tirsdag 6. januar 2015

Epifani

I dag 6. januar feirar vi minnedagen for Herrens openberring - Epifania Domini. Dagen vert også kalla Heilage tre kongers dag.
Denne dagen er den opprinnelege feiringa av Jesu fødsel, og  har sannsynlegvis sitt opphav i Alexandria. Etter kvart vart dagen også ei feiring av Jesu dåp, og dessutan av vinunderet ved bryllaupet i Kana. I dei austlege kyrkjene er dette frameleis den viktigste høgtidsdagen medan det i Vesten etter kvart vart lagt større vekt på 25.desember som feiringa av Jesu fødsel. Epifani vart då ein minnedag for Dei tre vise menn eller tre kongar som følgde stjerna frå Austerlanda like til Betlehem. Feiringa av Jesu dåp vart i Vesten lagt til 13. januar og minne om bryllaupet i Kana til søndag etter Epifani.
Dei tre vise menn har vi lite kunnskap om, men tradisjonen har gjerne framstilt dei som representantar for dei ikkje jødiske folk som Kristus også openberra seg for. Dei vert då representantar for Asia, Afrika og Europa og i kunsten framstilt som om dei kom frå desse kontinenta.
Slik blir dette ei feiring av Kristi universelle openberring til alle folkeslag.
                               Dei tre vise menn hyllar Jesusbarnet

                                I Hellas og Bulgaria har tradisjonar der Epifani vert markert med ulike
                                sermoniar knytta til vatn. Til dømes kan presten kasta ei kross i vatnet
                                som unge menn så skal dykka etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar