tirsdag 29. september 2015

Bön til Vår Fru av Skapularet

Bön til Vår Fru av Skapularet

Heliga Jungfru Maria, Du som är helt uppfyld av
Gud och utstråler hans ljus,närjag bär skapularet,tecknet
på at jag tillhör Dig vet jag att Du är med mig för
att beskydda och ledsaga mig,nu och til evighetens dag.

Lär mig at efterlikna Dig och bli enkel,öppen och 
renhjärtad som Du Hjälp mig så att min indre människa
må formas efter efter din förebild, och jag
i tankar,känslor och önskningar alltid går ut ur själ-
upptagenhetens fängelse och in i Guds frihet.

I likhet med Dig vill jag vänta,lyssna och ta emot.Visa
mig vägen till inre stillhet,så att jag kan glädja och 
tilbe Gud som Du,genom att låta Honom vara sig själv i mig.

Heliga Guds Moder, jag vill bli iklädd din andliha skönhet,
och därför ber jag Dig om nåden att skapularet alltid skall
påminna om de stora ting Gud vill göra med mig,
liksom Han gjorde med Dig.Hjälp mig att överlämna mig helt,
i tillit till att Han vet vad som är best för mig.          

Om detta ber jag Dig,o milda,o goda,o ljuva JungfruMaria.           Amen

Wilfrid Stinissen.

  Madonna i skogen ved Røgle kloster
                       
                       Notre Dame de France
                       Reine de la Paix
                       La vierge pelegrine.

søndag 27. september 2015

Poetica 2008 2.

            Sleep why dost thou leave me
                 (Händel:Semele)

Gata søndagsstille
og septemberblank
snart skumringstime
du stryk håret frå panna
snur deg uroleg mot natta
som aldri gjev roen
dagen så sårt bed om


                                                         *

Slik skulle det ikkje vera.

Novemberklår ettermiddag
snødekka og solstråleteikna
så lyden av barneføter på terassen
leiker dregne fram og attende
latter og korte rop
små varme hender
men slik skulle det ikkje vera
regnet skulle piska haustkaldt mot ruta
vi skulle krypa hutrande inntil elden
og barneføtene er for lengst store
og langt borte
leikene kviler under trappa
og framleis høyrer du dette
novembersola gjev enno litt varme
i snøen er det spor, spor etter små føter
konservert og bortgøymd lenger inne i tida
tida som vi skulle stiga ned i
og la strøyma over oss
lange rolege bølger som aldri tek slutt
og likevel forbannast

                                          *

Stripe i svevnen.

Ei stripe i svevnen
augene uklåre og svinnande
lysstråla i midten
der gardinene er trekt halvt for
er det skinet frå fullmånen
eller det kalde , gule lyset
frå gatelykta
handa som blir strekt halvt ut
som for å røra ved lyset
hjarta som slår
mot eit stort ope tomrom
som veks djupt der inne
og aldri skal fyllast av noko utanfor
blomstrete gardiner blir løfta
inn i soveromet av milde vindpust
når det krasar i singelen i hagegangen
nokon kjem til å trø der
lydane så mykje klårare enn lyset
stega som fjernar seg
i den svinnande natta
lukt av jord , grålysning
desse gule, visnande rosene.

                                                   *
                           Sylvia

                     Februar i London
regnet er ikkje fargelaust
men grått
og i dag nesten svart
men du rir Ariel
over endelause sletter
omkransa av valmuer
blått lys fell skrått
frå kvelden
når du stig av hesten
og ber salen mot fullmånen
like over åsen i aust
barlinden grip om huset
mørk og stille
som bikubene
og du er enno ikkje

klar til å døy.


                                                         *
Tida mellom to regnbyger.

Som tida mellom to regnbyger
eit kort glimt av sol
når du spring over plassen
trø varleg, ikkje gli no
døra bak deg slått hastig igjen
du gløymer å vri rundt nøkkelen
ivrig etter å nå den andre sida tørrskodd
det sprutar søle og brune haustlauv
når du tek sats og hoppar over vasspyttane
utan å nå den neste skiferhella med foten
det er bare dei få trappetrinna opp
døra står halvvegs på gløtt
er det nokon der ?
                nokon som skunda seg like før deg
                hengslene som knirkar når du skyv
                mot den rustne dørklinka                                                                                                   så vindkasta i tuntreet
                solstripene som skifter med regn
                og du tenkjer letta:
                er eg framme no ?


                                             ^*

Til fyret.

Disig augustmorgon
songen frå bølgene føl oss
som fuglespor i våt sand
eller den friske lukta av tang og salt sjø
fyret er det berre så vidt vi kan skimta
langt der ute flytande mot horisonten.
mot enden av stranda er tida nærare
og båten ser vi av og til på bølgetoppane
duvane roleg opp og ned
sola held på å bryta igjennom fyret ser vi så mykje klårare no
og på odden der borte
Lily Briscoe dreg dei siste penselstrøka
over lerretet når båten ankrar opp
Er vi framme ?


Virginia Wolf: ” To the lighthouse”.(Til fyret)
Juni 2008
  
                                               *


                 Til minne om ein engel
                (Alban Bergs konsert for violin og orkester 1935)

Andletet i spegelen
dogga og uklårt
likevel til stades i tida
som blikket ditt
når du ser på dei døde
ingen overgang
men dette nye
du ikkje kan snu deg frå
og stryka ut
lik gårsdagens samtalar
byrjinga enkel
framhaldet disharmonisk
i mellomromet
små spor av lyset
som gjesta oss
es ist genug.


                                                   *

To steg til sida

Midten av oktober
gata lauvfylt og undrande
stemma di bleik og uroa
du tek to steg til sida
er det for å gje plass til musikken
eller vart du brått usikker
skal du plukka opp tonane
eller stryka dei ut for alltid
la ein rund og lun stein
rulla over dei
eller opna for vatnet
ei rift i demninga
la det strøyma nedover slettelandet
over alt dette du ein gong kjente
like ned til orda og musikken.


                                                *
Tomrom

Grå himmel
over fryktlause fuglevenger
sjøsprøyt og salt
svir mot kinn og hår
vinden tek tankane
ein etter ein blir dei løfta opp
svever tidlaust over oss
mot det skummande havet
og du er tomrom
berre godt tomrom.

                                        *
                      Vinternatt

Vinternatt stjernepryda og kald
utspent mellom skumring og morgongry
mellom mismots gru og håpets mysterium

Inn i denne natta er det du ber ditt ja
gøymd så lenge i einsemd og tru
bore fram av nåde og lydnad

I denne natta vert svaret gjeve deg
ikkje som bilete av noko på den andre sida av havet
ikkje som ord om verda bak horisonten

Men som det livgjevande lyset
som eit nyfødd barn hjelpelaust og nake

la det skje meg som du har sagt.

                                            *

                           Åleine no.

Desembergrå dønningar
kjærteikn mot djupet
under skummande havflate
regnbyger på leppene no
og kalde kinn
ikkje som mjuk haustvind
der du snur deg rundt
dansar så lett heimover
hendene som rettar på brudesløret
ventar på det som kjem
og ikkje dei som aldri møtte deg
fødde for seint
eller altfor tidleg.

Du gjekk forbi
og berre ei kort stund
budde blikket ditt i augene mine
munnen din som glei over
leppene mine eit par sekund
So long , Marianne.”
Åleine no ?






Poetica 2008 1.

             Den siste som gjekk.

Ingen blei att
døra står enno på gløtt
innanfor er det spørsmål og mørke
urolege stemmer som tala saman
for lenge sidan
men aldri vart samde.

Ingen kjem heller tilbake
ingen snur seg
før dei går opp stien
gjennom grinda over gardsplassen
trør på vått og sleipt lauv
etter dagar med kuling og regn.

Ingen går krumbøygd
mot regnbygene mot vinden
redd for å falla på den vasstrukne bakken
og støttar seg på steinmuren
og du vil heller aldri få vita
kven som var den siste som gjekk.


                                                              *


Inga redsle no

Vestlandsmorgon
desembertung og lukka
blar igjennom innleiinga
sidene våte og samanklistra
bodskapen gøymd på baksida
bokstavar og teikn
for langt borte til å tydast

Dagen er hjulspor
sludd og brå død
men vidda opnar seg
mot skumringa
himmelen gløymslefarga
og skjør song frå den andre sida

Inga redsle no,
inga redsle ?
Inga von ?

                                                 *
                Kirsebærtreet blømer.

Kirsebærtreet blømer
eg stryk over stamma
det glatte og ru isaman
like over røtene
der alt møtest i mørk jord
fuglar byggjer reir
og bur saman med lyset
der himmelen bare er
eit andedrag borte
eller kjennest det slik no
like etterpå
når vi er på flyttefot
bort frå den mørke jorda
dei blømande kirsebærtrea.



                                                *
Kveldar som denne.

Kveldar som denne
seier Albert Camus
kan ein halda ut
tanken på døden
kveldar som denne
med solblank vassflate
lyden av badande born
langt borte
suset frå fuglevenger
og ein liten flik
av røyndomen
heilt inn til deg
som det mjuke vatnet
du glir ned i
andeparet som steller fjøra
og saumfarar botnen
kveldar som denne
når livet flyt så lett
på vasshinna
større og likevel urørbart.



                                            *


Livd

Etter regnbyga
du skyv greinene til sides
varsamt
regnet drysser frå granbaret
vått gras mjuk sol
ber forventning.






Vertikal

Vertikal granitt
mosen glatt og fuktig
no misser du ikkje taket



                                                      *

                 Now, o now I needs must part.

Fråveret er stille
som frostrøyken over Øresund
tidleg vintermorgon
John Dowland går åleine
gjennom aude salar
tungsinnet strauk bort svevnen
så altfor brått
eller var det ein strofe
som kjempa seg opp frå draumen
for så å stryka over det iskalde golvet
mot lutten som ligg på bordet
over mot det nordre hjørnet
fingrane glir varsamt over strengane
forsiktig no noko lever her
lever vidare i mørke avstand og kjærleik
det som er meir enn eit hjarta kan eiga
now, o now I needs must part




                                             *
         Og kjolen din er kvit

Langt borte
nesten over mot den andre sida
der himmelen rører forsiktig ved havet
små kvite segl i kveldssola
og der er du der ute
åleine inn i det svinnande lyset
i den kvite kjolen din som
du drog over dei sommarbrune skuldrane
fort som om nokon skulle koma uventa
men ingen kom og soldagen blei borte
inn i mjukt og vernande mørkre
neste morgon vil kjolen din enno vera kvit
som i diktet til Salvatore Quasimodo
et la tua veste é bianca
eg les det langsomt og ventande
i skuggen framom det store bøketreet.

                                     *

     Oktober


tunn ishinne
speglande
haustklår oktober
djupet
du trør varleg
langt der nede
løyndomar.  


                                                 *

Påske
Ardennerskogen
splintra trestammer og bombekrater
avrevne kroppsdelar i snøen
men ikkje berre dette
ikkje åleine nazismens krampetrekningar
no bur ein stor og uforståeleg ro her
klosterklokkene bryt stilla
lyden som stig oppover
gjennom påskenattas mørkre
for til slutt å kleba seg til
dei store våte snøflaka
tungt fallande mot jorda
føl med ned og legg seg på bakken
ser vi nøye etter kan vi sjå dei
under trestammene
i vått rotnande fjorårslauv
lyttar vi nøye er lyden der enno
lenge etter at klokkene tagna
ein stad mellom minne og dikting
bakanfor teikna og orda
aldri åleine.

                                              *


 Samtalar.

Blått og gjennomskinleg
dette sollyset mot kroppen
kvilande mot det harde grunnfjellet
mjuke vindpust mot maidagen
stemmene som nærmar seg
og fjernar seg frå meg
brokker av samtalar
lausrevne ord og navn
halvt fullførte setningar
lever sitt eige liv no
bare eit kort utrop
eit kort glimt i tida
og så livet til dei andre.






Vesper i Rögle kloster

                Ljushymne

Du strålande glädje, evige återsken av Fadern.
Helig er du Jesus Kristus.
I solnedgångs stunden
då vi skådar aftonljuset
sjunger vi din herlighets lov,
Fader, Son och helige Ande, Gud.

Du er verdig at varje stund
besjungas av heliga röster,
Du Guds Son är den som ger liv.
Därför sjunger världen ditt lov.

I människans hjärta stråler din avglans
återskenet av din himmelska klarhet.
Du vilde at vi söker ditt ansiktes skönhet
och blir ljus i ditt ljus.

Låt oss som flyr dödens skuggor
och vandrar mot ditt ljus
nå fram til ditt eviga rike
där natten skal lysa så som dagen.

Min bön må gälla inför dig
såsom ett rökoffer
mine henders upplyftande
såsom et aftonoffer.





Vesper hos dominikanersøstrene
i Rögle kloster like utanfor Lund.
Etter innleiinga med « Gud kom till min
räddning! Herre, skynda til min hjälp!»
syng søstrene den vakre «Ljushymn» av 
André Gouzes op, svensk tekst av søstrene
i Rögle.
Sr. Sofie leiar songen og akkompangera
med citar. Vi blir litt etter litt
høgtidsstemte og får kanskje litt av den
indre freden som berre Gud kan gje.
(men han har god hjelp av søstrene!!)


Der vindane møtes

"Si meg, Heldur hva er frihet verd om du må betale for den med ensomhet ? " spør Erna Tamm, hovudpersonen i Marrti Heldes film som på norsk har fått tittelen "Der vindane møtes".Erna er er blitt skilt frå mannen Heldur og saman med dottera sendt frå heimstaden i Estland til tvangsarbeid i Sibir. I von om ein gong å få sjå mannen igjen skriv ho brev til i dagboka si. Først når Estland vert eit fritt land igjen i 1990 får ho veta at mannen vart henretta eit halvt år etter deportasjonen. Stalin viste ingen nåde mot dei baltiske folka, meir enn ein halv million vart deportert til Sibir, svært få fekk sjå heimlandet igjen.
Marrti Heldes debuterar med dette meisterverket av ein film, at han som 27 åring er istand til å få til dette er nærast uforståeleg. Han har brukt ei svart-kvitt uttrykksform der kvar scene er som eit lite kunstverk.Innleiinga og avslutninga er som vanleg film, men deportasjonen og opphaldet i Sibir er forma som tablåer, skodespelarane er stivna i augneblinken og kamera glir langsom over dei. Det understrekar det meiningslause og uverkeleg ved desse hendingane, kvardagen er der ikkje lenger, tida har stoppa opp. Kontrasten til livet i Estland før deportasjonen kan ikkje bli større. Med poetiske varme skildrar han Erna og Heldurs lukkelege familieliv.
"Epletrærne stod allerede i blomst det året.Det føltes som det skulle bli tidenes sommer. Villepletreet vårt som vokste midt ute på enga, var dekket av et hvitt teppe som for å skjule det få bladene. De, å så skjønne dufter av blomster kan jeg kjenne til denne dag", skriv Erna der ho sit i kulden og einsemda i Sibir og lengtar heim.
Det er juni 1941, Stalin set i gong sitt holocaust mot tusenvis av uskuldige menneske frå Estland, Latvia og Lithauen. Marrti Helde har skapt eit verdig minnesmerke over desse menneska. Det gjer sterkt inntrykk og er ikkje lett å gløyma.



tirsdag 22. september 2015

Jūrmala – Von om ei ny kyrkje

 Vi går langs gata Jomas iela i Jūrmala, Latvia. Mot enden av gata er det eit lite jorde med gamle murar. Her står eit lite telt der ei eldre kvinne sel lys og ikoner, og samlar inn pengar. Eit oppslag like ved forklarar på latvisk, russisk og engelsk at her stod det ei ortodoks kyrkje fram til 1962. Kyrkja vigd til Guds Mor var frå slutten av 1800 talet og var eit senter for bøn og tilbeding for byens ortodokse truande. Ei natt i 1962 var det brått slutt, utan varsel vart kyrkja øydelagt etter ordre frå dei kommunistiske styresmaktene. Vona er at det kan samlast inn nok pengar til å reisa ei ny kyrkje. Vi ber og vonar at det vil lukkast !



Fødselskyrkja i Riga.

Den ortodokse katedralen i Riga vart bygd mellom 1876 og 1884  etter initativ av tsar Alexander II, og er den størst ortodokse kyrkja i Baltikum. Kyrkja er vigd til Kristi fødsel. Under kommunismen var kyrkja stengt og gjort om til planetarium. I dag er kyrkja vigd til Kristi fødsel igjen eit rom for feiring av den heilage liturgien, for bød og tilbeding.
Stille går vi inn i dette heilage rommet, vi tenner lys og bøyer oss audmjukt framom Tikhvin ikonet av Guds heilage Mor. Vi takkar for at ateismen har måtta vika for evangeliets kraft !