, brått dukkar det opp ei diktsamling. Han var ikkje berre prest, munk, skribent og samfunnsdebattant, men også poet. Han let etter seg ei rekkje dikt som  Eskil Skjeldal og Ronny Spans har redigert, og som er gjeve ut på Efrem forlag i haust. Kulturredaktør i Aftenposten Knut Olav Åmås har skreve etterord. Eg opnar boka med forventning og vert ikkje skuffa, her er fine djuptloddande tekstar å ta med seg vidare. Tittelen på boka spelar på salme 137: "Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi tenkte på Sion. Vi hengde lyrene opp i piletrea." Treet sørgjepil har navn etter denne bibelske referansen - " salix babylonica pendula".
Det ligg ei djup lengting og sorgkjensle under dette, som jødane i eksil kan vi lengta heim, lengta etter ein djupare fred. Men kanskje kan vi og erfara litt av denne freden her og no ? Arnfinn Haram skriv:

Fred
kvar kom du frå ?

du kom
ikkje som sum
av mine tankar
ikkje som nei
til mine lengsler
ikkje som ja
til mine rop
ikkje som trøyst
til mi fortviling
eller som eit ljos
i mørkret
du berre kom

som ein stor fugleveng
og dekte meg
bar meg
inn i eit høgare rom
inn i noko anna
som ingen kan nå
eller skiple

er det
Du?

Arnfinn Haram skriv i eit enkelt og lettforståeleg språk. Han skriv om venskap, kjærleik, språk, natur, om Maria , Frans  og sankt Mikael. Angelus opnar boka og eg opplever at dette er ei diktsamling inneslutta og bore fram av dei liturgiske bønene, tidebønene, officiet ( eit dikt har han og kalla Officium ved havet). Kva er då meir naturleg enn å avslutta med  Vesper, kveldsbøna. Det er kanskje og det vakraste diktet i denne samlinga.

Å kveld
som gøymer alt
i di djupblå kappe
gøym meg også er du snill

kvifor skal åsane
trea og markene
få krypa under dyna di
og ikkje denne vesle kroppen
av angst
og lengsler ?

også eg vil gå i eitt
med himlen
slik som du
gli inn i ei blå æve
av fred.

                                          Salix babylonica pendula - syrgjepil ved elvebreidda.