mandag 27. januar 2020

Auschwitz 75 år

Det er i dag 75 år sidan konsentrasjonsleiren Auschwitz vart frigjort av styrkar frå Den raude arme.
Nazistane hadde alt forlete leiren og teke med seg dei av fangane som var oppegåande  på ein dødsmarsj mot vest. Då russarane kom til leiren var det likevel vel 7000 utsvelta og utpinte fangar igjen. Vel 200 hundre av desse overlevarane var tilstades på dagens gripande sermoni i fangeleiren sendt direkte på BBC. Mange statsleiarar og politikarar var og tilstades mellom dei statsminister Erna Solberg og kronprins Haakon. Talar, vitenesbyrd, musikk og lystenning framfor minnesmerket gjorde dette til ei sterk oppleving for alle som var tilstades og alle som følgde det via fjernsyn.
I ei tid med aukende rasisme, antisemittisme og framandhat er denne markeringa viktigare enn på lenge. Aldri gløyme for at det ikkje skal skje igjen, for det kan det. Fleire av tidsvitna understreka dette.

Vi vitja Auschwitz - Birkenau ein kald og regnfylt aprildag for snart tre år sidan. Det var ei viktig men ubehagelege oppleving slik det er for alle som kjem der. Det er så synleg og konkret men samstundese så uverkeleg.  Her vart altså over ein million menneske teke livet av på ein brutal og systematisk måte i løpet av eit par år på byrjinga av 1940 talet, for 75-80 år sidan, ikkje for 500 eller 1000 år sidan ! Dei fleste var jødar, men og mange romfolk, funksjonshemma og homofile. I 1939 budde det omlag ti millionar jødar i Europa, i 1945 var seksti prosent teke livet av, dei fleste polske.  767 norske jødar vart sendt til Auschwitz, berre 32 overlevde, den siste overlevande Samuel Steinmann døydde i 2015. 66 norske romfolk vart deportert, berre fire overlevde.

Store forfattarar som Primo Levi, Elie Wiesel og Paul Celan har prøvd å setja ord på opplevinga sine. For mange vart minna for tunge og dei valde som Paul Celan (1920-70) å gå ut av dette livet.

" Ospetre, i mørket blinker løvet ditt hvitt.
Min mors hår ble aldri hvitt.

Løvetann, Ukraina er så grønt.
Min blonde mor kom ikke hjem.

Regnsky, nøler du ved brønnkanten?
Min tause mor gråter for alle.

Runde stjerne, du slynger den gylne sløyfen.
Min mors hjerte ble såret av bly.

Eikedør, hvem løfter deg av hengslene ?
Min milde mor kan ikke komme."

(Paul Celans dikt Ospetre . Begge foreldrene vart drepne av nazistane i 1943))







søndag 19. januar 2020

Seksti

Tale ved fylte seksti år.


Berre seksti eit tal ikkje meir enn det seier vi som har klart oss vel forbi og ikkje let oss skremma av neste milepæl. Dei som akkurat forlet startgropa vil seia at vi er på oppløpssida nesten på målstreken men alternativet  er dårleg og ein treng iallfall ikkje vera redd for å døy ung ! Seksti kan delast på to,tre, fem, ti,tjue, tredve og seksti, det blir korte og lange sprang og kanskje opplever vi det slik for tida går i rykk og napp og minnet er ein lunefull assistent og det meste er borte (heldigvis?) kanskje det vakraste  og  mest sorgtyngde ligg att ?
Men skulle det verkeleg gå så fort ? Det var då så seint som i går vi var femti, førti eller trettito? I boka «Morgon og kveld» let Jon Fosse fiskaren Johannes liv frå fødsel til død utspela seg gjennom ein dag, og kanskje er det slik vi av og til opplever det som når min bestefar på 102 seier at det var då ikkje lenge sidan han sprang  som oldebarnet på fem!

«Plutselig kan du gripe deg i å springe barføtt i graset og hoppe i kåte sprett over barndommens muntre vårbekker skjønt du i virkeligheten sitter på en stein og støtter haken til krokstaven og kjenner slitasjegikta rive i gamle, stabbetunge bein.» (Hans Børli)

Du er sju år og ein dag strekk seg ut i det uendelege særleg dei keisame, eit år er som eit hav av tid. Ikke så rart når eit år fyller så stor del av det korte livet ditt Når du er sju år med sol og vind i håret, berrføtt med skrubbsår sommar utan ende ved sjøen du er så glad i sømjetak mot solvarme svaberg og  båten på vassflata mot horisonten som strekk seg like inn til dagen i dag .

«The body I once lived in was smaller stood at the top of the stairs and waved good night. It wore pajamas that had feet.» (Joyce Sutphen)

skriv ein av mine amerikanske poesivener Men kroppen er ikkje berre mindre det er ein annan kropp med andre atom, andre molekyl alt er skifta ut fleire gonger vi er noko fundamentalt anna enn det vi eingong var. Vi merkar ikkje så mykje til det men vi trur noko er teke vare på utanom kropp og tid. Alle augneblinkar som er plukka opp, konservert og rørt ut med sukker lagt ned på krukker og glas lagra i matkjellaren. Ein dag har dei modnast og kan takast opp det trengs ikkje sterk motivasjon for det eit ord, eit bilete, litt av ein melodi, ein smak eller svak lukt,
-julafta med familien for lenge sidan
-klassen i 17. toget -«The summer I went swimming»

«This summer I went swimming/ This summer I might have drowned/ but I held my breath and kicked my feet/ And I moved my arms around/ moved my arms around»(Kate and Ann Mc Garrigle.)

-Våren du lærte å balansera sykkelen -mors hand den første skuledagen -den første forelskinga -med ein nyfødt baby i armane

«Fylt av glede over livets under med et nyfødt barn i våre hender kommer vi til deg som gav oss livet kommer vi til deg som gav oss livet» (Svein Ellingsen)

Og så dette uklåre frå den djupe barndomsnatta: lyset som fell skrått gjennom gardinene,solskinn ute,fuglesong og blomelukta som opnar mot ein ukjent scene, ei verd vi eingong kjente.
Seksti år og vi må vedgå at vi har ei større fortid enn framtid iallfall statistisk sett. Men kanskje er det ikkje så vanskeleg vi er ikkje åleine, mange har gått løypa før.

«Folk jeg var glad i har gått foran og kvistet løype. De var skogskarer og fjellvante. Jeg finner nok fram.» (Kolbein Falkeid)

Og så har vi så mange gode stunder  til gode sjølv om dei  kanskje ikkje er så intense og sanselege som dei frå dei første åra ? Vent litt av og til er dei det, som på bilete frå sist julefering med to barnebarn på fanget!                   
Dei små gleder som blir store !

Glede

Desemberklår ettermiddag med blank is og nye skeiser til jul gled deg du vesle jente med strålande auge og dei første famlande taka gled dykk de som står rundt for lyset er nær og morgondisen skal løftast av englehender slik at de kan stiga inn i morgondagen og gå gjennom det stille umåla året på solgylte stiar.


mandag 13. januar 2020

Det andre namnet

"Det andre namnet" er tittelen på forfattaren Jon Fosses store romanverk i sju delar (septologi) Dei to første delane kom i eit bind i fjor haust, og har fått svært god mottaking av mange kritikarar. Jon Fosse har dei siste åra markert seg som ein av våre meste kreative og orginale forfattarar, han debuterte med ein roman, skreiv seinare essay og  vakker poesi, hans dramatikk blir spelt over heile verda, men no er han tilbake i romanforma igjen. Den språklege forma er den same og lett å kjenna igjen, det er eit enkelt daglegdags språk, suggererande med stadige  gjentakingar, i den nye romanen flyt det i ein jamn straum utan punktum, av og til forsvinn komma og orda flyt saman til ein lang setning. Sjølv om Fosse er lett å forstå reint språkleg er tekstane mangetydige og ikkje så lett å forstå dersom ein ikkje er van med hans litterære univers. Det er ein kontinuitet i det han skriv og ein har ofte kjensla av å tidlegare ha møtt hans oppdikta persongalleri. Jon Fosse er mystikar og diktinga hans er metafysisk, dette kjem ikkje minst fram i "Det andre namnet" der hovudpersonen Asle som har konvertert til katolisismen, stadig reflekterar over dei store spørsmål i tilveret, ikkje minst spøsrmålet om Guds eksistens, " ...for Gud berre er, han, finst ikkje..."

Hovudpersonen Asle er kunstmålar, han er enkemann, og han savnar sterkt  Ales som døydde for nokre år sidan .Han bur åleine  på den vesle plassen Dylgja nord for  Bjørgvin.  Han har lite kontakt med andre botsett frå naboen Åsleik som og lever åleine. Åsleik brøytar vegen og kjem med pinnekjøt og lutefisk til Asle, som motyting får han bilete som han kan gje som julegåve til søstera.
Asle dreg inn til Bjørgvin for å handla og stilla ut bilete hos Galleri Beyer. Han ser og til namnebroren Asle som er alkoholikar og blir funne i ein forkomen tilstand og lagt inn på sjukehuset. Asle må ta seg av hunden til den sjuke og alkoholisert Asle, det gjer han med stor glede. Dette er i korte drag  den ytre handlinga i den første del av boka, men her er likevel så mykje meir, ikkje minst Asles refleksjonar over kunsten, livet og døden, møte med dei grunnleggjande elementa i tilveret. Det dukkar opp bipersonar av symbolsk karakter, Guro, ei kvinne i Bjørgvin som Asle har kjent før, eit ungt forelska par han ser på vegen heim. Dei kan vera eit bilete på Asle og Ales kjærleik,men det får og eit perspektiv utover det jordiske? Lyset og mørke er sentrale symbol, ikkje minst det lysande mørkre som han prøver å få fram i kunsten sin. "... ja det er frå Guds mørker at lyset kjem, det usynlege lyset..."

I andre del av boka får vi eit tilbakeblikk på barndomen, der Asle og søstera går langs stranda i bygda heime, dei har ikkje lov til det og er redde for kva mor kjem til å seia. Det er ei varm og vakker skildring, men vi får og kjensla av noko uhyggeleg og trugande. Det kjem mot slutten, ei tragisk drukningsulukke og seinare eit seksuelt overgrep. Er det noko av det mørke Asle ber på, både den alkholisert og tørrlagt Asle som kanskje er ein og same  person ?
Så munnar boka ut i at Asle sit og stryk over hunden Brage, så resiterar han Fader Vår og Salve Regina på latin. Det er roande dette tillitsfulle dyret og desse bønene som har blitt bore fram i hundreår etter hundreår før oss. Vi ser fram til fortsetjinga 1


" ... men kanskje er det ikkje så enkelt heller, for livet er ikkje til å skjøna seg på, og det er ikkje døden heller, likevel er på ein annan måte sett og på forunderleg vis både døden og livet til å skjøna, om ikkje med tanken så skjønar lyset det..."






tirsdag 7. januar 2020

Epifani

6. januar feirar vi Epifani . Epifania domini - Herrens openberring. Ordet tyder "openberring" eller "lysande" og i det religiøse språket er det uttrykk for soloppgang eller vitjinga til ein herskar.
Feiringa  er eldre enn julefeiringa og vart sannsynlegvis markert alt på 100 talet.
Dei tre vise menn , stjernetydarar eller kongar kjem for å hylla Jesusbarnet og vi kan sjå det som eit bilete på at bodskapen skal nå ut til alle folkeslag.


Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem  2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»  3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.  4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.  5 «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
          
   
  6  Du Betlehem i Juda land,
           blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
           For frå deg skal det koma ein fyrste,
           ein hyrding for mitt folk Israel.»
 7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.  8 Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»  9 Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10 Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. 11 Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. 12 Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.