tirsdag 30. april 2019

Simone Weil - filosof, aktivist,mystikar

Simone Weil (1909-43),ein av 1900 talets største kristne mystikarar ? Ja vil mange hevda, særleg mot slutten av hennar korte liv fekk den mysteriøse gudsrelasjonen ein stadig større plass i livet hennar.Men det var ingenting i barndom og oppvekst som skulle tyda på at ho seinare i livet brått skulle bli grepen av Kristus!      Ho vaks opp i ein agnostisk og sekulær, velståande jødisk familie i Paris.  Der viste ho seg tidleg som eit uvanleg engasjert og bråmodent barn, som seks åring nekta ho seg sjølv gotteri for det fekk ikkje dei franske soldatane ved fronten, som tolvåring kunne ho lesa klassiske greske tekstar. Som student i filosofi utmerka ho seg,og etter avslutta eksamen i 1931 fekk ho arbeid som lærar. Samstundes skreiv ho, essays, artiklar, filosofiske tekstar. For Simone Weil var ikkje filosofien teori, det var vel så mykje levd liv og engasjement. Hennar djupe rettferdskjensle gjorde det naturleg å engasjera seg politisk på venstresida.  Ho tok aktivt del i arbeidaranes kamp, engasjement gjekk så langt at ho gav opp si stilling som lærar og «proletariserte» seg som vanleg arbeidar ved samlebandet i Renaultfabrikken. For Simone Weil var motivasjonen vel så mykje eksistensiell og metafysisk som politisk. Ho ville dela arbeidaranes kår fullt ut,ta deira strev og liding heilt innover seg. Ho hadde svak helse og dette braut henne gradvis ned.

Då den spanske borgarkrigen braut ut melde ho seg friviljug til ei anarkistisk gruppe,men ho var klønete og nærsynt, og heilt ubrukeleg ved fronten. Etter ei alvorleg forbrenning vart ho henta heim av foreldrene. Så skjer det at ho har fleire religiøse opplevingar som ho eigentleg ikkje er førebudd på, det ser ho som ein fordel for «Gud hadde i sin barmhjertighet hindret meg i å lese mystikerne, for at jeg skulle kunne være sikker på at jeg ikke selv hadde fremkalt det absolutt uventede fenomen jeg opplevet.» Ho har minst tre slike opplevingar, først i Portugal seinare i Assisi og klosteret Solesmes.
« Da jeg tidligere dannet meg mine tanker og gudsproblemets uløselighet, hadde jeg ikke forutsett en slik mulighet, en slik reell kontakt her nede, ansikt til ansikt mellom Gud og mennesket................ Da Kristus plutselig grep meg var dette en opplevelse som hverken sansene eller forestillingsevnen hadde noen som helst del i; jeg følte bare tvers gjennom smertene tilstedeværelsen av en kjærlighet som var lik den man kan lese i smilet på et elsket menneskes ansikt.»

Simone Weil hadde gått frå agnostiker til kristen mystiker, men det var ein mystikk som ikkje kunne stengast inne i kyrkja. Det var så mykje ho ville favna, ho fann Gud i  filosofien, ikkje minst gresk filosofi som ho var sterkt inspirert av,ho såg Gud i dei fattige arbeidarane ved samlebandet, ho såg Gud i andre religionar som buddhisme og hinduisme, ho såg Gud i «alle de farvede rasers kultur», men og i dei retningar som blei rekna som kjetterske av kyrkja. « Anathema sit – forbanna vera», desse to små orda  som utelukka alt det andre kunne ho ikkje akseptera.

Det blir ikkje fødd mange som Simone Weil,så mangesidig, så totalt engasjert i dette livet,så totalt viljug til å gå inn i lidinga og dei store motsetningar mellom godt og vondt, så heilt utan hensyn til eiga vinning,og eiga helse, noko som til slutt skulle ta livet av henne. Lite av det ho skreiv vart publisert i hennar levetid, ho vart først for alvor kjent etter sin død, og vart etterkvart eit forskningsprosjekt både for teologar, filosofar og psykologar. Så ulike menneske som Hanna Arendt, Albert Camus og pave Johannes XXIII var inspirert av henne.

24.august 1943 er hennar korte men innhaldsrike liv over. Ho har tuberkulose, men nektar å ta til seg meir mat enn det som er minste rasjon for dei som kjempar mot nazismen heime i Frankrike. Kanskje sveltar ho seg til døde ? Er det eit fullbyrd liv ho ser tilbake på i dødsaugneblinken ? Det betyr kanhende ikkje så mykje for  «Dødsøyeblikket er livets kjerne og mening........ Det er øyeblikket da den rene og evige sannhet trer inn i sjelen for en uendelig kort stund.» Eller er det som ho skriv i eit brev til pater Perrin:
« Jeg har hele tiden holdt meg nøyaktig på dette punkt, på terskelen til Kirken, uten å bøye meg, urørlig, ἐνύπομονή ( ventande, tålmodig) – dette ordet er langt vakrere enn patientia. Bare mitt hjerte er nå, for alltid håper jeg, ført bort og gjemt i det Hellige Sakramentet opp på alteret....»




torsdag 25. april 2019

Paul Claudel i Notre-Dame


Den store franske diktaren (og diplomaten) Paul Claudel var sterkt knytta til Notre Dame katedralen i og med at det var her han hadde ei avgjerande religiøs oppleving første juledag 1886. Korleis ville han ha reagert dersom han hadde levd i dag ? Som dei fleste franskmenn ville han ha kjent ei stor sorg, kanskje ville han ha felt tårer, men så ville han ha sett seg ned og skreve ein hymne til katedralen og Guds Mor - Vår Frue som gudshuset er vigd til.
I 1913 skreiv han essayet «Ma conversion – Mi omvending» der han skildrar opplevinga i jula 1886. Det er ein sterk og vakker tekst som eg stadig vender attende til. Her er eit lite utdrag:

« Jeg er født den 6. august 1868. Min omvendelse fant sted 25. desember 1886. Jeg var da atten år gammel. Men utviklingen av min personlighet var allerede på denne tid meget langt fremme. Både i min fars og i min mors slekt var det mange troende, ja til og med adskillige prester, men mine foreldre og søsken var likegyldige, og fra vi bosatte oss i Paris, var vi fullstendig fremmed for alt som hadde med troen å gjøre.......................

Slik stod det til med det stakkars barn som den 25. desember 1886, begav seg til Notre-Dame katedralen for å være til stede ved julegudstjenesten. Jeg hadde på denne tid begynt å skrive, og jeg forestilte meg at jeg i de religiøse sermonier – betraktet med den utenforståendes nedlatenhet – kunne finne emne til eller egnet stimulans for et dekadent poetisk påfunn. Det var i denne sinnsstemning jeg med måtelig tilfredshet overvar høymessen, trykket og skubbet av mengden. Men siden jeg ikke hadde noe bedre å ta meg til, kom jeg tilbake til vesper. Barnekoret i hvite kapper og elevene fra Saint-Nicholas-du-Chardonnet seminaret som ledsaget koret, var i ferd med å fremføre det jeg senere har fått vite var Magnifikat. Jeg stod oppreist i mengden, like ved den annen pillar ved inngangen til koret, til høyre på samme side som sakristiet. Og da fant den hendelse sted som har preget hele mitt liv. På et øyeblikk ble mitt hjerte rørt og jeg trodde, med en slik tilslutning, med en slik løftelse av hele meg, med en slik overbevisning, med en slik visshet at den ikke gav plass for noen slags tvil. Og etter denne hendelse har ingen bok, intet resonnement, ingen begivenhet i mitt hendelsesrike liv kunnet rokke ved min tro, ja ikke engang anfekte den det minste. Med ett opplevde jeg det som jeg ble gjennomboret, jeg fikk en ubeskrivelig åpenbaring av Guds uskyld, Guds evige barndom. Når jeg, slik jeg ofte gjør, forsøker å gjenskape for meg selv minuttene som etterfulgte dette ufattelige øyeblikk. Finner jeg følgende bestanddeler, som dog utgjorde en eneste lysstråle, et eneste våpen det guddommelige Forsyn anvendte for å ramme og endelig åpne dette fortvilede barns hjerte: « Hvor lykkelig de mennesker er som tror ! Men hvis det nå var sant ? Det er sant ! Gud er til, han er her. Han er et vesen, en person liksom jeg selv! Han elsker meg, han kaller på meg.»


Det er ei uvanleg sterk vitnesbyrd om korleis Gud brått kan gripa inn i eit menneskeliv og snu opp ned på livsvegen vidare. Mange vil hevda  at dette var eit resultat  av ytre estetiske faktorar som emosjonelt påverka ein einsame og ulukkeleg ungdom. Men skulle det då ha halde like til han døydde som ein gammal mann i 1955, og gjennom heile livet vera med på å forma hans diktargjerning ?


Paul Claudels omvending vert rekna som så viktig at det er lagt ned ein minnestein i Notre-Dame på den staden han stod første juledag 1886. I desse dagar er den nok dekka av brannrestar men kanskje ikkje øydelagt?

Lenke til Magnifikat i Notre-Dame

https://www.youtube.com/watch?v=s-cc2lt0dUA

onsdag 17. april 2019

Påskehelsing frå Wadowice

Overraskande men varmande påskehelsing frå Johannes Paul museet i Wadowice. (men dei trur framleis eg er geistleg !)



tirsdag 16. april 2019

Brannen i Notre Dame

Dagen etter at erkebiskop Michel Aupetit har feira Palmesøndag i Notre Dame de Paris blir katedralen ramma av ein katastrofal brann. Det gjorde eit sterk  inntrykk på på alle franskmenn både truande og ikkje truande, for denne katedralen er så nær knytta til fransk historie like frå 1100 talet.
Men også for alle oss utanfor Frankrike som har vitja katedralen og føler oss knytt til den var dette vondt å oppleva.
President Emmanuel lovar: " Cette cathedrale Notre-Dame, nous la  rebatiron. Tous ensemble. C`est une part de notre destin francais." Men det vil ta tid, lang tid !

Dette skreiv eg for fire år sidan:


Nôtre Dame de Paris
Eg deler deg med så mange
alle dei som kvar dag kjem her
for første gong eller som ein dagleg vane,
dei som berre kjem for å sjå og dei som vil tilbe.
Likevel kjennest det som du er mi
på ein heilt spesiell måte
ei eg ikkje kan dela med andre
kanskje med unntak av Paul Claudel ?
Vi møtest så sjeldan,
men gjensynet er desto varmare
når eg finn min plass ved alteret til Thérèse,
i eit av kapella bak hovudalteret,
eller ved søyla til høgre der Paul Claudel
lytta til Magnificat første juledag !
Du vigd til henne som sa ja og aldri angra
og difor kan løfta mine bøner inn til
det som er svar på alle bøner.




Je vous salue Marie

Je vous salue, Marie Je vous salue, Marie pleine de grâces ; le Seigneur est avec vous. Vous êtes bénie entre toutes les femmes et Jésus, le fruit de vos entrailles, est béni. Sainte Marie, Mère de Dieu, priez pour nous pauvres pécheurs, maintenant et à l'heure de notre mort. Amen.


fredag 12. april 2019

Den heilage Josef Moscati

I dag 12. mars feirar vi ein moderne helgen , den italienske legen Josef Moscati  som levde frå 1880 til 1927. Han blir og minna den 16. november. Moscati er den første lege i moderne tid som vert heilagkåra, han blir rekna som ein eksemplarisk  utøvar så vel av medisin og vitskap som av si katolske tru!

Han vart fødd i ein adelig familie i Benevento i Sør-Italia, og viste seg alt som barn svært from. Han var nok  tiltenkt ein juridisk karriere slik som faren , men då broren vart ramma av ei tragisk ulukke vart han sett på tanken om å studera medisin.Han fullførte mdisinstudiet i Napoli i 1903, og byrja sitt legearbeid ved Ospedale degli Incurabili(sjukehuset for dei som ikkej kan lækjast). Han var både klinikar og forskar og vart etterkvart professor i klinisk kjemi, seinare også administrator for sjukehuset. For Moscati var legegjerningen eit kall  som sprang ut av hans djupe katolske tru. Han hadde eit heilskapleg syn på medisinen der det mentale og andelege var like viktig som det kroppslege.  Eit døme på dette var då han i 1921 tok seg av den verdskjente tenoren Enrico Caruso, som hadde vendt tilbake frå Amerika til Italia i ein elendig forfatning. Moscati stilte korrekt diagnose og forstod at den store Caruso berre hadde kort tid igjen. "Professor, ver så snill å gjera alt som er naudsynt!" Moscati tilkalte straks ein prest som gav Caruso sakramenta. Få dagar etter døydde han fredeleg berre 48 år gammal.

Josef  Moscati gjorde ein store innsats under tre dramatiske hendingar, vulkanutbrotet frå Vesuv i 1906, koleraepidemien i Napoli i 1911 og sist men ikkje minst den brutale verdskrigen 1914-18.
Etter kvart fekk Moscati ry som ein lege som nærast kunne utretta mirakel, han vart karakterisert som "Den heilage lege frå Napoli".  Han hadde ein enorm arbeidskapasitet som ikkje minst kom dei mange fattige og vanskelegstilte til  gode. Moscatis arbeid som lege var heile tida næra av eit rikt indre liv, han gjekk til messe og mottok kommunion dagleg og trakk seg ofte tilbake i bøn.

Kanskje brann han sitt lys i begge endar ? 12. mars om ettermiddagen følte han seg uvel mellom to konsultasjonar, og gjekk inn på kontoret for å slappa av. Her vart han funnen død sitjande i ein stol kort tid etter. Han vart berre 47 år gammal. Ei stor folkemengde følgde den populære legen til grava, og han fekk etter kort tid ry som ein heilag person. Saligkåringsprosessen vart sett i gong i 1949 og den enda opp i at han vart erklært som helgen  av pave Johannes Paul i 1987.

Josef Moscati er ein helgen for vår tid. Han viste på eksemplarisk vis at det går an å kombinera  ei grunnfesta kristen tru og eit rikt indre liv  med både eit oppofrande arbeid for andre og vitskapeleg arbeid.





 "Only one science is unshakeable and unshaken, the one revealed by God, the science of the hereafter! In all your works, look to Heaven, to the eternity of life and of the soul, and orient yourself then much differently from the way that merely human considerations might suggest, and your activity will be inspired for the good."

(Josef Moscati i eit brev til ein kollega)


onsdag 10. april 2019

Er livet ei bølge av undring ?

Er livet ei bølge av undring ?

Vi kjenner pave Johannes Paul II – Karol Wojtyla som teolog, prest,biskop og pave, men han hadde og andre sider som ikkje er så godt kjent. Karol Wojtyla hadde  eit rikt indre liv, han var poet og utan tvil mystiker, sånn sett ein etterfølgjar av sitt førebilete og store inspirator Johannes av Korset.
Som ung mann vart han under krigen introdusert for Johannes av Korset sine skrifter  av skreddaren og mystikaren Jan Tyranowski ( er det tilfeldig at vi finn store mystikarar blant skomakarar og skreddarar ?)
Seinare fordjupa han seg i Johannes teologi og skreiv si doktoravhandling om han. Den unge Karol Wojtyla tenkte nok på på å bli karmelitt, men hans overordna såg at han  var meint for større oppgåver! Men den mystiske fordjupinga følgde han resten av livet.

Mystikken avspeglar seg i Karol Wojtylas poesi. Eg siterar her vers 10 av det lange diktet «Strender fulle av stillhet» som eit døme på dette.

« For denne stund, så full av selsom død,
flytende hen i evigheter uten ende,
for den fjerne hetes berøring,
der hvor den dype have visner,

for dette har de smeltet sammen, stunden og evigheten,
dråpen har oppslukt havet -
solens stillhet senker seg
i dypet av denne strøm.

Er livet en bølge av undring,
en bølge høyere enn døden ?
Stillhetens bunn, buktens speil -
menneskets ensomme bryst.
Når du seiler til himmelen derfra,
og bøyer deg ut fra båten:
da blander de seg, barnets
babling – og forundringen.»


Undringa som er porten til alle mystikk og som alltid er større enn døden !






tirsdag 2. april 2019

Poetica: Ei lykt for din fot


Ei lykt for din fot

Han snur seg mot oss og peikar ut retninga handa er regnvåt og bleik vi rettar blikket mot den andre sida der er så vidt vi kan skimta stien som snor seg gjennom tett kratt innunder lauvtunge trekruner og vidare opp fjellsida i det fjerne. Det er ikkje den kortaste vegen men kanskje den sikraste litt nølande gjev vi oss i veg orda har vi alt pakka ned vasstett og sikkert dei må for all del ikkje sårast av gløymsla. Regnet fell lett på vassflata når vi vassar i land på den andre breidda og ser at stien ikkje er så lett å finna som vi først hadde trudd i skumringa blir vi trøande fram og attende usikre og drøymande. Ta orda fram av sekken lat dei bli ei lykt for din fot ei leiestjerne gjennom nattemørkret ditt heile vegen fram og trygt attende om du trass alt vel å snu.